1 Corinthians 15

Eg kunngjer dykk, brør, det evangelium som eg forkynte dykk, som de og tok imot, som de og stend faste i, som de og vert frelste ved, dersom de held fast ved det ordet som eg forkynte dykk det med, so framt de ikkje til unyttes hev teke ved trui. For eg yvergav dykk millom dei fyrste ting det som eg sjølv tok imot, at Kristus døydde for synderne våre etter skrifterne, og at han vart gravlagd, og at han stod upp att tridje dagen etter skrifterne, og at han vart sedd av Kefas, og so av dei tolv; so vart han sedd av meir enn fem hundrad brør på ein gong - av deim er dei fleste endå i live, men nokre er avsovna. So vart han sedd av Jakob, so av alle apostlarne. Men aller sist vart han og sedd av meg som av det ufullbore foster. For eg er den ringaste av apostlarne, og er ikkje verdig til å heita apostel, av di eg forfylgde Guds kyrkja. 10 Men av Guds nåde er eg det som eg er, og hans nåde mot meg hev ikkje vore til fåfengs; men meir enn dei alle hev eg verka, då ikkje eg, men Guds nåde som er med meg. 11 Anten det då er eg eller dei andre, soleis forkynner me, og soleis kom de til trui. 12 Men når det er forkynt um Kristus at han er uppstaden frå dei daude, kor kann då sume millom dykk segja at det er ingi uppstoda av daude? 13 Men er det ingi uppstode av daude, so er ikkje Kristus heller uppstaden. 14 Men er ikkje Kristus uppstaden, so er vår forkynning fåfengd, so er og dykkar tru fåfengd. 15 Me vert då og funne som falske vitne um Gud, då me hev vitna imot Gud, at han hev vekt upp Kristus, som han då ikkje hev vekt upp, det vil segja, so framt dei daude ikkje stend upp. 16 For stend ikkje dei daude upp, so er ikkje Kristus heller uppstaden. 17 Men er ikkje Kristus uppstaden, so er trui dykkar gagnlaus; so er de endå i synderne dykkar; 18 so er og dei fortapte som er avsovna i Kristus. 19 Hev me berre i dette liv sett von til Kristus, so er me ynkelegare enn alle menneskje. 20 Men no er Kristus uppstaden frå dei daude og hev vorte fyrstegrøda av deim som er avsovna. 21 For av di dauden kom ved eit menneskje, so er og uppstoda av daude komi ved eit menneskje. 22 For liksom alle døyr i Adam, so skal og alle verta livandegjorde i Kristus. 23 Men kvar i sin stad: Kristus er fyrstegrøda, so skal dei som høyrer Kristus til, verta livandegjorde i hans koma. 24 So kjem enden, når han gjev riket til Gud og Faderen, når han fær gjort magt og all yverråd og alt velde til inkjes. 25 For han skal vera konge, til dess han fær lagt alle sine fiendar under sine føter. 26 Den siste fienden som vert tynt, er dauden; 27 for han hev lagt alle ting under hans føter. Men når han segjer at alt er honom underlagt, so er det klårt at han som hev lagt alt under honom, er undanteken. 28 Men når alt er honom underlagt, so skal og Sonen sjølv gjeva seg under honom som hev lagt alt under honom, so Gud skal vera alt i alle. 29 Kva gjer då dei som let seg døypa for dei daude? Dersom dei daude i det heile ikkje stend upp, kvi let dei seg då døypa for deim? 30 Kvi set og me oss i fåre kvar time? 31 Eg døyr kvar dag, so visst som eg kann rosa meg av dykk, brør, i Kristus Jesus, vår Herre. 32 Var det på menneskjeleg vis eg stridde med villdyr i Efesus, kva gagna det meg då? Dersom dei daude ikkje stend upp, «so lat oss eta og drikka, for i morgon døyr me!» 33 Far ikkje vilt! Låkt samlag spiller gode seder. 34 Vakna retteleg upp og synda ikkje! for sume hev ikkje kunnskap um Gud; til dykkar skam segjer eg det. 35 Men ein kunde segja: «Korleis stend dei daude upp? og kva slag likam kjem dei fram med?» 36 Du uvituge! det som du sår, vert ikkje livandegjort, utan det døyr. 37 Og når du sår, sår du ikkje den likamen som skal koma, men eit nake korn, anten det er av kveite eller av anna såkorn. 38 Men Gud gjev det ein likam so som han hev vilja, og kvart slag sæde sin eigen likam. 39 Ikkje alt kjøt er det same kjøt; men eitt er kjøt i menneskje, eit anna kjøt i fe, eit anna i fugl, eit anna i fisk. 40 Og det finst himmelske likamar og jordiske likamar; men ein herlegdom hev dei himmelske, ein annan dei jordiske. 41 Ein glans hev soli, og ein annan månen, og ein annan stjernorne; for den eine stjerna skil seg frå den andre i glans. 42 Soleis er det og med uppstoda av dei daude. Det vert sått i forgjengelegdom, det stend upp i uforgjengelegdom. 43 Det vert sått i vanæra, det stend upp i herlegdom; det vert sått i vanmagt, det stend upp i kraft. 44 Det vert sått ein naturleg likam, det stend upp ein åndeleg likam. So visst som det finst ein naturleg likam, so finst det og ein åndeleg likam. 45 Soleis stend det og skrive: «Det fyrste menneskje Adam vart til ei livande sjæl;» den siste Adam hev vorte til ei livgjevande Ande. 46 Men det åndelege er ikkje det fyrste, men det naturlege, so det åndelege. 47 Det fyrste menneskje var frå jordi, jordisk; det andre menneskje er frå himmelen. 48 Slik som den jordiske var, so er og dei jordiske, og slik som den himmelske er, so skal og dei himmelske vera. 49 Og liksom me hev bore bilætet av den jordiske, so skal me og bera bilætet av den himmelske. 50 Men det segjer eg, brør, at kjøt og blod kann ikkje erva Guds rike, ikkje heller erver forgjengelegdom uforgjengelegdom. 51 Sjå, eg segjer dykk ein løyndom: Me skal ikkje alle sovna av, men me skal alle verta umskapa, 52 i hast, i ein augneblink, ved den siste luren; for luren skal ljoda, og dei daude skal standa upp uforgjengelege, og me skal verta umskapa. 53 For dette forgjengelege må verta iklædt uforgjengelegdom, og dette døyelege iklædt udøyelegdom. 54 Men når dette forgjengelege er iklædt uforgjengelegdom, og dette døyelege er iklædt udøyelegdom, då vert det ordet uppfyllt som stend skrive: «Dauden er gløypt til siger.» 55 «Daude, kvar er din brodd? Daude, kvar er din siger?» 56 Men brodden i dauden er syndi; men krafti i syndi er lovi. 57 Men Gud vere takk, som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus! 58 Difor, mine kjære brør, ver faste og uruggelege, alltid rike i Herrens gjerning, då de veit at dykkar arbeid er ikkje fåfengt i Herren!
Copyright information for NorSMB