1 Chronicles 15

Og han bygde seg hus i Davidsbyen, og sidan laga han til ein stad åt Guds kista og sette upp eit tjeld åt henne. Då baud David: «Ingen må bera Guds kista utan levitarne; for deim hev Herren valt ut til å bera Guds kista og til å tena honom» i all æva. Og David samla heile Israel Jerusalem; til å føra Herrens kista upp til den staden han hadde laga til åt henne. Og David stemnde i hop Arons-sønerne og levitarne: av Kehats-sønerne Uriel, hovdingen, og brørne hans, eit hundrad og tjuge; av Merari-sønerne Asaja, hovdingen, og brørne hans, tvo hundrad og tjuge; av Gersoms-sønerne Joel, hovdingen, og brørne hans, eit hundrad og tretti; av Elisafans-sønerne Semaja, hovdingen, og brørne hans, tvo hundrad; av Hebrons-sønerne Eliel, hovdingen, og brørne hans, åtteti; 10 av Uzziels-sønerne Amminadab, hovdingen, og brørne hans, eit hundrad og tolv. 11 Og David kalla åt seg prestarne Sadok og Abjatar og levitarne Uriel, Asaja og Joel, Semaja og Eliel og Amminadab. 12 Og han sagde til deim: «De er hovdingar for ættgreinerne i Levi. Helga dykk, de og brørne dykkar, og før so kista åt Herren, Israels Gud, upp til den staden som eg hev laga til åt henne! 13 Det var for di de ikkje var med fyrre gongen, at Herren, vår Gud, braut ned ein av oss, til straff for at me ikkje søkte honom som rett var.» 14 Då helga dei seg, prestarne og levitarne, so dei kunde føra upp kista åt Herren, Israels Gud. 15 Og levitsønerne bar Guds kista med stenger som låg på herdarne deira, soleis som Moses hadde sagt deim fyre etter Herrens ord. 16 Og David baud levithovdingarne at dei skulde stella brørne sine, songarane, fram med spel, harpor, cithrar og cymblar, som dei skulde låta på medan dei let gledesongen ljoma. 17 Levitarne sette då Heman Joelsson til dette, og av hans brør Asaf Berekjason, og av brørne deira, Merari-sønerne, Etan Kusajason, 18 og jamsides med deim brørne deira av andre rangen, Zakarja, Ben, Ja’aziel og Semiramot og Jehiel og Unni, Eliab og Benaja og Ma’aseja og Mattitja, Eliflehu og Mikneja og Obed-Edom og Je’iel, dørvaktarane. 19 Songarane Heman, Asaf og Etan skulde slå på koparcymblar. 20 Zakarja og Asiel og Semiramot og Jehiel og Unni og Eliab og Ma’aseja og Benaja skulde spela på harpor etter Alamot. 21 Mattitja og Eliflehu og Mikneja og Obed-Edom og Je’iel og Azazja skulde spela på cithrar etter Sjeminit. 22 Kenanja, som var førar for levitarne ved beringi; skulde læra deim å bera; for han var kunnig i slikt. 23 Berekja og Elkana skulde vera dørvaktarar ved kista. 24 Sebajna og Josafat og Netanel og Amasai og Zakarja og Benaja og Eliezer, prestarne, skulle blåsa i trompetar framfyre Guds kista. Og Obed-Edom og Jehia skulde vera dørvaktarar ved kista. 25 So gjekk David og dei øvste i Israel og yverhovudsmennerne av stad og skulde føra Herrens sambandskista med fagnad upp or huset åt Obed-Edom. 26 Og med di Gud verna levitarne som bar Herrens sambandskista, so ofra dei sju uksar og sju verar. 27 Og David gjekk då med ei kappa av fint linan, og like eins alle levitarne som bar kista, og songarane, og Kenanja, føraren for songarane ved beringi. Dessutan bar David ein linhakel. 28 Og heile Israel flutte Herrens sambandskista upp med fagnadrop og lurljom, og dei bles i trompetar og slo på cymblar let harpor og cithrar. 29 Då so Herrens sambandskista kom til Davidsbyen, såg Mikal, dotter åt Saul, ut gjenom vindauga, og då ho fekk auga på kong David, som hoppa og leika seg, vanvyrde ho honom i sitt hjarta.
Copyright information for NorSMB