1 Chronicles 27

Og dette er Israels-sønerne, etter talet deira, med ættarhovdingarne og med herhovdingar yver tusund og hundrad og tilsynsmennerne deira, som tente kongen i alt som vedkom herflokkarne; dei herflokkarne gjekk inn og gjekk ifrå for til skiftes kvar månad i året, og kvar flokk var fire og tjuge tusund mann sterk. Yver den fyrste skiftet, for den fyrste månaden, stod Jasobam Zabdielsson; og i hans skift var det fire og tjuge tusund mann. Han var av Peres-sønerne og var hovding for alle hovudsmennerne den fyrste månaden. Yver det andre månadsskiftet, stod Dodai, ahohiten; der var og fyrsten Miklot. Og i skiftet hans var fire og tjuge tusund. Tridje herhovdingen, for den tridje månaden, var Benaja, son åt presten Jojada, yverhovding. Og i skiftet hans var fire og tjuge tusund. Denne Benaja var ei kjempa millom dei tretti, og hovding for dei tretti. Og i hans skift var Ammizabad, son hans. Den fjorde, som gjorde tenesta den fjorde månaden, var Asael, bror åt Joab, og etter honom Zebadja, son hans. Og i skiftet hans var fire og tjuge tusund. Den femte, for den femte månaden, var Samhut, jizrahiten. Og i skiftet hans var fire og tjuge tusund. Den sette, for den sette månaden, var Ira Ikkesson, frå Tekoa. Og i skiftet hans var fire og tjuge tusund. 10 Den sjuande, for den sjuande månaden, var peloniten Heles, av Efraims-sønerne. Og i skiftet hans var fire og tjuge tusund. 11 Den åttande, for den åttande månaden, var husatiten Sibbekai, som høyrde til zerahitarne. Og i skiftet hans var fire og tjuge tusund. 12 Den niande, for den niande månaden, var Abiezer frå Anatot, av Benjamins-ætti. Og i skiftet hans var fire og tjuge tusund. 13 Den tiande, for den tiande månaden, var Maharai frå Netofa, som høyrde til zerahitarne. Og i skiftet hans var fire og tjuge tusund. 14 Den ellevte, for den ellevte månaden, var Benaja frå Piraton, av Efraims-sønerne. Og i skiftet hans var fire og tjuge tusund. 15 Den tolvte, for den tolvte månaden, var Heldai frå Netofa, av Otniels-ætti. Og i skiftet hans var fire og tjuge tusund. 16 Og dette er ættarhovdingarne yver Israel: Jarlen for rubenitarne var Eliezer Zikrison, for simeonitarne Sefatja Ma’akason; 17 for Levi Hasabja Kemuelsson, for Arons-ætti Sadok, 18 hjå Juda Elihu, ein av David brør, for Issakar Omri Mikaelsson, 19 for Sebulon Jismaja Obadjason, for Naftali Jerimot Azrielsson 20 for Efraims-sønerne Hosea Azazjason, for den halve Manasse-ætti Joel Pedajason, 21 for den halve Manasse-ætti i Gilead Jiddo Zakarjason, for Benjamin Ja’asiel Abnersson, 22 for Dan Azarel Jerohamson. Dette var ættarhovdingarne i Israel. 23 Men David tok ikkje tal på deim som var yngre enn tjuge år; for Herren hadde sagt at han vilde auka Israel so dei vart mange som stjernorne på himmelen. 24 Joab Serujason tok til å telja, men fullførde det ikkje; for det kom vreide yver Israel for telgjingi skuld, og talet vart ikkje uppsett på nokor lista i kong Davids krønikebok. 25 Azmavet Adielsson hadde tilsyn med skattarne åt kongen, og Jonatan Uzziason med forrådi på marki, i byarne og bygderne og borgerne. 26 Og Ezri Kelubsson såg til med onne-arbeidarane, som dreiv med jordbruket. 27 Sime’i frå Rama vart sett yver vinhagarne, og Zabdi, sifmiten, yver vinforrådi i vinhagarne. 28 Ba’al-Hanan frå Gedera hadde tilsyn med oljeplantningarne og fiketrei i låglandet, og Joas med oljeforrådi, 29 og Sitrai frå Saron såg til med det storfeet som beitte i Saron, og Safat Adlaison med storfeet i dalarne, 30 ismaeliten Obil med kamelarne, Jehdeja frå Meronot med asnorne, 31 og hagariten Jaziz med småfeet. Alle desse var tilsynsmenner yver eigorne åt kong David. 32 Men Jonatan, farbror åt David, var rådgjevar; han var ein vitug og skriftlærd mann. Jehiel Hakmonison var hjå kongssønerne. 33 Ahitofel var rådgjevaren åt kongen, og Husai, arkiten, var kongens ven. 34 Etter Ahitofel kom Jojada Benajason og Abjatar. Og Joab var kongens herhovding.
Copyright information for NorSMB