1 John 3

Sjå, kor stor kjærleik Faderen hev synt oss, at me skal kallast Guds born; og det er me. Difor kjenner ikkje verdi oss, av di ho ikkje kjenner honom. Mine kjære! No er me Guds born, og det er ikkje endå openberra kva me skal verta; me veit at når han vert openberra, då skal me verta honom like; for me skal sjå honom som han er. Og kvar den som hev denne voni til honom, han reinsar seg sjølv, liksom han er rein. Kvar den som gjer synd, han gjer og lovbrot, og syndi er lovbrot. Og de veit at han er openberra til å taka burt synderne, og det finst ikkje synd i honom. Kvar den som vert verande i honom, syndar ikkje; kvar den som syndar, han hev ikkje set honom og ikkje kjent honom. Born, lat ingen dåra dykk! den som gjer rettferd, er rettferdig, liksom han er rettferdig. Den som gjer synd, er av djevelen; for djevelen syndar frå upphavet. Til det er Guds son openberra, at han skal gjera ende på djevelens verk. Kvar den som er fødd av Gud, gjer ikkje synd; for hans sæde vert verande i honom, og han kann ikkje synda; for han er fødd av Gud. 10 På det kann ein kjenna Guds born og djevelens born: kvar den som ikkje gjer rettferd, er ikkje av Gud, og ikkje den heller som ikkje elskar bror sin. 11 For dette er den bodskapen som de høyrde frå upphavet, at me skal elska kvarandre; 12 ikkje som Kain, som var av den vonde og drap bror sin. Og kvi drap han honom? Av di hans gjerningar var vonde, men hans brors gjerningar rettferdige. 13 Undra dykk ikkje, mine brør, um verdi hatar dykk! 14 Me veit at me er gjengne yver frå dauden til livet, for me elskar brørne; den som ikkje elskar, vert verande i dauden. 15 Kvar den som hatar bror sin, er ein manndråpar; og de veit at ingen manndråpar hev ævelegt liv verande i seg. 16 På det hev me lært å kjenna kjærleiken, at han sette livet til for oss; me er og skuldige til å setja livet til for brørne. 17 Men den som hev gods i denne verdi og ser bror sin hava trong og let hjarta sitt att for honom, kor kann då kjærleiken til Gud vera i honom! 18 Mine born, lat oss ikkje elska med ord eller med tunga, men i gjerning og sanning! 19 Og på dette skal me skyna at me er av sanningi, og so skal me roa hjarto våre for hans åsyn. 20 For um enn hjarta fordømer oss, so er Gud større enn hjarta vårt og kjenner alle ting. 21 Mine kjære! dersom hjarta ikkje fordømer oss, so hev me fritt mod for Gud, 22 og det som me bed um, fær me av honom; for me held hans bod og gjer det som er honom til hugnad. 23 Og dette er hans bod, at me skal tru på hans son Jesus Kristi namn og elska kvarandre, so som han baud oss. 24 Og den som held hans bod, han vert verande i honom og han i honom; og på dette veit me at han vert verande i oss, av den Ande som han hev gjeve oss.
Copyright information for NorSMB