1 Kings 2

Då det leid til at David skulde døy, gav han Salomo, son sin, fyresegner og sagde: «Eg gjeng no den vegen som all verdi må fara. Ver so du sterk, og vert ein mann! Tak vare på alt det som Herren, din Gud, vil du skal taka vare på, so du ferdast på hans vegar og rettar deg etter hans lover og bod og rettar og fyresegner, soleis som det er skrive i Mose lov, so du må fara vist åt i alt det du tek deg fyre, og kvar du vender deg - so Herren kann halda den lovnad han gav meg og sagde: «Aldri skal du vanta ein ettermann på Israels kongsstol,» sagde han, «er so sønerne dine agtar på vegen sin, so dei ferdast for mi åsyn i truskap av alt sitt hjarta og heile si sjæl.» Du og veit sjølv kva Joab, son åt Seruja, hev gjort imot meg, korleis han bar seg åt mot dei tvo herførarane i Israel, Abner Nersson og Amasa Jetersson, at han tok livet av deim og rende ut blod i fredstid plent som det hadde vore krig, og bloda ut beltet um livet sitt og skorne på føterne sine. Stell deg no difor som du hev visdom til, og lat ikkje dei grå håri hans fara i fred ned i helheimen. Men sønerne åt Barzillai frå Gilead skal du gjera vel imot; dei skal vera millom deim som et ved bordet ditt; for soleis møtte dei meg den gongen eg laut røma for Absalom, bror din. So hev du hjå deg benjaminiten Sime’i, son åt Gera, frå Bahurim; han lyste ei rysjeleg våbøn yver meg den dagen eg gjekk til Mahanajim; men han kom meg sidan i møte nedmed Jordan, og då svor eg honom til ved Herren at eg ikkje skulde drepa honom med sverd. Men no må du ikkje lata honom vera ustraffa, for du er ein vis mann, og veit korleis du skal fara åt med honom, so du let dei grå håri hans fara blodute ned i helheimen.» 10 So Lagde David seg til kvile hjå federne sine; han vart gravlagd i Davidsbyen. 11 I fyrti år hadde David vore konge yver Israel. I Hebron styrde han i sju år, og i Jerusalem styrde han i tri og tretti år. 12 Og Salomo sette i kongsstolen åt David, far sin, og kongedømet hans vart ovleg sterkt. 13 Men Adonia, son åt Haggit, gjekk inn til Batseba, mor åt Salomo. Ho spurde då: «Kjem du med fred?» Han svara: «Ja, med fred!» 14 So sagde han: «Eg hev ein ting å tala med deg um.» «Ja, tala ut!» svara ho. 15 Då sagde han: «Du veit sjølv at kongedømet høyrde meg til, og at heile Israel vona på meg til konge. Men kongedømet gjekk ifrå meg og til bror min; det vart hans, for di Herren laga det so. 16 No hev eg ei einaste bøn til deg - vis meg ikkje burt.» Ho sagde til honom: «Tala ut!» 17 Då sagde han: «Seg du til kong Salomo - for deg viser han ikkje burt - at han skal gjeva meg Abisag frå Sunem til kona!» 18 Batseba svara: «Godt, eg skal tala til kongen um deg.» 19 So gjekk Batseba inn til kong Salomo og vilde tala med honom um Adonia. Kongen reis upp, gjekk til møtes med henne og bøygde seg for henne, og han sette seg atter i kongsstolen sin. Dei laga til eit sæte for kongsmori, og ho sette seg attmed honom på høgre sida. 20 So sagde ho: «Eg hev ei einaste liti bøn til deg; seg ikkje nei!» Og kongen sagde til henne: «Kom fram med bøni di, mor! Eg skal ikkje visa deg burt.» 21 Då sagde ho: «Lat Adonia, bror din, få Abisag frå Sunem til kona!» 22 Men kong Salomo svara og sagde til mor: «Kvi bed du nettupp um Abisag frå Sunem åt Adonia? Bed heller um kongedømet åt honom - for han er då eldste bror min - ja, både åt honom og åt presten Abjatar og åt Joab Serujason.» 23 Og kong Salomo svor ved Herren og sagde: «Herren late meg bøta både no og sidan, um ikkje Adonia skal få bøta med livet sitt, for di han hev tala dette! 