1 Corinthians 13

Um eg talar med menneskjetungor og engletungor, men hev ikkje kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølla. Og um eg hev profetgåva og kjenner alle løyndomar og all kunnskap, og um eg hev all tru, so at eg kann flytja fjell, men hev ikkje kjærleik, då er eg ingen ting. Og um eg gjev til føda for fatige alt det eg eig, og um eg gjev min likam til å verta brend, men hev ikkje kjærleik, då gagnar det meg ingen ting. Kjærleiken er langmodig, er velviljug; kjærleiken ovundast ikkje; kjærleiken briskar seg ikkje, blæs seg ikkje upp; han gjer inkje usømelegt, søkjer ikkje sitt eige, illskast ikkje, gøymer ikkje på det vonde; han gled seg ikkje ved urettferd, men gled seg ved sanning. Alt lid han, alt trur han, alt vonar han, alt toler han. Kjærleiken fell aldri burt; men anten det er profetgåvor, so skal dei få ende, eller tungor, so skal dei tagna, eller kunnskap, so skal han få ende. For me skynar i stykkjevis og talar profetisk i stykkjevis; 10 men når det fullkomne kjem, då skal det som er i stykkjevis, få ende. 11 Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, dømde eg som eit barn; men då eg vart mann, lagde eg av det barnslege. 12 For no ser me i ein spegel, i ei gåta, men då skal me sjå åsyn til åsyn; no kjenner eg i stykkjevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg og fullt ut er kjend. 13 Men no vert dei verande desse tri: Tru, von, kjærleik, og størst av deim er kjærleiken.
Copyright information for NorSMB