1 Corinthians 3

Og eg, brør, kunde ikkje tala til dykk som til åndelege, men berre som til kjøtlege, som til nyfødingar i Kristus. Eg gav dykk mjølk å drikka og ikkje fast føda; for de tolde det ikkje endå. Ja, de toler det ikkje enno, for de er enno kjøtlege; for når det er ovund og trætta millom dykk, er de då ikkje kjøtlege og ferdast på menneskjevis? For når ein segjer: «Eg held meg til Paulus,» og ein annan: «Eg til Apollos», er de ikkje då menneskje? Kva er då Apollos, og kva er Paulus? Tenarar som de kom til trui ved, og det etter som Herren gav kvar for seg. Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster. So er no korkje den noko som planter, eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster. Den som plantar, og den som vatnar, er eitt, men kvar skal få si eigi løn etter sitt eige arbeid. For me er Guds medarbeidarar, de er Guds åkerland, Guds bygnad. 10 Etter den Guds nåde som er meg gjeven, hev eg lagt grunnvoll som ein vis byggmeister, men ein annan byggjer uppå; men kvar sjå til, korleis han byggjer uppå! 11 For annan grunnvoll kann ingen leggja enn den som er lagd, det er Jesus Kristus. 12 Men um nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sylv, dyre steinar, tre, høy, strå, 13 då skal kvar manns verk verta synbert; for dagen skal syna det, for han vert openberra med eld; og korleis kvar manns verk er, det skal elden prøva. 14 Um nokon manns verk som han bygde, stend seg, so skal han få løn; 15 um nokon manns verk brenn upp, so skal han missa henne; sjølv skal han då verta frelst, men so som gjenom eld. 16 Veit de ikkje at de er Guds tempel, og Guds Ande bur i dykk? 17 Tyner nokon Guds tempel, honom skal Gud tyna; for heilagt er Guds tempeler, og det er de. 18 Ingen dåre seg sjølv! Um nokon millom dykk tykkjest vera vis i denne verdi, lat honom verta ei dåre, so han kann verta vis! 19 For visdomen som høyrer denne verdi til, er dårskap for Gud. For det stend skrive: «Han fangar dei vise i deira sløgd,» 20 og atter: «Herren kjenner tankarne hjå dei vise, at dei er fåfengde.» 21 Difor skal ingen rosa seg av menneskje; for alt høyrer dykk til, 22 anten det er Paulus eller Apollos eller Kefas, anten det er verdi eller liv eller daude, anten det er det som no er, eller det som koma skal: alt høyrer dykk til; 23 men de høyrer Kristus til, og Kristus høyrer Gud til.
Copyright information for NorSMB