1 Chronicles 16

Då dei hadde ført Guds kista inn, sette dei henne i tjeldet som David hadde sett upp åt henne; deretter bar dei fram brennoffer og takkoffer for Guds åsyn. Og då David hadde ofra brennofferet og takkofferet, velsigna han folket i Herrens namn. Og til kvar og ein av alle israelitarne, både kar og kvinna, skifte han ut ein brødleiv, eit stykke kjøt og ei rosinkaka. Og han sette sume levitar til å gjera tenesta framfor Herrens kista, at dei skulde prisa, takka og lova Herren, Israels Gud. Asaf var den fremste, og Zakarja næst etter honom, og so Je’iel, Semiramot, Jehiel og Mattitja, Eliab, Benaja, Obed-Edom og Je’iel med harpor og cithrar, og Asaf skulde slå på cymblar. Men prestarne Benaja og Jahaziel skulde standa stendigt med trompetarne sine framfor Guds sambandskista. Den dagen var det at David fyrst fastsette den skipnaden at dei ved Asaf og brørne hans skulde prisa Herren på denne visi: «Prisa Herren, kalla på hans namn! Forkynn millom folkeslagi hans storverk! Syng for honom, syng honom lov! Tala um alle hans under! 10 Rosa dykk av hans heilage namn, hjarta glede seg hjå deim som søkjer Herren! 11 Spør etter Herren og hans magt, søk hans åsyn alltid! 12 Kom i hug hans under som han hev gjort, hans undergjerningar og domsordi frå hans munn, 13 de etterkomarar av Israel, hans tenar, søner åt Jakob, hans utvalde. 14 Han er Herren, vår Gud; yver all jordi gjeng hans domar. 15 Kom æveleg i hug hans pakt, det ord han sette fast for tusund ætter, 16 den pakt han gjorde med Abraham, og hans eid til Isak! 17 Han gjorde det til ein rett for Jakob, for Israel til ein æveleg pakt, 18 med di han sagde: «Deg vil eg gjeva Kana’ans land til arvlut,» 19 då de var ein liten flokk, få og framande der. 20 Og dei vandra frå folk til folk, frå eitt rike til eit anna folk. 21 Han let ikkje nokon få gjera valdsverk mot deim, og han refste kongar for deira skuld: 22 «Rør ikkje deim eg hev salva, og gjer ikkje vondt med mine profetar!» 23 Syng for Herren, all jordi! Forkynn frå dag til dag hans frelsa! 24 Fortel millom heidningar hans æra, millom alle folkeslag hans under! 25 For Herren er stor og mykje lovsungen, og skræmeleg er han framfor alle gudar. 26 For alle gudar hjå folki er avgudar; men Herren hev gjort himmelen. 27 Høgd og herlegdom er for hans åsyn, styrke og gleda er på hans stad. 28 Gjev Herren, de folkeætter, gjev Herren æra og magt! 29 Gjev Herren hans namns æra, tak gåvor med og kom for hans åsyn, tilbed Herren i heilagt skrud! 30 Skjelv for hans åsyn, all jordi! Jordriket stend fast; det let seg ikkje rikka. 31 Himmelen glede seg, og jordi fagne seg, og dei skal segja millom heidningarne: «Herren er konge.» 32 Havet dure og alt som i det er! Marki frygde seg og alt det som på marki er! 33 Då fegnast trei i skogen for Herrens åsyn; for han kjem og skal døma jordi. 34 Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn! 35 Og seg: «Frels oss, du vår Frelse-Gud, og samla oss og fria oss ut frå heidningarne, so me kann prisa ditt heilage namn, rosa oss av ditt lov!» 36 Lova vere Herren, Israels Gud, frå æva og til æva!» Og alt folket sagde amen og lova Herren. 37 Og der, framfor Herrens sambandskista, gav han Asaf og brørne hans det yrket, at dei stendigt skulde gjera tenesta framfor kista, soleis som det var fastsett for kvar dag. 38 Men Obed-Edom og brørne deira var åtte og seksti i tal, og Obed-Edom Jeditunsson og Hosa sette han til dørvaktarar. 39 Og pesten Sadok og brørne hans, prestarne, sette han framfor Herrens hus på offerhaugen i Gibeon, 40 at dei stendigt skulde ofra åt Herren brennoffer på brennofferaltaret, morgon og kveld, og gjera alt det som var fyresagt i Herrens lov, som han hadde sett for Israel. 41 Og i lag med deim var Heman og Jedutun og dei andre utvalde som var nemnde, at dei skulde lova Herren, av di hans miskunn varer æveleg. 42 Og trompetarne og cymblarne åt spelemennerne vart gøymde hjå Heman og Jedutun, og like eins andre spelgogner som høyrde gudstenesta til. Og Jedutuns-sønerne gjorde han til dørvaktarar. 43 Deretter gjekk heile lyden heim, kvar til sitt; men David snudde heim att, vilde helsa på husfolket sitt.
Copyright information for NorSMB