1 Chronicles 18

Ei tid etter dette vann David yverpå filistarane og lagde deim under seg, og han tok då Gat og dei bygderne som låg ikring or henderne på filistarane. Han vann og yver moabitar, og so vart dei tenarar åt David og lagde skatt til honom. Like eins vann David på Hadarezer, kongen i Soba, ved Hamat, då han hadde fare av stad og skulde tryggja magti si ved elvi Frat. Og David tok ifrå honom eit tusund vognhestar og sju tusund hestfolk og tjuge tusund mann fotfolk. Og David let skjera av hasarne på alle vognhestarne og sparde berre eit hundrad hestar. Og då syrarane frå Damaskus kom og skulde hjelpa Hadarezer, kongen i Soba, slo David tvo og tjuge tusund mann av syrarane. Og David sette inn hervakter millom syrarane i Damaskus, og syrarane vart tenarar åt David og lagde skatt til honom. Soleis gav Herren David siger kvar helst han drog fram. Og David tok dei gullskjoldarne som tenarane hans Hadarezer hadde bore, og førde deim til Jerusalem. Og frå Tibhat og Kun, byarne hans Hadarezer, tok David kopar i stor mengd; av det gjorde Salomo koparhavet, sulorne og koparkjeraldi. Då so To’u, kongen i Hamat, høyrde at David hadde slege heile heren hans Hadarezer, kongen i Soba, 10 sende han son sin, Hadoram, til kong David, at han skulde helsa på honom og ynskja honom til lukke med krigen mot Hadarezer og med sigeren yver kongen; for Hadarezer hadde jamt havt ufred med To’u. Han sende og alle slag kjerald av gull, sylv og kopar. 11 Deim og vigde kong David til Herren, sameleis som det med det sylvet og gullet han hadde ført heim frå alle andre folk: frå edomitarne, moabiterne, Ammons-sønerne, filistarane og amalekitarne. 12 Og Absai Serujason som slo edomitarne i Saltdalen, attan tusund mann. 13 So sette han vakt i Edom, og alle edomitarne vart tenarar åt David. Soleis gav Herren David siger kvar helst han for fram. 14 David var no konge yver heile Israel, og han skipa lov og rett åt heile sitt folk. 15 Joab Serujason var øvste herhovding, og Josafat Ahiludsson var kanslar. 16 Sadok Ahitubsson og Abimelek Abjatarsson var prestar og Savsa riksskrivar, 17 Benaja Jojadason var hovding yver livvakti, men Davids søner var dei fyrste ved sida åt kongen.
Copyright information for NorSMB