1 Kings 10

Då dronningi i Saba fekk høyra gjetordet um Salomo og det han hadde gjort for Herrens namn, kom ho og vilde røyna honom med djupe gåtor. Ho kom til Jerusalem med eit ovstort fylgje, med kamelar som var klyvja med kryddor og gull i store mengder og glimesteinar, og då ho var komi til Salomo, lagde ho fram for honom alt det ho hadde på hjarta. Men Salomo gav henne svar på alle spurningarne hennar. For honom var ingenting dult, som han ikkje kunde svara på. Då dronningi frå Saba såg all Salomos visdom og såg huset han hadde bygt, og retterne på bordet hans, og korleis hirdmennerne hans sat der, og korleis tenarane hans varta upp og var klædde, og skjenkjarsveinarne hans og den uppgangen som han hadde til Herrens hus, då vart ho reint ifrå seg. Og ho sagde til kongen: «So var det då sant det ordet eg høyrde i landet mitt um deg og um visdomen din! Eg kunde ikkje tru det dei sagde fyrr eg sjølv kom og fekk sjå det med mine eigne augo; ikkje helvti hev dei fortalt meg, det ser eg no; i visdom og vyrdnad gjeng du yver det gjetordet eg hev høyrt um deg. Sæle er mennerne dine, sæle er desse tenarane dine, som stødt fær standa framfyre deg og høyra visdomen din. Lova vere Herren, din Gud, som hadde hugnad i deg og sette deg på Israels kongsstol! For di Herren elskar Israel alle dagar, sette han deg til konge, so du kann skipa rett og rettferd.» 10 So gav ho kongen tri hundrad våger gull og kryddor i store mengder og glimesteinar; so stor mengd av kryddor som den dronningi frå Saba gav kong Salomo, hev aldri vorte innførd sidan. 11 Då skipi til Hiram henta gull frå Ofir, tok dei og med almuggim-tre i stor mengd og dyre steinar frå Ofir. 12 Av almuggim-treet fekk kongen tillaga handrid til Herrens hus og til huset åt kongen, og like eins cithrar og harpor til songarane; so mykje almuggim-tre hev aldri vore innført eller set sidan til denne dag. 13 Og kong Salomo gav dronningi frå Saba alt det ho hadde hug på, og bad um, umfram det han gav henne i samhøve med Salomos kongelege vyrdnad. So snudde ho heim att til sitt land, ho sjølv og tenarane hennar. 14 Det gullet som kom inn til Salomo på eit år, vog sekstan hundrad og seks og seksti våger, 15 og då var ikkje medrekna det som kom inn frå kjøpmennerne og av kræmarhandelen og frå alle kongarne i Arabia og frå jarlarne i landet. 16 Og kong Salomo let gjera tvo hundrad store skjoldar av uthamra gull - seks hundrad lodd gull gjekk med til kvar skjold - 17 og tri hundrad små skjoldar av uthamra gull - eit hundrad og åtteti lodd gull gjekk med til kvar skjold - og kongen sette deim upp i Libanonskoghuset. 18 Kongen let og gjera ein stor kongsstol av flisbein og klædde honom med skirt gull. 19 Kongsstolen hadde seks stig, og ryggstydi på kongsstolen var avrunda ovantil; på båe sidor av sætet var der armar, og attmed armarne stod tvo løvor; 20 og tolv løvor stod det på dei seks stigi, på båe sidor. Maken til dette var ikkje laga i noko kongerike. 21 Alle drykkjestaupi åt kong Salomo var av gull, og alle gognerne i Libanonskoghuset var og av skirt gull; sylv fanst det ikkje; det var ikkje rekna for noko i Salomos dagar. 22 For kongen hadde sine Tarsis-skip på havet attåt floten til Hiram. Ein gong tridje kvart år kom Tarsis-skipi heim og hadde med seg gull og sylv, og filsbein og apor og påfuglar. 23 Kong Salomo vart større enn alle kongar på jordi i rikdom og visdom. 24 Folk frå alle land vitja Salomo og vilde høyra visdomen hans, som Gud hadde lagt i hjarta hans. 25 Og då hadde kvar og ein av desse med seg gåvor: ymse ting av sylv og gull, klæde og våpn, kryddor, hestar og muldyr. Soleis gjekk det år etter år. 26 Salomo samla stridsvogner og hestfolk, so han hadde fjortan hundrad stridsvogner og tolv tusund hestfolk; og deim gav han læger i vognbyarne og i Jerusalem hjå kongen sjølv. 27 Og kongen gjorde sylvet i Jerusalem so vanleg som stein og cedertre som morberfiketre i låglandet. 28 Og hestarne som Salomo fekk seg, førde han inn frå Egyptarland; ein flokk kjøpmenner hjå kongen henta ei viss mengd til ein fastsett pris. 29 Kvar vogn som vart henta upp og utførd frå Egyptarland, kosta seks hundrad lodd sylv, og kvar hest eit hundrad og femti. På same vis vart dei, med deira hjelp, utførde til alle kongarne hjå hetitarne og i Syria.
Copyright information for NorSMB