1 Corinthians 2

Og eg, då eg kom til dykk brør, kom eg ikkje med meisterskap i ord eller i visdom og forkynte dykk Guds vitnemål. For eg vilde ikkje vita noko imillom dykk, utan Jesus Kristus og honom krossfest. Og eg var hjå dykk med vanstyrke og med otte og med mykje hjartebiv. Og mitt ord og mi forkynning var ikkje med visdoms yvertalande ord, men med framsyning av ande og kraft, so trui dykkar ikkje skulde vera grunna på menneskje-visdom, men på Guds kraft. Men me talar visdom hjå dei fullkomne, men ein visdom som ikkje høyrer denne verdi til eller herrarne i denne verdi, dei som forgjengst. Men som ein løyndom talar me Guds visdom, den dulde, som Gud frå ævelege tider hev etla til vår herlegdom, Den ingen av herrarne i denne verdi kjende; for hadde dei kjent honom, so hadde dei ikkje krossfest herlegdoms-herren; men som skrive stend: «Det som auga ikkje såg og øyra ikkje høyrde, og som ikkje kom upp i menneskjehjarta, det som Gud etla dei som elskar honom.» 10 Men for oss hev Gud openberra det ved sin Ande; for Anden ransakar alle ting, jamvel dypterne i Gud. 11 For kva menneskje veit kva som bur i menneskjet, utan menneskjeåndi, som er i det? So veit heller ingen, utan Guds Ande, kva som bur i Gud. 12 Men me hev ikkje fenge den ande som høyrer verdi til, men den Ande som er av Gud, so me skal kjenna det som er oss gjeve av Gud, 13 det som me talar um, ikkje med ord som er lærde av menneskjeleg visdom, men med ord som er lærde av den heilage Ande, med di me tyder åndelege ting med åndelege ord. 14 Men eit naturleg menneskje tek ikkje mot det som høyrer Guds Ande til; for det er honom ein dårskap, og han kann ikkje kjenna det, for det vert dømt åndeleg. 15 Men den åndelege dømer alt, men sjølv vert han dømd av ingen. 16 For kven kjende Herrens hug, so han kunde læra honom? Men me hev Kristi hug.
Copyright information for NorSMB