1 Chronicles 11

Då kom heile Israel i hop hjå David i Hebron og sagde: «Du veit me og du er same folket. Alt longe sidan, då Saul endå var konge, var du den som førde Israel. Og til deg hev Herren din Gud, sagt: «Du skal vera ein hyrding for Israel, folket mitt, ja, du skal vera ein hovding yver mitt folk Israel.»» Då so alle styresmennerne i Israel kom til kongen i Hebron, gjorde David eit samband med deim der i Hebron for Herrens åsyn, og sidan salva dei David til konge yver Israel, etter Herrens ord gjenom Samuel. Og David for med heile Israel til Jerusalem, det er Jebus; der var jebusitarne, som endå var att i landet. Og Jebus-buarne sagde til David: «Du kjem ikkje inn her.» Men David tok like vel Sionsborgi, det er Davidsbyen. Og David sagde: «Den som fyrst drep ein jebusit, kven det so er, han skal verta hovding og herførar.» Og Joab, son åt Seruja, kom fyrst upp, og vart då hovding. Sidan sette David seg til i borgi; difor kalla dei henne Davidsbyen. Og han bygde byen rundt umkring, frå Millo og heilt ikring, og Joab bygde upp att det andre av byen. Og Davids velde auka Davids velde stødt og stendigt, og Herren, allhers drott, var med honom. 10 Og dette er dei gjævaste kjemporne hans David, som gav honom kraftig hjelp, i lag med heile Israel, til å verta konge, til å gjeva honom kongedømet hans, etter Herrens ord um Israel. 11 Dette er talet på kjemporne hans David: Jasobam, son til hakmoniføraren for kjemporne; han svinga spjotet sitt yver tri hundrad, som vart drepne i ein gong. 12 Og etter han kom Eleazar, son åt Dodo, ahohiten; han var ein av dei tri kjemporne. 13 Han var med David i Pas-Dammim, då filistarane hadde kome saman til strid, og der var ein åkerlapp fullgrodd med bygg; og folket rømde for filistarane. 14 Då stødte dei seg upp midt på åkerleppen og varde honom og hogg ned filistarane, og Herren gav deim soleis ein stor siger. 15 Ein gong for tri av dei tretti hovdingarne nedetter berget til David ved Adullams-helleren, medan ein flokk med filistar hadde lægra seg i Refa’imsdalen. 16 Men David var den gongen i borgi, og ein av filistarvaktpost var då i Betlehem. 17 Då fekk David brått ein sterk hug og sagde: «Å um einkvan vilde gjeva meg vatn å drikka utor brunnen som er attmed porten i Betlehem!» 18 Då slo dei tri seg gjenom filistarlægret og auste vatn utor brunnen ved porten i Betlehem, og tok og bar det åt David. Men David vilde ikkje drikka det, men helte det ut for Herren. 19 For han sagde: «Gud late det aldri koma i mine tankar at eg skulde gjera slikt! Skulde eg drikka blodet av desse mennerne som hev våga livet? For med livs vågnad hev dei bore det hit.» Han vilde ikkje drikka det. Dette hadde dei tri kjemporne gjort. 20 Absai, bror hans Joab, var føraren for dei tri; han svinga spjotet sitt yver tri hundrad, som vart drepne. Og han var namngjeten millom dei tri. 21 Han var ein gong til so mykje vyrd som nokon annan i dette tritalet, og han var hovdingen deira; men endå nådde han ikkje upp til dei tri fyrste. 22 Benaja, son hans Jojada, som var son åt ein djerv og dådrik mann frå Kabse’el, han drap dei tvo Arielarne i Moab, og det var han som steig ned i brunnen ein snøversdag og slo i hel ei løva der. 23 Han felte og den risestore egyptaren som var fem alner høg. Endå egyptaren hadde eit spjot i handi som liktest stor-riven i ein vev, so gjekk han imot honom, og hadde ikkje anna til verja enn staven sin. Og han rykte spjotet ut or handi på egyptaren og drap honom med hans eige spjot. 24 Dette hadde Benaja Jojadason gjort. Og han var namngjeten millom dei tri kjemporne. 25 Ja, han var meir vyrd enn nokon av dei tretti; men upp til dei tri fyrste nådde han ikkje. Og David sette honom til hovding yver livvakti si. 26 Dei djerve herkjemporne var desse: Asael, bror åt Joab, Elhanan, son åt Dodo, frå Betlehem. 27 Sammot, haroriten. Heles, peloniten, 28 Ira, son åt Ikkes, frå Tekoa, Abiezer frå Anatot, 29 husatiten Sibbekai, ahohiten Ilai, 30 Maharai frå Netofa, Heled, son åt Ba’ana, frå Netofa, 31 Itai, son åt Ribai, frå Gibea i Benjaminsfylket, Benaja frå Piraton, 32 Hurai frå Ga’asdalarne, Abiel frå Arba, 33 Azmavet frå Baharum, Eljahba, sa’alboniten, 34 Bene-Hasem, gizoniten, Jonatan, son åt Sage, harariten, 35 Ahiam, son åt Sakar, harariten, Elifal, son åt Ur, 36 Hefer, mekeratiten, Ahia, peloniten, 37 Hesro frå Karmel, Na’arai, son åt Ezbai, 38 Joel, bror åt Natan, Mibhar, son åt Hagri, 39 Selek, ammoniten, Nahrai frå Berot, våpnsvein åt Joab Serujason, 40 Ira frå Jeter, Gareb frå Jeter, 41 Uria, hetiten, Zabad, son åt Ahlai, 42 Adina, son åt Siza, rubeniten, ein hovding millom rubenitarne, og umfram honom tretti andre, 43 Hanan, son åt Ma’aka, og Josafat, mitniten, 44 Uzzia frå Astera, Sama og Je’uel, søner åt Hotam, aroeriten, 45 Jediael, son åt Simri, og Joha, bror hans, tisiten, 46 Eliel Hammahavim og Jeribai og Josavja, søner åt Elna’am, og Jitma, moabiten, 47 Eliel, Obed og Ja’asiel Hammesobaja.
Copyright information for NorSMB