1 Kings 20

Benhadad, kongen i Syria, samla heile heren sin, og han hadde med seg tvo og tretti kongar, og hestar og vogner; han drog upp og kringsette Samaria og gjorde åtak på byen. Og han sende bod inn i byen til Ahab, Israels-kongen, med dei ordi: «So segjer Benhadad: «Sylvet ditt og gullet ditt høyrer meg til, og dei vænaste av konorne og borni dine, høyrer meg til.»» Israels-kongen svara og sagde: «Det er som du segjer, herre konge. Eg høyrer deg til med alt som mitt er.» Men sendebodi kom att og sagde: «So segjer Benhadad: «Eg sende bod til deg med dei ordi: «Sylvet ditt og gullet ditt og konorne og borni dine skal du gjeva meg.» I morgon ved dette bilet sender eg tenarane mine til deg, og dei skal ransaka ditt hus og husi åt tenarane dine, og alt det augo dine hev likar best, skal dei taka med seg og føra burt.»» Då kalla Israels-kongen til seg alle styresmennerne i landet og sagde: «De må skyna og sjå at han vil oss vondt. For han sende bod til meg um konorne og borni mine og um sylvet og gullet mitt, og eg neitta ikkje å gjeva honom det.» Då sagde alle styresmennerne og alt folket: «Du må ikkje høyra på honom og ikkje gjera honom til viljes.» Då sagde han til sendebodi frå Benhadad: «Seg til min herre kongen: «Eg skal gjera alt det som du fyrste gongen sende bod um til tenaren din; men dette kann eg ikkje gjera.»» So gjekk sendebodi burt og bar svaret fram. 10 Då sende Benhadad bod til honom med dei ordi: «Gudarne late meg bøta no og sidan, um gruset i Samaria skal rekka til å fylla nevarne på alt det folket som eg hev med meg.» 11 Men Israels-kongen svara og sagde: «So skal de segja: «Ei rose seg den som bind sverdet um seg, som den som løyser det av seg!»» 12 Då Benhadad høyrde det svaret, medan han og kongarne sat og drakk i lauvhyttorne, sagde han til tenarane sine: «Ferdig til åtak!» Og dei gjorde seg ferdige til å setja inn på byen. 13 Med same kom det ein profet burt til Ahab, Israels-kongen, og sagde: «So segjer Herren: «Ser du heile denne store hopen? I dag skal du sjå eg gjev honom i di hand, so du skal skyna at eg er Herren.»» 14 Men Ahab spurde: «Kven skal vera reidskap?» Han svara: «So segjer Herren: «Jarlesveinarne.»» Og han spurde: «Kven skal taka til med striden?» Og han svara: «Det skal du.» 15 So mynstra han jarlesveinarne, og dei var tvo hundrad og tvo og tretti, og etter deim mynstra han heile folket, alle Israels-sønerne, sju tusund i talet. 16 Dei drog ut ved middagsbil, medan Benhadad drakk seg eit rus i lauvhyttorne saman med dei tvo og tretti kongarne som skulde hjelpa honom. 17 Fyrst drog jarlesveinar ut, og dei bodi Benhadad sende, melde honom at det kom folk ut frå Samaria. 18 Då sagde han: «Hev dei drege ut til fred, so grip deim livande, og hev dei drege ut til strid, so grip deim livande!» 19 Men dei drog ut or byen, jarlesveinarne og heren som fylgde deim, 20 og dei hogg ned kvar sin mann, og syrarane rømde, og Israel sette etter deim, og Benhadad, syrarkongen, slapp undan på ein hest saman med nokre riddarar. 21 So drog Israels-kongen ut og slo hestfolket og vognheren, so syrarane leid stor usiger. 22 Då steig profeten fram for Israels-kongen og sagde til honom: «Gakk og samla krafti di, og tenk vel etter kva du vil gjera! For næste år dreg syrarkongen upp i mot deg att.» 23 Men tenarane åt syrarkongen sagde til honom: «Guden deira er ein fjellgud, difor vann dei yver oss, lat oss strida imot deim på sletta, so skal me visseleg vinna yver deim. 24 Og dette skal du gjera: Set kvar og ein av kongarne av frå hans post, og set jarlar i staden deira. 