1 Corinthians 8

Men vedkomande avgudsoffer, so veit me at me alle hev kunnskap. - Kunnskapen blæs upp, men kjærleiken byggjer upp. Um nokon tykkjest kjenna noko, han hev aldri kjent noko soleis som ein skal kjenna det. Men um nokon elskar Gud, so er han kjend av honom. - Vedkomande eting av avgudsoffer, so veit me at ingen avgud i verdi er til, og at det finst ingen annan Gud enn ein. For um det og er dei som vert kalla gudar anten i himmelen eller på jordi - som det er mange gudar og mange herrar - so finst det då for oss berre ein Gud, Faderen, som alle ting er av, og me til honom, og ein Herre, Jesus Kristus, som alle ting er til ved, og me ved honom. Men den kunnskap er ikkje hjå alle; men sume gjer seg endå samvit for avguden skuld og et det som avgudsoffer, og då samvitet deira er veikt, vert det ureint. Men mat gjev oss ikkje verd for Gud; korkje vinn me noko um me et, eller taper noko um me ikkje et. Men sjå til at ikkje denne fridomen dykkar vert til støyt for dei veike! 10 For um nokon ser deg som hev kunnskap sitja til bords i avgudshuset, vert då ikkje samvitet hjå honom som er veik, tilstyrkt til å eta avgudsoffer? 11 Og den veike bror, som Kristus døydde for, vert då fortapt for din kunnskap skuld! 12 Men når de soleis syndar imot brørne og sårar deira veike samvit, so syndar de mot Kristus. 13 Difor, dersom mat valdar støyt for bror min, so vil eg i all æva ikkje eta kjøt, so eg ikkje skal valda støyt for bror min.
Copyright information for NorSMB