1 Corinthians 14

Trå etter kjærleiken, stræva etter dei åndelege gåvor, men mest etter å tala profetisk! For den som talar med tunga, talar ikkje for menneskje, men for Gud; for ingen skynar det, men han talar løyndomar i Anden. Men den som talar profetisk, han talar for menneskje til uppbyggjing og påminning og trøyst. Den som talar med tunga, uppbyggjer seg sjølv; men den som talar profetisk, uppbyggjer kyrkjelyden. Endå vilde eg at de alle kunde tala med tungor, men heller at de kunde tala profetisk; for den som talar profetisk, er større enn den som talar med tungor, utan so er at han uttyder det, so kyrkjelyden kann få uppbyggjing av det. Og no, brør, um eg kjem til dykk og talar med tungor, kva kann eg då gagna dykk, um eg ikkje talar til dykk anten med openberring eller med kunnskap anten med profetord eller med læra? Dersom dei livlause ting som gjev ljod, anten det er ei fløyta eller ei harpa, ikkje gjer skilnad på tonar, korleis kann ein då skyna det som vert spela på fløyta eller på harpa? Og um ein stridslur gjev uklår ljod, kven lagar seg då til strid? Soleis og med dykk: um de med tunga ikkje talar tydelege ord, korleis kann ein då skyna det som vert tala? De talar då burt i veret. 10 So mange slag mål er der no visst i verdi, og ikkje noko av deim er utan meining. 11 Um eg då ikkje kjenner meiningi i målet, vert eg ein framand for den talande, og den talande ein framand for meg. 12 Soleis og med dykk: når de strevar etter dei åndelege gåvor, so søk å få deim i rikt mål til uppbyggjing for kyrkjelyden. 13 Difor skal den som talar med tunga, beda um at han må kunna tyda det! 14 For um eg bed med tunga, so bed mi ånd; men mitt vit er utan frukt. 15 Korleis er det då? Eg vil beda med åndi, men eg vil og beda med vitet; eg vil lovsyngja med åndi, men eg vil og lovsyngja med vitet. 16 For dersom du lovar Gud med åndi, kor kann då nokon millom dei ukunnige segja amen til di takkebøn? Han veit ikkje kva du segjer. 17 For du held vel ei fager takkebøn, men den andre vert ikkje uppbygd. 18 Eg takkar Gud: eg talar meir med tunga enn de alle; 19 men i ein kyrkjelyd vil eg heller tala fem ord med vitet mitt, so eg kann læra andre, enn ti tusund ord med tunga. 20 Brør, ver ikkje born i vit! ver derimot born i vondskap; men ver fullvaksne i vit! 21 Det stend skrive i lovi: «Ved folk som hev framand tunga, og ved framande lippor vil eg tala til dette folket, og endå skal dei ikkje høyra på meg, segjer Herren.» 22 So er då tungorne til eit teikn, ikkje for deim som trur, men for dei vantruande; men profettalen er ikkje for dei vantruande, men for deim som trur. 23 Um då heile kyrkjelyden kjem saman, og alle talar med tungor, men det kjem inn ukunnige eller vantruande, vil dei ikkje då segja at de er frå vitet? 24 Men um alle talar profetisk, og det kjem inn ein vantruande eller ukunnig, so vert han refst av alle, dømd av alle, 25 det løynde i hans hjarta vert openberra, og so vil han falla på sitt andlit og tilbeda Gud og vitna at Gud er sanneleg millom dykk. 26 Korleis er det då, brør? Når de kjem saman, hev kvar av dykk ein salme, ein lærdom, ei openberring, ei tunga, ei tyding; lat alt vera til uppbyggjing! 27 Talar nokon med tunga, so lat det vera tvo eller i det høgste tri kvar gong, og ein i senn, og ein må tyda det! 28 Men er det ingen som kann tyda, so tegje han i kyrkjelyden, men for seg sjølv og for Gud tale han! 29 Men av profetar tale tvo eller tri; men dei andre må døma um det! 30 Men um ein annan fær ei openberring medan han sit der, so skal den fyrste tegja. 31 For de kann alle tala profetisk, ein i senn, so alle kann få lærdom, alle få påminning. 32 Og profetånder er profetar lyduge. 33 For Gud er ikkje ustyrs Gud, men freds Gud. 34 Liksom i alle kyrkjelydarne hjå dei heilage, so skal kvinnorne dykkar tegja i kyrkjesamlingarne; for dei hev ikkje lov til å tala, men må vera undergjevne, so som og lovi segjer. 35 Men vil dei læra noko, so lyt dei spyrja sine eigne menner heime; for det er usømelegt for ei kvinna å tala i kyrkjesamling. 36 Eller er Guds ord utgjenge frå dykk? Eller er det kome berre til dykk? 37 Trur nokon at han er profet eller åndeleg, so må han skyna at det eg skriv til dykk, er Herrens bod. 38 Men um nokon ikkje skynar det, so fær han lata det uskyna. 39 Difor, brør, stræva etter å kunna tala profetisk, og hindra ingen i å tala i tungor! 40 Men lat alt ganga sømeleg og skipeleg til!
Copyright information for NorSMB