24 So sant Herren liver, han som hev gjeve meg ein stød sess i kongsstolen åt David, far min, og som etter lovnaden sin hev reist meg eit kongehus, so skal Adonia døy i denne dag!» 25 Og kong Salomo sende i veg Benaja Jojadason. Han slo honom ned, og han døydde. 26 Til presten Abjatar sagde kongen: «Gakk til Anatot, til garden din! for du er ein daudedømd mann! men nettupp i dag vil eg ikkje taka livet ditt, etter di du hev bore Herrens, Herrens kista framfyre David, far min, og etter di du hev lide med i alt som far min laut lida.» 27 So jaga Salomo Abjatar burt og let honom ikkje lenger vera Herrens prest, so det skulde sannast det som Herren hadde sagt um ætti åt Eli i Silo. 28 Då Joab, som hadde halde lag med Adonia, endå han ikkje hadde gjenge saman med Absalom, frette dette, rømde han inn i Herrens tjeld og fata um altarhorni. 29 Men då kong Salomo fekk vita at Joab hadde rømt til Herrens tjeld, og at han stod innmed altaret, sende Salomo Benaja Jojadason i veg og sagde: «Gakk av stad og slå honom ned!» 30 Då no Benaja kom til Herrens tjeld, sagde han til honom: «So segjer kongen: «Gakk ut!»» Men han svara: «Nei, her vil eg døy.» Og Benaja melde svaret til kongen og sagde: «So hev Joab sagt, og so hev han svara meg.» 31 Kongen sagde til honom: «Gjer som han hev sagt, slå honom ned og få honom i jordi, og fria soleis meg og farshuset mitt frå det skuldlause blodet som Joab hev rent ut! 32 Og Herren skal lata blodet hans koma att yver hans eige hovud, av di han hogg ned tvo menner som var rettferdigare og betre enn han sjølv, og drap deim med sverd utan at David, far min, visste det; det var Abner Nersson, Israels herførar, og Amasa Jetersson, Judas herførar. 33 Ja, blodet deira skal koma att yver hovudet åt Joab og avkjømet hans i all æva. Men David og hans avkjøme og huset og kongsstolen hans skal Herren gjeva fred i all æva.» 34 Benaja Jojadason gjekk so upp og slo honom ned og tok livet av honom, og han vart jorda attmed huset sitt i øydemarki. 35 Og kongen sette Benaja Jojadason i hans stad yver heren, og sette presten Sadok i romet etter Abjatar. 36 Sidan sende kongen bod og kalla til seg Sime’i, og sagde til honom: «Bygg deg eit hus i Jerusalem, og gjev deg til der! Du skal ikkje ganga ut derifrå til nokon annan stad. 37 For det skal du vita, at den dagen du gjeng yver Kidronsbekken, skal du døy. Då skal blodet ditt koma yver hovudet ditt.» 38 Og Sime’i sagde til honom: «Godt; som min herre kongen hev sagt, soleis skal tenaren din gjera.» Og Sime’i budde no i Jerusalem ei tid frametter. 39 So hende det, då tri år var farne, at tvo av trælarne hjå Sime’i rømde til Akis Ma’akason, kongen i Gat. Og då Sime’i frette at trælarne hans var i Gat, 40 sala han asnet sitt og for til Gat, til Akis, og vilde leita etter deim; Sime’i tok i veg og fekk trælarne sine med seg heim frå Gat. 41 Då no Salomo fekk tiend um at Sime’i var faren ut or Jerusalem og til Gat og var komen att, 42 sende kongen bod og kalla til seg Sime’i, og sagde til honom: «Hev eg ikkje teke ein eid av deg ved Herren og åtvara deg og sagt: «Det skal du vita, at den dagen du gjeng ut og fer nokon stad av, skal du døy?» Og du sagde: «Det er godt; eg hev høyrt det.» 43 Kvi hev du då ikkje agta på eiden din ved Herren, og den fyresegn eg gav deg?» 44 Og kongen heldt fram og sagde til Sime’i: «Du veit sjølv alt det vonde du hev gjort David, far min; hjarta ditt kjenner det. Herren skal no lata vondskapen din koma att yver ditt eige hovud. 45 Men kong Salomo skal verta velsigna, og Davids kongsstol standa fast for Herrens åsyn i all æva.» 46 Etter bod frå kongen gjekk so Benaja Jojadason ut og hogg honom ned, og han døydde. Og Salomo heldt kongedømet med endå fastare hand.
Copyright information for NorSMB