1 Chronicles 9

Og heile Israel vart innførte i ættarlista, og no er dei uppskrivne i boki åt Israels-kongarne. Og Juda vart førd i utlægd til Babel for sin utruskap skuld. Men det fyrre landsfolket som budde på eigedomen sin, i byarne sine; var vanlege israelitar, prestar, levitar og tempelsveinar. I Jerusalem budde nokre av Juda-sønerne, av Benjamins-sønerne og av Efraims- og Manasse-sønerne; det var: Utai, son åt Ammihud, son åt Omri, son åt Imri, son åt Bani, av borni åt Peres Judason; av silonitarne: Asaja, den eldste, og sønerne hans; og av Zerahs-sønerne: Je’uel og brørne deira, seks hundrad og nitti; av Benjamins-sønerne: Sallu, son åt Mesullam, son åt Hodavja, son åt Hassenua, og Jibneja, son åt Jeroham, og Ela, son åt Uzzi, son åt Mikri, og Mesullam, son åt Sefatja, son åt Re’uel, son åt Jibnija, og brørne deira etter ætterne sine, ni hundrad og seks og femti. Alle desse mennerne var hovdingar for ættgreiner, kvar for si ættgrein. 10 Og av prestarne: Jedaja og Jojarib og Jakin 11 og Azarja, son åt Hilkia, son åt Mesullam, son åt Sadok, son åt Merajot, son åt Ahitub, hovdingen i Guds hus, 12 og Adaja, son åt Jeroham, son åt Pashur, son åt Malkia, og Masai, son åt Adiel, son åt Jahzera, son åt Mesullam, son åt Mesillemit, son åt Immer, 13 og brørne deira, hovdingar for ættgreinerne sine, eitt tusund og sju hundrad og seksti, dugande menner til å gjera tenesta i Guds hus. 14 Og av levitarne: Semaja, son åt Hassub, son åt Azrikam, son åt Hassabja, av Merari-sønerne, 15 og Bakbakkar, Heres og Galal og Mattanja, son åt Mika, son åt Zikri, son åt Asaf, 16 og Obadja, son åt Semaja, son åt Galal, son åt Jedutun, og Berekja, son åt Asa, son åt Elkana, som budde i netofatit-bygderne. 17 Og dørvaktarane: Sallum og Akkub og Talmon og Ahiman og brørne deira; Sallum var hovdingen. 18 Og endå vaktar dei kongeporten, på austsida. Desse var dørvaktarar i levitlægri. 19 Men Sallum, son åt Kore, son åt Ebjasaf, son åt Korah, og brørne hans som var av ættgreini hans, korahitarne, hadde den tenesta å halda vakt ved dørstokken til tjeldet; for federne deira hadde vakta inngangen til Herrens læger. 20 Og Pinhas, son åt Eleazar, var i gamle dagar forstandaren deira; Herren var med honom! 21 Zakarja, son åt Meselemja, var dørvaktar ved møtetjelddøri. 22 Alle desse var utvalde til dørvaktarar, tvo hundrad og tolv mann. Dei var uppskrivne i ættarlista i bygderne sine. David og sjåaren Samuel hadde sett deim til å tena på tru og æra. 23 Dei og sønerne deira stod difor ved dørerne åt Herrens hus, tjeldhuset, og heldt vakt. 24 Etter dei fire himmelætterne stod dørvaktarane, mot aust, mot vest, mot nord og mot sud. 25 Og brørne deira, som budde i bygderne sine, skulde møta fram hjå deim sjuande kvar dag, og alltid på same timen. 26 For desse fire var på tru og æra sette formenner for dørvaktarane. Dette var no levitarne. Dei hadde og tilsyn med kovarne og buderne i Guds hus. 27 Og dei heldt til rundt ikring Guds hus um natti; for det låg på deim å halda vakt, og dei skulde lata upp dørerne kvar morgon. 28 Sume av deim såg til med arbeidsgognerne. Dei tok då tal på deim, både når dei bar deim inn, og når dei bar deim ut. 29 Og sume av deim var sette til å hava tilsyn med dei andre gognerne, alle dei andre gognerne i heilagdomen, og med det fine mjølet og vinen og oljen og røykjelsen og kryddorne. 30 Men nokre av prestesønerne laga kryddesalven. 31 Og Mattitja, ein av levitarne, eldste son åt korahiten Sallum, hadde på tru og æra tilsynet med brødbakstren. 32 Og nokre av kahatitarne, brørne deira, såg til med skodebrødi og skulde laga deim til for kvar kviledag. 33 Dette var songarane, hovdingar for levitættar; dei slapp å gjera anna arbeid, og heldt til i kovarne; for dei laut halda på med sine eigne gjeremål natt og dag. 34 Dette var hovdingar for ættgreinerne av levitarne, hovdingar etter si ætt; dei budde i Jerusalem. 35 I Gibeon budde Je’uel, far hans Gibeon, og kona hans heitte Ma’aka. 36 Og den fyrste son hans var Abdon; og so Sur, Kis, Ba’al, Ner og Nadab, 37 Gedor og Ahjo, Zakarja og Miklot. 38 Men Miklot fekk sonen Simeam. Dei og budde i lag med brørne sine i Jerusalem, midt fyre brørne sine. 39 Og Ner fekk sonen Kis, og Kis fekk sonen Saul, og Saul fekk sønerne Jonatan og Malkisua, Abinadab og Esba’al. 40 Son åt Jonatan var Meribba’al, og Meribba’al fekk sonen Mika. 41 Sønerne hans Mika var Piton og Melek og Tahrea. 42 Ahaz fekk sonen Jara, og Jara fekk sønerne Alemet, Azmavet og Zimri, og Zimri fekk sonen Mosa. 43 Mosa fekk sonen Bina. Hans son var Refaja; hans son var Elasa; hans son var Asel. 44 Og Asel hadde seks søner, og namni deira var: Azrikam, Bokeru, Ismael, Searja, Obadja og Hanan. Dette var sønerne åt Asel.
Copyright information for NorSMB