1 Kings 1

Kong David var no gamall og ut i åri komen, og han kunde ikkje halda varmen i seg, endå dei bredde klæde yver honom. Då sagde tenarane hans til honom: «Ein trong finna ei ung kvinna åt min herre kongen, ei ung møy som kunde vera hjå kongen og vyrdsla honom. Fekk ho liggja i fanget ditt, vart min herre kongen varm.» So leita dei då i heile Israelslandet etter ei fager gjenta, og dei fann Abisag frå Sunem og for til kongen med henne. Det var ei ovende væn gjenta; ho stelte for kongen og tente honom. Men elles hadde ikkje kongen umgjenge med henne. Men Adonia, som var son åt Haggit, gjorde seg sjølv høg og sagde: «Eg vil vera konge.» Han fekk seg vogner og hestfolk og femti mann som skulde springa fyre honom. Far hans hadde aldri såra honom noko sinn og sagt: «Kvi fer du soleis åt?» Han var attåt født ein ovvæn kar, og mor hans hadde født honom næst etter Absalom. Han gjekk på råd med Joab Serujason og med presten Abjatar, og dei slo lag med Adonia og hjelpte honom. Presten Sadok og Benaja Jojadason og profeten Natan, Sime’i og Re’i og stridskjemporne åt David heldt derimot ikkje med Adonia. Adonia slagta småfe og uksar og gjødkalvar ved Ormsteinen, som ligg attmed Rogel-kjelda; og han bad til seg dit alle brørne sine, kongssønerne, og alle dei Juda-menner som var i tenesta hjå kongen. 10 Men profeten Natan og Benaja og stridskjemporne og Salomo, bror sin, bad han ikkje. 11 Då tala Natan til Batseba, mor åt Salomo, soleis: «Du hev vel høyrt at Adonia, son åt Haggit, er vorten konge utan at vår herre David veit noko det um det? 12 No vil eg gjeva deg ei råd, so du kann berga livet for deg sjølv og for Salomo, son din! 13 Gakk inn til kong David og seg til honom: «Herre konge, hev du ikkje lova tenestkvinna di med eid at Salomo, son min, skal verta konge etter deg og sitja i din kongsstol? Kvifor hev då Adonia vorte konge?» 14 Og medan du stend der og talar med kongen, skal eg koma inn og sanna det du segjer.» 15 Batseba gjekk då inn i sengromet til kongen. Kongen var mykje gamall no, og Abisag frå Sunem tente honom. 16 Batseba bøygde seg og kasta seg ned for kongen. Då spurde kongen: «Kva er det du vil?» 17 Ho svara honom: «Herre, ved Herren, din Gud, hev du lova tenestkvinna di med eid, at Salomo, son min, skal vera konge etter deg; han skal sitja i kongsstolen din. 18 Men sjå no er Adonia vorten konge, utan at du, herre konge, veit um det. 19 Han hev slagta uksar og gjødkalvar og småfe i mengd og bede til seg alle kongssønerne og presten Abjatar og herføraren Joab; men Salomo, tenaren din, hev han ikkje bede. 20 Heile Israel vender no augo til deg, herre konge, og ventar at du skal kunngjera kven som skal sitja i kongsstolen etter dine dagar, herre konge. 21 Utan kann det henda, at når min herre kongen hev lagt seg til kvile hjå federne sine, so vert eg og Salomo, son min, rekna for brotsmenner.» 22 Medan ho endå stod der og tala med kongen, kom profeten Natan. 23 Og dei vitra kongen um det og sagde: «Profeten Natan er her.» Han steig fram for kongen og kasta seg å gruve på jordi for honom. 24 So sagde Natan: «Herre konge, er det so du hev sagt at Adonia skal verta konge etter deg, at han skal sitja i kongsstolen din? 25 Ja, for i dag hev han fare ned og slagta uksar og gjødkalvar og sauer i mengd og hev bede til seg alle kongssønerne og herførarane og presten Abjatar, og no et dei og drikk dei i lag med honom og ropar: «Live kong Adonia!» 26 Men meg, tenaren din, og presten Sadok og Benaja Jojadason og din tenar Salomo hev han ikkje bede. 27 Kann dette vera gjort etter din vilje, herre konge, utan at du hev late tenarane dine vita kven som skal sitja i kongsstolen din etter deg, herre konge?» 