1 Chronicles 20

Året etter ved det leitet kongarne plar fara i herferd, tok Joab ut med heren og herja landet åt Ammons-sønerne. Og han kom og kringsette Rabba, medan David vart verande i Jerusalem. Og Joab tok Rabba og øydela byen. Og David tok kruna av hovudet på kongen deira; og det vart røynt at ho vog vel tvo vågar gull, og ho var prydd med ein dyr stein. Ho vart no sett på hovudet åt David, og han førde nøgdi av herfang burt or byen. Og folket i byen førde han ut, og sette deim ved sagerne og treskjevalsarne av jarn og øksarne. Soleis for David åt med alle ammonitbyarne. So snudde David og alt folket heim att til Jerusalem. Sidan vart det ein strid med filistarane ved Gezer; då vann husatiten Sibbekai yver Sippai, ein av Rafa-ætlingarne; so vart dei kua. Sidan vart det ein ny strid med filistarane på nytt lag; Elhanan Ja’irsson hogg då ned Lahmi, bror åt Goliat frå Gat, som hadde eit spjotskaft som stor-riven på ein vev. So stod det ein strid ved Gat. Der var det ein risestor mann, som hadde seks fingrar og seks tær, fire og tjuge i alt; han og var ætta frå rafa’itarne. Han hædde Israel; men Jonatan, son åt Simea, som var bror åt David, drap honom. Desse var ætta frå Rafa i Gat, og dei fall for David og tenarane hans.
Copyright information for NorSMB