1 Kings 12

Og Rehabeam for til Sikem; for heile Israels var kome til Sikem og vilde taka honom til konge. Men då Jerobeam Nebatsson frette det - han var endå i Egyptarland; han hadde rømt dit for kong Salomo, og Jerobeam budde soleis i Egyptarland, og dei sende bod dit og bad honom heim att - då kom Jerobeam og heile Israels-lyden og tala med Rehabeam og sagde: «Far din lagde på oss eit hardt ok; men vil du no letta på harde strævet og det tunge oket som far din lagde på oss, so vil me tena deg.» Han svara deim: «Gakk burt og bia tri dagar og kom so til meg att!» Og folket gjekk. Då rådførde kong Rehabeam seg med dei gamle, som hadde vore i tenesta hjå Salomo, far hans, medan han livde, og spurde deim: «Kva svar råder de meg til å gjeva dette folket?» Dei svara honom og sagde: «Bøygjer du deg for dette folket i dag og er deim til tenesta og gjev deim gode ord til svar, so vil dei verta tenarane dine alle dagar.» Men han brydde seg ikkje um den rådi som dei gamle gav honom; men rådførde seg med dei unge, som var uppvaksne upp i lag med honom og no stod i hans tenesta. Han sagde til deim: «Kva råder de meg til å svara dette folket som hev tala til meg og sagt: «Lat det oket som far din hev lagt på oss verta lettare?»» 10 Dei unge kararne som var uppvaksne i lag med honom, svara honom då og sagde: «So skal du segja til dette folket som hev tala til deg og sagt: «Far din lagde eit tungt ok på oss, men gjer no du det lettare for oss!» - So skal du segja til deim: Litlefingeren min er tjukkare enn mjødmane åt far min. 11 Hev difor far min lagt eit tungt ok på dykk, so skal eg gjera oket dykkar endå tyngre; hev far min tukta dykk med svipor, so skal eg skal tukta dykk med skorpionar.» 12 So kom Jerobeam og heile folket til Rehabeam tridje dagen, so som kongen hadde sagt: «Kom hit til meg att tridje dagen!» 13 Då gav kongen folket eit hardt svar; for han brydde seg ikkje um den rådi dei gamle hadde gjeve honom. 14 Etter rådi åt dei unge kararne sagde han til deim: «Hev far min lagt eit tungt ok på dykk, so skal eg gjera oket dykkar endå tyngre. Hev far min tukta dykk med svipor, so skal eg tukta dykk med skorpionar.» 15 Kongen høyrde soleis ikkje på folket, for di Herren laga det soleis, so det ordet skulde sannast som Herren hadde tala til Jerobeam Nebatsson ved siloniten Ahia. 16 Då no heile Israel såg at kongen ikkje høyrde på deim, gav folket dette svaret: «Kva deil hev me i David? Ingen lut i Isaisonen! Heim til hyttorne, Israel! Sjå no sjølv til huset ditt, David!» So for Israel heim kvar til sitt. 17 Berre yver dei Israels-borni som budde i byarne i Juda, vart Rehabeam konge. 18 Og då kong Rehabeam sende i veg Adoram som hadde øvste tilsynet med pliktarbeidet, so steina heile Israel honom i hel. Då skunda kong Rehabeam seg upp i vogni si og rømde til Jerusalem. 19 So reiv då Israel seg laus ifrå Davids hus, og soleis hev det vore til denne dag. 20 Men då heile Israel frette at Jerobeam var komen att, sende dei bod og bad honom til tings og kåra honom til konge yver heile Israel; det var ingen som heldt fast på Davids hus, so nær som Juda-ætti åleine. 21 Då Rehabeam kom til Jerusalem, samla han heile Judas hus og Benjamins-ætti, hundrad og åtteti tusund utvalde stridsmenner, og vilde strida imot Israels hus og vinna kongedømet att for Rehabeam Salomoson. 22 Men då kom Guds ord til gudsmannen Semaja soleis: 23 «Seg til Rehabeam Salomoson, kongen i Juda, og til heile Judas og Benjamins hus og til resten av folket: 24 So segjer Herren: «De skal ikkje fara upp og strida mot brørne dykkar, Israels-sønerne. Snu heim att, kvar til sitt hus! For det som hev hendt, er kome frå meg.»» Då lydde dei Herrens ord og snudde og gjekk sin veg, som Herren hadde sagt. 25 Jerobeam bygde upp Sikem på Efraimsfjellet og busette seg der. Derifrå tok han ut og bygde upp Penuel. 26 Og Jerobeam sagde med seg sjølv: «Riket kann snart ganga attende til Davids hus. 27 Dersom dette folket fær fara upp til Herrens hus i Jerusalem og ofra, so kann folkehugen venda attende til hovdingen deira, Rehabeam, kongen i Juda; ja då drep dei gjerne meg og vender attende til Rehabeam, kongen i Juda.» 28 Og då kongen hadde tenkt yver dette, laga han tvo gullkalvar, og han sagde til folket: «No lyt de vera nok med ferder upp til Jerusalem. Sjå her er guden din, Israel som førde deg upp or Egyptarlandet.» 29 Og han sette upp den eine i Betel, den andre sette han i Dan. 30 Dette vart orsak til synd; folket gjekk radt til Dan og steig fram for den eine av deim. 31 Og han bygde hus på offerhaugarne og sette til prestar likt og ulikt, folk som ikkje var av Levi-sønerne. 32 Og Jerobeam skipa til ei høgtid i den åttande månaden, på den femtande dagen i månaden, i likskap med høgtidi i Juda, og han ofra på altaret. So gjorde han i Betel, med di han ofra til kalvarne som han hadde laga, og dei som han hadde sett til offerhaug-prestar, let han gjera tenesta i Betel. 33 Og han ofra på det altaret han hadde laga i Betel, den femtande dagen i åttande månaden, den månaden som han hadde valt ut etter sitt eige hovud. Han skipa då til ei høgtid for Israels-borni og steig upp til altaret og vilde kveikja offereld.
Copyright information for NorSMB