1 Chronicles 7

Og sønerne åt Issakar var Tola og Pua, Jasib og Simron, fire i talet. Sønerne hans Tola var Uzzi og Refaja, Jeriel, Jahmai, Jibsam og Samuel, hovdingar for ættgreinerne sine, som var ætta frå Tola, stridsføre hermenner, uppskrivne etter sine ætter. Talet på deim var i Davids tid tvo og tjuge tusund og seks hundrad. Sønerne åt Uzzi var Jizrahja, og sønerne åt Jisrahja var Mikael og Obadja og Joel og Jissia, ættarhovdingar alle fem. Og med deim fylgde herbudde flokker, seks og tretti tusund mann, etter sine ætter og ættgreiner; for dei hadde mange konor og born. Og frendarne deira i alle Issakars-ætterne var stridsføre hermenner; i alt var dei sju og åtteti tusund mann som var uppskrivne i ættarlista deira. Sønerne åt Benjamin var Bela og Beker og Jediael, tri i talet. Og sønerne hans Bela var Esbon og Uzzi, Uzziel, Jerimot og Iri, fem i talet, ættarhovdingar, stridsføre hermenner, og i ættarlista deira stod det tvo og tjuge tusund og fire og tretti. Sønerne hans Beker var Zemira og Joas, Eliezer og Eljoenai, Omri og Jeremot, Abia og Anatot og Alemet; dei var søner åt Beker alle i hop. I ættarlista deira etter ætterne, ættarhovdingarne og stridsføre hermenner, var dei tjuge tusund og tvo hundrad mann. 10 Sønerne åt Jediael var Bilhan, og sønerne hans Bilhan var Je’is og Benjamin og Ehud, Kena’ana og Zetan, Tarsis og Ahisahar. 11 Alle desse var søner åt Jediael, uppskrivne etter hovdingarne for ættgreinerne sine, stridsføre hermenner, syttan tusund og tvo hundrad våpnføre menner. 12 Og Suppim og Huppim var sønerne åt Ir. Men Husim var sønerne åt Aher. 13 Sønerne åt Naftali var Jahsiel, Guni, Jeser og Sallum, sønerne hennar Bilha. 14 Sønerne åt Manasse: Asriel som kvinna åtte; den syriske fylgjekona hans åtte Makir, far hans Gilead. 15 Og Makir tok ut kona åt Huppim og Suppim. Syster hans heitte Ma’aka. Og den andre heitte Selofhad. Og Selofhad hadde døtter. 16 Og Ma’aka, kona hans Makir, åtte ein son og gav honom namnet Peres, og hans bror heitte Seres. Sønerne hans var Ulam og Rekem. 17 Son åt Ulam var Bedan. Desse var søner åt Gilead, son åt Makir, son åt Manasse. 18 Og syster hans var Hammoleket; ho åtte Ishod og Abiezer og Mahla. 19 Og sønerne åt Semida var Ahjan og Sekem og Likhi og Aniam. 20 Og sønerne åt Efraim var Sutelah - hans son var Bered, hans son Tahat, hans son Elada, hans son Tahat, 21 hans son Zabad, og hans son Sutelah - og so Ezer og Elad. Og menner frå Gat, som var heimefolket der i landet, drap deim, for di dei hadde fare ned og vilde rana feet deira. 22 Då syrgde Efraim, far deira, i lang tid, og brørne hans kom og vilde trøysta honom. 23 Og han gjekk inn til kona si, og ho vart med barn og åtte ein son, som han kalla Beria, for di dette hende i ei ulukketid for huset hans. 24 Dotter hans var Se’era; ho bygde Nedre og Øvre Bet-Horon og Uzzen-Se’era. 25 Og son hans var Refa, og hans søner var Resef og Telah; hans son var Tahan, 26 hans son Ladan, hans son Ammihud, hans son Elisama, 27 hans son Non, hans son Josva. 28 Og odelslandet og bustaderne deira var Betel med bygderne ikring, og i aust Na’aran, i vest Gezer med bygderne ikring og Sikem med bygderne ikring alt til Gaza med bygderne ikring. 29 Men Manasse-sønerne hadde Bet-Sean med bygderne ikring, Ta’anak med bygderne ikring, Megiddo med bygderne ikring, Dor med bygderne ikring. I desse budde sønerne åt Josef Israelsson. 30 Sønerne åt Asser var Jimna og Jisva, Jisvi og Beria, og Serah var syster deira. 31 Sønerne åt Beria var Heber og Malkiel; han var far åt Birzait. 32 Og Heber fekk sonen til Jaflet, og Somer og Hotam, og Sua, syster deira. 33 Og sønerne hans Jaflet var Pasak og Bimhal og Asvat; desse var sønerne åt Jaflet. 34 Sønerne hans Semer var Ahi og Rohga, Jehubba og Aram. 35 Sønerne åt Helem, bror hans, var Sofah og Jimna og Seles og Amal. 36 Sønerne åt Sofah var Suah og Harnefer og Sual og Beri og Jimra, 37 Beser og Hod og Samma og Silsa og Jitran og Be’era. 38 Sønerne åt Jeter var Jefunne og Pispa og Ara. 39 Sønerne åt Ulla var Arah og Hanniel og Risja. 40 Alle desse var søner åt Asser, hovdingar for ættgreinerne sine, utvalde stridsføre hermenner, dei høgste hovdingarne; og dei som stod i ættarlista og var duglege hermenner, var seks og tjuge tusund i talet.
Copyright information for NorSMB