1 John 2

Mine born! Dette skriv eg til dykk so de ikkje skal synda, og um nokon syndar, so hev me hjå Faderen ein målsmann, Jesus Kristus, den rettferdige, og han er ei soning for synderne våre, og ikkje berre for våre, men og for alle i heile verdi. Og på dette veit me at me kjenner honom: um me held bodi hans. Den som segjer: «Eg kjenner honom», og ikkje held bodi hans, han er ein ljugar, og i honom er ikkje sanningi. Men den som held ordet hans, i honom er i sanning kjærleiken til Gud fullkomen. På dette kjenner me at me er i honom. Den som segjer at han er i honom, han er og skuldig til å ferdast so som han hev ferdast. De kjære! det er ikkje eit nytt bod eg skriv åt dykk, men eit gamalt bod, som de hev havt ifrå upphavet. Det gamle bodet er det ordet de hev høyrt ifrå upphavet. Og like vel er det eit nytt bod eg skriv åt dykk, og det er sant i honom og i dykk; for myrkret kverv burt, og det sanne ljoset skin alt no. Den som segjer at han er i ljoset, og som hatar bror sin, han er endå i myrkret. 10 Den som elskar bror sin, han er i ljoset, og i honom finst det ikkje noko som fører til fall. 11 Men den som hatar bror sin, han er i myrkret og ferdast i myrkret, og han veit ikkje kvar han gjeng; for myrkret hev blinda augo hans. 12 Eg skriv til dykk, born, for synderne er dykk forlatne for hans namn skuld. 13 Eg skriv til dykk, feder, for de kjenner honom som er frå upphavet. Eg skriv til dykk, ungdomar, for de hev sigra yver den vonde. 14 Eg hev skrive til dykk, born, for de kjenner Faderen. Eg hev skrive til dykk, feder, for de kjenner honom som er frå upphavet. Eg hev skrive til dykk, ungdomar, for de er sterke, og Guds ord vert verande i dykk, og de hev sigra yver den vonde. 15 Elska ikkje verdi, og ikkje dei ting som er i verdi! Um nokon elskar verdi, so er ikkje kjærleiken til Faderen i honom. 16 For alt det som er i verdi: kjøtslyst og augnelyst og storlæte i livnad, det er ikkje av Faderen, men av verdi. 17 Og verdi og hennar lyst forgjengst; men den som gjer Guds vilje, han vert verande til æveleg tid. 18 Born! Det er den siste timen; og som de hev høyrt at Antikrist kjem, so er no mange anti-kristar komne, og på det skynar me at det er den siste timen. 19 Dei er gjengne ut ifrå oss, men dei var ikkje av oss; for hadde dei vore av oss, so hadde dei vorte verande hjå oss; men det skulde verta synbert at ikkje alle er av oss. 20 Og de hev salving av den Heilage og veit alt. 21 Eg skreiv ikkje til dykk av di de ikkje kjenner sanningi, men av di de kjenner henne, og veit at all lygn ikkje er av sanningi. 22 Kven er ljugaren, utan han som neittar at Jesus er Kristus? Han er Antikrist, han som neittar Faderen og Sonen. 23 Kvar den som neittar Sonen, han hev ikkje Faderen heller; den som vedkjennest Sonen, han hev og Faderen. 24 Lat det då verta verande i dykk, det som de høyrde frå upphavet; dersom det de høyrde frå upphavet, vert verande i dykk, so vert de og verande i Sonen og i Faderen. 25 Og dette er den lovnaden som han lova oss: det ævelege livet. 26 Dette hev eg skrive til dykk um deim som dårar dykk. 27 Og den salving de fekk av honom, ho vert verande i dykk, og de treng ikkje til at nokon skal læra dykk noko; men liksom salvingi hans lærer dykk alt, so er det og sant og slett ikkje lygn; og vert verande i honom, so som ho lærde dykk! 28 Og no, born, ver i honom, so me kann hava frimod når han vert openberra, og ikkje verta til skammar for honom i hans tilkoma! 29 Veit de at han er rettferdig, so skynar de at kvar den som gjer rettferd, er fødd av honom.
Copyright information for NorSMB