1 Kings 11

Kong Salomo hadde mange utlendske kvinnor som han elska - umfram dotter åt Farao; moabitiske, ammonitiske, edomitiske, sidoniske, hetitiske, kvinnor av dei heidningfolki som Herren hadde åtvara Israels-sønerne imot og sagt: «De skal ikkje hava noko med deim, og ikkje dei med dykk; elles kjem dei visseleg til å snu hjarta dykkar til sine gudar.» Salomo heldt seg til desse i elsk. Han hadde sju hundrad konor av fyrsteætt og tri hundrad fylgjekonor, og konorne vende hjarta hans. Ja, då Salomo vart gamall, drog dei hjarta hans til andre gudar, so hjarta hans var ikkje heilt med Herren hans Gud, soleis som hjarta åt David, far hans. Og Salomo fylgde Astarte, sidoniarguden, og Milkom, styggedomen åt ammonitarne. Soleis gjorde Salomo det som var vondt i Herrens augo, og fylgde ikkje Herren i eit og alt som David, far hans. Salomo bygde då ein offerhaug på berget austanfor Jerusalem åt Kamos, styggedomen åt Moab, og for Molek, styggedomen åt Ammons-sønerne. Og det same gjorde han for alle dei utlendske konorne sine, so dei fekk brenna røykjelse og ofra til gudarne sine. Då vart Herren harm på Salomo, for di han hadde vendt hjarta sitt burt ifrå Herren, Israels Gud, som hadde openberra seg for honom tvo gonger 10 og gjeve honom eit serskilt bod um dette, at han ikkje skulde fylgja andre gudar; men han hadde ikkje agta på Herrens bod. 11 Difor sagde Herren til Salomo: «Etter di du er komen på dette, og ikkje hev halde pakti mi og loverne mine, som eg hev gjeve deg, vil eg riva riket ifrå deg og gjeva det til tenaren din. 12 Men for David, far din, skuld vil eg ikkje gjera dette i di tid; eg riv det or handi på son din. 13 Heile riket vil eg like vel ikkje riva ifrå honom. Eitt fylke vil eg gjeva son din for David, far din, skuld og for Jerusalem skuld, som eg hev valt ut.» 14 Og Herren vekte upp ein motmann imot Salomo; edomiten Hadad; han var av kongsætti i Edom. 15 Då David var i Edom, og herhovdingen Joab for upp og skulde gravleggja dei falne og med det same slo i hel alt som mann var i Edom 16 - for Joab og heile Israel vart verande der i seks månader, til dess han hadde rudt ut alt som mann var i Edom - 17 då rømde denne Hadad, han sjølv og nokre edomitiske menner, som hadde vore i tenesta hjå far hans, og tok vegen til Egyptarland. Hadad var den gong ein liten gut. 18 Og dei drog ut frå Midjan og kom til Paran; frå Paran tok dei med seg nokre menner og kom til Egyptarland til Farao, egyptarkongen; han gav honom eit hus og rettleide honom med upphald og let honom få jord. 19 Hadad fann stor godvilje hjå Farao, so han gav honom til kona syster åt kona si, syster åt dronning Tahpenes. 20 Og denne syster åt Tahpenes fødde sonen Genubat åt honom; Tahpenes vande honom av i huset åt Farao, og Genubat vart verande i huset der med sønerne åt Farao. 21 Men då Hadad høyrde i Egyptarland, at David hadde lagt seg til kvile hjå federne sine, og at Joab, stridshovdingen, var avliden, so sagde Hadad til Farao: «Slepp meg no, so eg kann fara heim til landet mitt!» 22 Farao sagde til honom: «Kva saknar du her hjå meg, sidan du vil fara heim til landet ditt?» Han svara: «Ingen ting; men du må plent lata meg fara.» 23 Gud vekte upp ein motmann til imot Salomo: Rezon Eljadason; han var rømd ifrå herren sin, Hadadezer, kongen i Soba. 24 Der samla han ein flokk um seg, den gong David slo folket i hel, og vart røvarhovding; dei drog av til Damaskus, slo seg ned der og styrde i Damaskus. 25 Han vart ein motmann imot Israel so lenge Salomo livde, og skadde det, både han og Hadad; han hata Israel og vart konge yver Syria. 26 Ein av mennerne åt Salomo heitte Jerobeam; han var son åt Nebat, ein efraimit frå Sereda; mor hans heitte Serua og var enkja. Og han gjorde uppreist mot kongen. 27 Grunnen til at han lyfte hand imot kongen, var dette: Salomo bygde Millo og sette stengsla for opningi til byen åt David, far sin. 28 No var Jerobeam ein dugande kar, og då Salomo såg at han var drivande i arbeidet sitt, sette han honom til tilsynsmann yver alt arbeidet som Josefs hus hadde på seg. 29 So hende det ein gong ved det leitet, at Jerobeam var gjengen ut or Jerusalem, og at profeten Ahia frå Silo råka honom på vegen. Han hadde på seg ei ny kåpa, og dei var tvo-eine på marki. 30 Då tok Ahia den nye kåpa han hadde på seg, og reiv henne i tolv stykke. 31 Og han sagde til Jerobeam: «Tak deg ti stykke! For so segjer Herren, Israels Gud: «Sjå, eg vil riva riket ut or handi på Salomo og gjeva deg ti av ætterne; 32 men den eine ætti skal han få hava for David skuld, tenaren min, og for Jerusalem skuld, den byen eg hev valt millom alle Israels fylke. 33 Det skal ganga so, for di dei hev vike ifrå meg og bede til Astarte, sidonarguden, til Kamos, Moabs-guden, og til Milkom, ammonitarguden, og ikkje gjenge mine vegar, ikkje gjort det som rett er i mine augo, eller halde loverne mine og bodi mine, soleis som David, far hans, gjorde. 34 Eg vil like vel ikkje taka noko av riket ifrå honom sjølv, men lata honom vera fyrste so lenge han liver, for David skuld, tenaren min, han som eg valde ut, og som agta på bodi og loverne mine. 35 Men ifrå son hans vil eg taka riket, og gjeva deg det, dei ti ætterne, meiner eg; 36 son hans vil eg gjeva ein av ætterne, so tenaren min, David, alle dagar må hava ei lampa framfor mi åsyn i Jerusalem, den byen som eg hev valt meg ut til bustad for namnet mitt. 37 Deg vil eg då kåra, du skal råda yver alt du hev hug til, og vera konge yver Israel. 38 Og lyder du alt som eg byd deg, og gjeng mine vegar og gjer det som rett er i mine augo, so du held loverne mine og bodi mine, soleis som David, tenaren min, gjorde, so vil eg vera med deg og byggja deg eit hus som stend fast, soleis som eg bygde for David, og gjeva deg Israel. 39 Og Davids ætt vil eg mykja for dette, men like vel ikkje for alltid.»» 40 Salomo freista å taka livet av Jerobeam; men Jerobeam reis upp og rømde undan til Egyptarland til egyptarkongen Sisak, og han vart verande i Egyptarland til Salomo døydde. 41 Det som elles er å fortelja um Salomo og alt det han gjorde, og um visdomen hans, det er uppskrive i krønikeboki åt Salomo. 42 Den tid Salomo var konge i Jerusalem yver heile Israel, var fyrti år. 43 So lagde Salomo seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd i byen åt David, far sin, og Rehabeam, son hans, vart konge i staden hans.
Copyright information for NorSMB