1 Chronicles 17

Ein gong David sat i huset sitt, sagde David til profeten Natan: «Sjå, eg bur i eit hus av cedertre, medan Herrens sambandskista stend under eit tjeld!» Natan sagde til David: «Gjer alt det som du hev i hugen; for Gud er med deg.» Men natti etterpå kom Guds ord til Natan soleis: «Gakk og seg til David, tenaren min: «So segjer Herren: Ikkje skal du byggja meg det huset eg skal bu i. For eg hev då ikkje butt i noko hus, alt frå den dagen då eg førde Israel upp hit, og til denne dag, anna eg hev flutt frå tjeld til tjeld, frå hus til hus. I all den tidi eg hev fare ikring med heile Israel - hev eg då nokosinne tala so til nokon Israels domarar som eg sette til hyrding for folket mitt: «Kvi hev de ikkje bygt meg eit hus av cedertre?»» Og no skal du segja so til David, tenaren min: «So segjer Herren, allhers drott: Frå buhagen, der du fylgte sauerne, hev eg teke deg til fyrste yver Israel, folket mitt. Og eg hev vore med deg på alle dine vegar og rudt ut alle fiendarne dine for deg. Og eg vil gjeva deg eit namn liksom namnet åt dei største menner på jordi. Og eg skal reida ein heimstad åt Israel, folket mitt, og planta det so det kann verta buande der, og ikkje verta uroa meir. Valdsmenner skal ikkje meir øyda det, so som i gamle dagar, 10 alt ifrå den tidi då eg sette domarar yver mitt folk Israel; og eg skal mykja upp alle fiendarne dine. So gjer eg no det kunnigt for deg, at Herren skal byggja deg eit hus. 11 Når di æva er all, og du gjeng til federne dine, då skal eg reisa upp avkjømet ditt etter deg, ein av sønerne dine, og eg skal grunnfesta kongedømet hans. 12 Han skal byggja eit hus åt meg; og eg skal grunnfesta kongsstolen hans til æveleg tid. 13 Eg skal vera far hans, og han skal vera son min, og mi miskunn skal eg ikkje taka frå honom, liksom eg tok henne frå fyremannen din. 14 Og skal halda honom uppe i mitt hus og i mitt rike i all æva, og kongsstolen hans skal vera grunnfest i all æva.»» 15 Heilt i samhøve med desse ordi og med denne syni tala då Natan til David. 16 Då gjekk kong David inn og sette seg ned for Herrens åsyn og sagde: «Kven er eg, Herre Gud, og kva er huset mitt, at du hev ført meg hit? 17 Og endå er det for lite i dine augo, Gud, du hev gjeve lovnader til huset åt tenaren um det som ligg langt fram i tidi. Ja, du hev set til meg på mannevis, so du kunde upphøgja meg, Herre Gud. 18 Kva skal no David meir segja til deg um den æra du hev gjort tenaren din? Du kjenner då tenaren din. 19 Herre, for din tenar skuld og etter ditt hjarta hev du gjort alt dette store, og kunngjort alle desse store ting. 20 Herre, ingen er som du, og det er ingen Gud utan du, etter alt det me hev høyrt med øyro våre. 21 Og kvar finst det på jordi eit einaste folk maken til ditt folk Israel, som Gud sjølv gjekk av og løyste til si eigen lyd, til eit stort og øgjelegt namn åt deg, med di du dreiv ut heidningarne for folket ditt, som du hadde fria ut or Egyptarland. 22 Og du hev gjort ditt folk Israel til eit folk åt deg for all æva, og du, Herre, hev vorte deira Gud. 23 So lat då, Herre, det standa ved lag i all æva, som du hev tala um tenaren din og hans hus; gjer so som du hev sagt! 24 Då skal namnet ditt haldast for traust og verta stort til æveleg tid, so dei skal segja: «Herren, allhers drott, Israels Gud, er Gud yver Israel.» Og då skal huset åt David, tenaren din, standa stødt for di åsyn. 25 For du, min Gud, hev openberra for tenaren din at du skal byggja honom eit hus; difor hev tenaren din våga seg til å bera denne bøni fram for deg. 26 Og no, Herre, du er Gud, og etter di du hev lova tenaren din denne gode ting, 27 so lat det no og tekkjast deg å velsigna huset åt tenaren din, so det vart verande æveleg for di åsyn. For det som du, Herre, velsignar, det er velsigna i all æva.»
Copyright information for NorSMB