1 Kings 19

Ahab fortalde Jezabel alt det som Elia hadde gjort, og korleis han hadde drepe alle profetarne med sverd. Då sende Jezabel eit bod til Elia med dei ordi: «Gudarne late meg bøta både no og sidan, um eg ikkje i morgon ved denne tid skal lata ditt liv få same lagnad som kvar av hine.» Og då han fekk den greida, tok han ut og rømde for livet, og han kom til Be’erseba, som høyrer til Juda; der let han drengen sin vera att. Men sjølv gjekk han ei dagsleid ut i øydemarki. Der sette han seg under ein einerunne, og han ynskte at han måtte få døy, og sagde: «No er det nok; Herre, tak no livet mitt, for eg er ikkje betre enn federne mine.» So lagde han seg til å sovna under ein einerunne. Men då tok ein engel i honom og sagde: «Statt upp og et!» Og då han skulde sjå til, so låg det ved hovudgjerdi hans ei kaka steikt på gloande steinar, og det stod ei krukke med vatn; og han åt og drakk og lagde seg att. Då kom Herrens engel att andre gongen og tok i honom og sagde: «Statt upp og et! For elles vert vegen for lang for deg.» Og han stod upp og åt og drakk, og styrkt av denne maten gjekk han i fyrti dagar og fyrti netter alt til Gudsfjellet Horeb. Der gjekk han inn i ein heller og var der um natti. Då kom Herrens ord til honom; han sagde til honom: «Kva vil du her, Elia?» 10 Og han svara: «Eg hev brunne av brennhug for Herren, allhers Gud; for Israels-borni hev vendt seg burt ifrå sambandet ditt; altari dine hev dei rive ned, og profetarne dine hev dei drepe med sverd; eg er att åleine, og dei stend meg etter livet.» 11 Då sagde han: «Gakk ut og statt på fjellet for Herrens åsyn!» Og so gjekk Herren framum der. Fyre Herren kom det ein stor og veldug storm, so fjell rivna og klettar klovna; Herren var ikkje i stormen. Etter stormen kom det ein jordskjelv; Herren var ikkje i jordskjelven. 12 Etter jordskjelven kom det eld; men Herren var ikkje i elden. Etter elden høyrdest ei mild susing. 13 So snart Elia høyrde det, sveipte han andlitet inn i kappa si og gjekk ut og stod ved inngangen til helleren. Då tala ei røyst til honom og sagde: «Kva vil du her, Elia?» 14 Og han svara: «Eg hev brunne av brennhug for Herren, Allhers Gud; for Israels-borni hev vendt seg burt frå sambandet ditt; altari dine hev dei rive ned, og profetarne dine hev dei drepe med sverd; eg er att åleine, og dei stend meg etter livet.» 15 Herren sagde til honom: «Far no attende og tak vegen til Damaskusheidi, og gakk inn i byen og salva Hazael til konge yver Syria! 16 Og Jehu Nimsison skal du salva til konge yver Israel, og Elisa Safatsson frå Abel-Mehola, skal du salva til profet i din stad. 17 Då skal det ganga so: Den som slepp undan Hazael-sverdet, honom skal Jehu drepa, og den som slepp undan Jehu-sverdet, skal Elisa drepa. 18 Men eg vil lata sju tusund vera att i Israel, alle dei kne som ikkje hev bøygt seg for Ba’al, og kvar munn som ikkje hev gjeve honom hyllingskyss.» 19 Då han gjekk derifrå, råka han på Elisa Safatsson, som heldt på og pløgde; tolv par uksar gjekk fyre honom, og sjølv køyrde han det tolvte paret. Og Elia gjekk burt til honom og kasta kappa si på honom. 20 Då slepte han uksarne og sprang etter Elia og sagde: «Lat meg få kyssa far min og mor mi, so skal eg fylgja deg!» Han sagde til honom: «Snu heim att då! Men kom i hug kva eg hev gjort med deg!» 21 So gjekk han ifrå honom att og tok dei tvo uksarne og slagta deim, og med oket åt uksarne koka han kjøtet deira og gav folket, og dei åt. Sidan tok han ut og fylgde Elia og vart tenaren hans.
Copyright information for NorSMB