28 Då svara kong David og sagde: «Ropa Batseba hit til meg!» Ho steig hitåt, og då ho stod der framfor kongen, 29 svor kongen og sagde: «So sant Herren liver, han som hev løyst meg or all trengsla: 30 liksom eg fyrr hev svore deg til ved Herren, Israels Gud, og sagt at Salomo, son din, skal verta konge etter meg og sitja i kongsstolen i min stad, so gjer eg det og i dag.» 31 Då bøygde Batseba seg med andlitet mot jordi og kasta seg ned for kongen og sagde: «Gjev herren min, kong David, må liva i all æva!» 32 Og kong David sagde: «Ropa inn til meg presten Sadok og profeten Natan og Benaja Jojadason!» Då dei kom fram for kongen, 33 sagde kongen til deim: «Tak tenarane åt herren dykkar med dykk og set Salomo, son min, på mitt eige muldyr og far med honom ned til Gihon. 34 Der skal Sadok, presten, og Natan, profeten, salva honom til konge yver Israel, og de skal blåsa i lur og ropa: «Live kong Salomo!» 35 So skal de fylgja honom upp att, og han skal koma og setja seg i kongsstolen min; og han skal vera konge i min stad. For det er honom eg hev sett til hovding yver Israel og Juda.» 36 Då svara Benaja Jojadason kongen og sagde: «Amen! Må Herren, din Gud, herre konge, segja det same! 37 Herren vere Salomo som Herren hev vore med deg, herre konge, og gjere hans kongsstol endå veldugare enn kongsstolen til min herre, kong David!» 38 So gjekk då presten Sadok og profeten Natan og Benaja Jojadason saman med livvakti av og sette Salomo på muldyret åt kong David og for med honom ned til Gihon. 39 Og presten Sadok tok oljehornet or tjeldet og salva Salomo; so blæs dei i lur, og heile lyden ropa: «Live kong Salomo!» 40 Sidan fylgde heile folkemengdi honom upp att med slik fløyteblåster og stor fagnad at jordi kunde ha rivna av ropi deira. 41 Men Adonia og alle gjesterne som var hjå honom, høyrde dette nettupp då dei var ferdige med måltidi; og då Joab høyrde lurblåsteren, sagde han: «Kva er dette for glam og ståk i byen?» 42 I same stundi kom Jonatan, son åt presten Abjatar, og Adonia sagde: «Kom hit! du er ein fagnamann, som visst hev eit gledebod å bera.» 43 Men Jonatan svara honom: «Å nei då; herren vår, kong David, hev gjort Salomo til konge. 44 Kongen sende presten Sadok og profeten Natan og Benaja Jojadason og livvakti i veg med honom, dei hev sett honom på muldyret åt kongen. 45 So hev presten Sadok og profeten Natan salva honom til konge i Gihon, og med fagnad hev dei fare upp att derifrå, og heile byen er komen på føterne. Det er det ståket de hev høyrt. 46 Salomo hev no alt og sett seg i kongsstolen. 47 Og kongsmennerne er komne og hev ynskt vår herre kong David til lukka og sagt: «Gjev no din Gud vil lata namnet åt Salomo verta endå gjævare enn ditt eige, og kongsstolen hans endå veldugare enn din kongsstol!» Og kongen heldt bøn på lega si. 48 Kongen hev og sagt: «Lova vere Herren, Israels Gud, som i dag hev sett ein ettermann i kongsstolen min, so eg kann sjå det med eigne augo!»» 49 Då vart alle gjesterne hjå Adonia forstøkte, reis upp og tok ut kvar sin veg. 50 Men Adonia ræddast Salomo, so han reis upp og gjekk av og greip um altarhorni. 51 Og dei vitra Salomo um det og sagde: «Sjå, Adonia ræddast kong Salomo; difor hev han gripe um altarhorni og segjer: «Kong Salomo skal lova meg med eid i dag at han ikkje drep tenaren sin med sverd.»» 52 Då sagde Salomo: «Vil han bera seg åt som ein fagnamann, so skal ikkje eit hår av hovudet hans falla til jordi; men syner det seg at han fer med noko vondt, so skal han døy.» 53 So sende kong Salomo folk av stad, og dei førde honom ned ifrå altaret; han kom då og kasta seg ned for kong Salomo, og Salomo sagde til honom: «Gakk heim!»
Copyright information for NorSMB