1 Chronicles 8

Og Benjamin fekk sonen Bela, som var eldst; Asbel var den andre og Ahrah den tridje, Noha den fjorde, og Rafa den femte. Bela hadde desse sønerne: Addar og Gera og Abihud og Abisua og Na’aman og Ahoah og Gera og Sefufan og Huram. Og desse var sønerne åt Ehud - og dei var ættarhovdingar for Geba-buarne som vart burtførde til Manahat, dit Na’aman og Ahia og Gera, førde deim -: han fekk sønerne Uzza og Ahihud. Og Saharajim fekk born i Moablandet etter han hadde sendt frå seg Husim og Ba’ara, konorne sine. Med Hodes, kona si, fekk han sønerne Jobab og Sibja, Mesa og Malkam 10 og Je’us og Sakja og Mirma; desse var sønerne hans, ættarhovdingar. 11 Med Husim hadde han fenge Abitub og Elpa’al. 12 Og sønerne hans Elpa’al var Eber og Misam og Semed. Det var han som bygde Ono og Lod og bygderne ikring - 13 og Beria og Sema var ættarhovdingarne for Ajjalon-buarne og dreiv burt Gat-buarne, 14 og Ahjo, Sasak og Jeremot 15 og Zebadja og Arad og Eder, 16 Mikael og Jispa og Joha var søner åt Beria. 17 Og Zebadja, Mesullam, Hizki, Heber, 18 Jismerai, Jizlia og Jobab var sønerne hans Elpa’al. 19 Og Jakim, Zikri, Zabdi, 20 Elienai og Silletai og Eliel, 21 Adaja, Beraja og Simrat var sønerne hans Sime’i. 22 Jispan, Eber, Eliel, 23 Abdon, Zikri, Hanan, 24 Hananja, Elam, Antotia, 25 Jifdeja og Penuel var sønerne hans Sasak. 26 Og Samserai, Seharja, Atalja, 27 Ja’aresja, Elia og Zikri var sønerne hans Jeroham. 28 Desse var hovdingar for ættgreiner, hovdingar etter si ætt; dei budde i Jerusalem. 29 I Gibeon budde far åt Gibeon, og kona hans heitte Ma’aka. 30 Og den fyrste son hans var Abdon; deretter Sur og Kis og Ba’al og Nadab 31 og Gedor, Ahjo og Zeker. 32 Men Miklot fekk sonen Simea. Dei og budde i lag med brørne sine i Jerusalem, midt fyre brørne sine. 33 Og Ner fekk sonen Kis, og Kis fekk sonen Saul, og Saul vart far åt Jonatan og Malkisua, Abinadab og Esba’al. 34 Son åt Jonatan heitte Meribba’al, og Meribba’al fekk sonen Mika. 35 Sønerne hans Mika var Piton, Melek, Tarea og Ahaz. 36 Ahaz fekk sonen Joadda, og Joadda fekk sønerne Alemet, Azmavet og Zimri, og Zimri var far åt Mosa. 37 Mosa vart far åt Bina. Hans son var Rafa; hans son var Elasa; hans son var Asel. 38 Og Asel hadde seks søner, og namni deira var Azrikam, Bokeru, Ismael, Searja, Obadja og Hanan. Alle desse var søner åt Asel. 39 Og sønerne åt Esek, bror hans, var Ulam, som var eldst, Je’us, den andre, og Elifelet, den tridje. 40 Og sønerne hans Ulam var stridsføre hermenner, som spente boge, og dei hadde mange søner og sonesøner, hundrad og femti i talet. Alle desse var Benjamins-søner.
Copyright information for NorSMB