1 Kings 16

Og Herrens ord kom til Jehu Hananison um Baesa, soleis: «Eg hev lyft deg upp or moldi og sett deg til hovding yver Israel, folket mitt. Men du hev fare der Jerobeam for, og fenge Israel, folket mitt, til å synda, so dei hev harma meg med synderne sine. Difor vil eg sopa etter Baesa og huset hans; eg vil gjera med ditt hus som eg gjorde med huset åt Jerobeam Nebatsson. Den av huset åt Baesa som døyr i byen, skal hundarne eta upp, og den av huset hans som døyr utpå marki, skal fuglarne under himmelen eta upp.» Det som elles er å fortelja um Baesa og um det han gjorde, um storverki hans, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne. Og Baesa lagde seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd i Tirsa, og Ela, son hans, vart konge i staden hans. Men gjenom profeten Jehu Hananison var Herrens ord kome til Baesa og huset hans både for alt det han gjorde som Herren mislika, då han harma honom med det som henderne hans gjorde i likskap med Jerobeams hus, og for det at han hadde slege dette i hel. I det seks og tjugande året åt Juda-kongen Asa vart Ela Baesason konge yver Israel i Tirsa, og det var han i tvo år. Då fekk ein av tenarane hans, Zimri, hovdingen for helvti av vognerne, til ei samansverjing imot honom, og ein gong han hadde teke seg eit rus i Tirsa, i huset åt Arsa, drottseten i Tirsa, 10 kom Zimri dit og slo han i hel - det var i sju og tjugande året åt Juda-kongen Asa - og so vart han sjølv konge i staden hans. 11 Og då han hadde vorte konge og var komen på kongsstolen sin, tynte han heile huset åt Baesa; han let det ikkje vera att nokon karmann, men drap jamvel skyldfolk og vener til honom. 12 So rudde Zimri ut heile huset åt Baesa, etter det ord som Herren hadde tala til Baesa gjenom profeten Jehu, 13 for alle dei synder skuld som Baesa og Ela, son hans, hadde gjort, og som dei hadde fenge Israel til å gjera, so dei harma Herren, Israels Gud, med dei fånyttige avgudarne sine. 14 Det som elles er å fortelja um Ela og alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne. 15 I det sju og tjugande året åt Juda-kongen Asa vart Zimri konge i sju dagar i Tirsa, den gongen folket kringsette Gibbeton, som tilhøyrde filistarane. 16 Då folket som låg i lægret, høyrde at Zimri hadde fenge til ei samansverjing og jamvel slege kongen i hel, gjorde heile Israel den israelitiske herføraren Omri til konge i lægret same dagen. 17 Og Omri tok upp ifrå Gibbeton og heile Israel med honom, og dei kringsette Tirsa. 18 Og då Zimri såg at byen var teken, gjekk han inn i borgi i kongsgarden og sette eld på kongsgarden yver seg og døydde soleis, 19 for dei synder han hadde gjort, med di han gjorde det som vondt var i Herrens augo og stemnde fram på Jerobeams veg og i den synd som han hadde gjort og fenge Israel til å gjera. 20 Det som elles er å fortelja um Zimri og um den samansverjingi som han fekk til, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne. 21 No kløydest Israels-folket seg i tvo flokkar; den eine helvti av folket heldt med Tibni Ginatsson og gjorde honom til konge, men den andre helvti heldt seg til Omri. 22 Og den flokken som heldt med Omri, vart for sterk for deim som heldt med Tibni Ginatsson, og då Tibni døydde, vart Omri konge. 23 I det eitt og trettiande året åt Juda-kongen Asa vart Omri konge i Israel, og det var han i tolv år. I Tirsa styrde han i seks år. 24 Han kjøpte berget Samaria av Semer for fem våger sylv, og han bygde på berget og kalla byen som han bygde der Samaria, etter Semer, som hadde ått berget. 25 Men Omri gjorde det som vondt var i Herrens augo; ja, han bar seg verre åt enn alle som hadde vore fyre honom. 26 Han fylgde Jerobeam Nebatsson etter på alle hans vegar og i alle dei synder som han hadde fenge Israel til å gjera, so dei harma Herren, Israels Gud, med sine fånyttige avgudar. 27 Det som elles er å fortelja um Omri, um det han gjorde og um storverki hans, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne. 28 Og Omri lagde seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd i Samaria, og Ahab, son hans, vart konge i staden hans. 29 Ahab Omrison vart konge yver Israel i det åtte og trettiande året åt Juda-kongen Asa, og Ahab Omrison styrde Israel tvo og tjuge år i Samaria. 30 Ahab Omrison gjorde det som vondt var i Herrens augo, meir enn alle som hadde vore fyre honom. 31 Det var ikkje nok for honom at han livde i synderne til Jerobeam Nebatsson, men han tok jamvel og gifte seg med Jezabel, dotter åt sidonarkongen Etba’al, og gjekk so av stad og tente Ba’al og tilbad honom. 32 Og han reiste eit altar for Ba’al i det Ba’als-huset som han hadde bygt i Samaria. 33 Ahab fekk ei Asjera tillaga og gjorde meir til å harma Herren, Israels Gud, enn alle Israels-kongarne som hadde vore fyre honom. 34 I hans tid bygde beteliten Hiel upp att Jeriko. Men det kosta honom eldste son hans, Abiram, å leggja grunnen; og det kosta honom yngste son hans, Segub, å setja upp portarne, etter det ord Herren hadde tala gjenom Josva Nunsson.
Copyright information for NorSMB