25 Få deg so sjølv ein her, likso stor som den du hev mist, og likso mange hestar og vogner, og lat oss so strida imot deim på sletta, då skal me visseleg vinna yver deim.» Han høyrde på det dei sagde, og gjorde so. 26 Året etter mynstra Benhadad syrarane og drog upp til Afek, til strid imot Israel. 27 Og Israels-sønerne vart mynstra og utnista, og dei drog imot deim; og Israels-sønerne lægra seg midt imot deim som tvo små geiteflokkar, men syrarane fyllte landet. 28 Då steig gudsmannen fram og sagde til Israels-kongen: «So segjer Herren: «For di syrarane hev sagt at Herren er ein fjellgud og ikkje ein dalgud, so vil eg gjeva heile denne store hopen i henderne dine, og de skal skyna at eg er Herren.»» 29 So låg dei lægra imot kvarandre i sju dagar; men på den sjuande dagen kom det til strid, og Israels-sønerne hogg ned syrarane, hundrad tusund fotfolk på ein dag. 30 Dei som var att, rømde inn i byen Afek, men bymuren ramla ned yver dei sju og tjuge tusund mann som var att. Og Benhadad rømde og kom inn i byen og sprang frå kove til kove. 31 Då sagde mennerne hans til honom: «Høyr no her!» Me hev frett at kongarne av Israels hus er milde kongar; lat oss binda sekkjety um lenderne og reip um hovudet og ganga ut til Israels-kongen! Kann henda han let deg få liva. 32 So batt dei sekkjety um lenderne og reip um hovudet og gjekk til Israels-kongen, og sagde: «Tenaren din Benhadad segjer: «Lat meg få liva!»» Og han svara: «Er han endå i live? Han er bror min.» 33 Og mennerne tok det for eit godt varsel, og dei skunda seg og tok honom på ordet og sagde: «Ja, Benhadad er bror din.» Då sagde han: «Gakk og henta honom!» Og Benhadad kom ut til honom, og han let honom stiga upp på vogni. 34 Då sagde Benhadad til honom: «Dei byarne som far min tok frå far din, skal eg gjeva deg att, og du kann gjera deg gator i Damaskus, liksom far min gjorde i Samaria.» «Ja vel,» (svara Ahab) «på dei vilkåri skal eg gjeva deg fri». So gjorde han samband med honom og let honom fara. 35 Men ein av profetsveinarne sagde til ein annan etter Herrens fyresegn: «Slå meg!» Men mannen vilde ikkje slå honom. 36 Då sagde han til honom: «Av di du ikkje lydde Herrens røyst, so skal ei løva slå deg når du gjeng burt ifrå meg.» Og då han gjekk ifrå honom, råka ei løva på honom og slo honom ned. 37 Sidan råka han ein annan mann og sagde: «Slå meg!» Og mannen slo honom so han fekk ei flengja. 38 So gjekk profeten og stelte seg på vegen der kongen skulde koma; men han batt eitt plagg for augo, so ingen kunde kjenna honom. 39 Då kongen so kom framum der, ropa han til kongen: «Tenaren din hadde gjeve seg inn i striden; då kom det ein mann ut or fylkingi og førde til meg ein mann og sagde: «Tak vare på denne mannen! Slepp han burt, skal du svara for honom med ditt liv eller vega ut tvo og ei halv våg sylv.» 40 Men medan tenaren din hadde eitt og anna å gjera her og der, so slapp han burt.» Israels-kongen sagde til honom: «So hev du domen som du sjølv hev felt.» 41 Då skunda han seg og tok plagget burt frå augo sine, og Israels-kongen kjende honom, at han var ein av profetarne. 42 Han sagde til honom: «So segjer Herren: «Sidan du hev slept or henderne den mannen som eg hev bannstøytt, so skal ditt liv svara for hans liv, og ditt folk for hans folk.»» 43 Og Israels-kongen for heim, mismodig og harm, og kom til Samaria.
Copyright information for NorSMB