1 Chronicles 29

Og kong David sagde til heile lyden: «Salomo, son min, den einaste Gud hev valt ut, er ung og kløkk, og arbeidet er stort; for denne borgi er ikkje etla til eit menneskje, men til Gud Herren. Men det meste eg hev kunna, hev eg, åt huset for min Gud, rådt meg gull til det som skal vera av gull, sylv til det som skal vera av sylv, kopar til det som skal vera av kopar, jarn til det som skal vera av jarn, og tre til det som skal vera av tre, dessutan sjohamsteinar og andre innfellingssteinar, svartblanke og brokute steinar, stutt sagt allskyns dyre steinar og marmorstein i mengd. Og etter di eg tykkjer um Guds hus, gjev eg dessutan det eg eig av gull og sylv til min Guds hus umfram alt det eg hev rådt meg åt det heilage huset, tri tusund talent gull, Ofir-gull, og sju tusund talent reinsa sylv, so dei kann klæda veggjerne i husi med det, og gjera alle dei ting som skal vera av gull, og deim som skal vera av sylv, ja, all slags arbeid som kunstmenner kann gjera. Vil då nokon annan no i dag godvilljugt fylla handi si med gåvor åt Herren?» Dei kom då friviljugt, hovdingarne for ættgreinerne og Israels ættarhovdingar, og hovdingarne yver tusund og yver hundrad og formennerne yver kongens arbeid. Og dei gav til arbeidet på Guds hus fem tusund talent og femti tusund dalar gull, ti tusund talent sylv, attan tusund talent kopar og eit hundrad tusund talent jarn. Og kvar og ein som hadde dyre steinar i sitt eige, gav deim til skatten i Herrens hus, som gersoniten Jehiel hadde i varveitsla. Og folket gledde seg yver at dei gav unøydde; for av heile sitt hjarta kom dei friviljugt med gåvorne sine åt Herren; kong David og gledde seg storom. 10 Og David lova Herren framfor heile lyden; David sagde: «Lova vere du, Herre, du Gud åt far vår Israel, frå æva til æva! 11 Deg, Herre, høyrer stordomen til og velde og æra og bragd og herlegdom, ja, alt som i himmelen og på jordi er; ditt er riket, Herre, og du hev hevja deg upp til eit hovud yver alt. 12 Rikdom og æra kjem frå deg, du råder yver alt, og i di hand er kraft og velde; det stend i di hand å gjera alt stort og sterkt. 13 So prisar me deg no, vår Gud, og lover ditt herlege namn. 14 For kven er eg, og kva er folket mitt, at me sjølve skulde evla å gjeva slike gåvor friviljugt? Nei, frå deg kjem alt, og or di hand hev me gjeve deg det. 15 For me er framande for di åsyn, og gjester som alle våre feder; som ein skugge er våre dagar på jordi, og utan von. 16 Herre, vår Gud, all denne midelen som me hev rådt oss, so me kunde byggja deg eit hus for det heilage namnet ditt - frå di hand er han komen, og ditt er alt i hop. 17 Og eg veit, min Gud, at du ransakar hjarto og hev hugnad i det som rett er. Med ærlegt hjarta hev eg bore fram alle desse gåvorne sjølvviljugt, og no hev eg set med gleda korleis folket ditt, som her stend, hev sjølvviljugt bore fram åt deg gåvorne sine. 18 Herre, Abrahams, Isaks og Israels Gud, fedreguden vår, lat hugen og tankarne hjå folket ditt allstødt vera viljuge til slike ting, og vend hjarto deira til deg! 19 Og gjev Salomo, son min, eit heilt hjarta til å fylja bodi, loverne og fyreskrifterne dine, og gjera alt dette, og byggja den borgi som eg hev gjort fyrebuingar til!» 20 So sagde David til heile lyden: «Lova Herren, dykkar Gud!» Og heile lyden lova Herren, fedreguden sin, og kasta seg ned å gruve for Herren og for kongen. 21 Og andre dagen slagta dei slagtoffer og ofra brennoffer åt Herren: tusund uksar, tusund verar og tusund lamb med dei drykkofferi som til høyrde, og ei stor mengd med slagtoffer for heile Israel. 22 Og dei åt og drakk for Herrens åsyn på den dagen med stor gleda. Og dei gjorde Salomo, son åt David, andre gongen til konge; dei salva honom til ein fyrste for Herren, og Sadok til prest. 23 Og Salomo konge sat då konge i Herrens kongsstol etter David, far sin, og var lukkeleg, og heile Israel lydde honom. 24 Og alle hovdingarne og kjemporne, og dessutan alle sønerne åt kong David gav seg under kong Salomo. 25 Og Herren gjorde Salomo ovleg stor for augo åt heile Israel og gav honom ein kongeleg herlegdom som ingen konge i Israel fyre honom hadde havt. 26 Men David, son åt Isai, hadde rådt yver heile Israel. 27 Den tidi han var konge yver Israel, var fyrti år; i Hebron styrde han i sju år, og i Jerusalem styrde han i tri og tretti år. 28 Og han døydde i ein god alderdom, mett av dagar og rikdom og æra. Og Salomo, son hans, vart konge i staden hans. 29 Og soga um kong David frå upphavet til enden, ho er uppskrivi i krønikeboki åt sjåaren Samuel, i krønikeboki åt profeten Natan og i krønikeboki åt sjåaren Gad. 30 Der er og fortalt um heile styringi hans, og um storverki hans, og den lagnad som kom yver honom og Israel og alle andre land og rike.
Copyright information for NorSMB