1 Kings 4

Kong Salomo var no konge yver heile Israel. Og dei fremste menner han hadde var dette: Azarja Sadoksson var prest; Elihoref og Ahia, søner åt Sisa, var riksskrivarar; Josafat Ahiludsson var kanslar; Benaja Jojadason var set yver heren, og Sadok og Abjatar var prestar. Azarja Natansson var set yver futarne, Zabud Natansson var prest og ven med kongen; Ahisar var drottsete, og Adoniram Abdason hadde tilsyn med pliktarbeidarane. Og Salomo hadde tolv bygdefutar yver heile Israel. Dei hadde på seg å forsyna kongen og kongsgarden hans; dei forsynte honom kvar sin månad um året. Dette er namni deira: Son åt Hur i fjellbygdi i Efraim; son åt Deker i Mahas og i Sa’albim, Bet-Semes, Elon-Bet-Hanan; 10 son åt Hesed i Arubbot, som hadde Soko og heile Heferlandet; 11 son åt Ahinadab, som hadde heile høglandet Dor, og som fekk Tafat, dotter åt Salomo, til kona; 12 Ba’ana Ahiludsson i Ta’anak og Megiddo og i heile den luten av Bet-Sean som ligg attmed Sartan nedanfor Jizre’el, frå Bet-Sean til Ahel-Mehola og burtum Jokmeam; 13 son åt Geber i Ramot i Gilead; han hadde Gileads-byarne åt Ja’ir Manasseson; han hadde Argoblandet, som ligg i Basan, seksti store byar med murar og koparslåer; 14 Ahinadab Iddoson hadde Mahanajim; 15 Ahima’as i Naftali; han og hadde teke ei dotter åt Salomo, Basmat, til kona; 16 Ba’ana Husaison i Asser og Alot; 17 Josafat Paruahsson i Issakar; 18 Sime’i Elason i Benjamin; 19 Geber Urison i Gileadlandet, det landet som amoritarkongen Sihon og kong Og i Basan hadde havt; og han var den einaste futen i den landsluten. 20 Juda og Israel var då so mangmente som sanden ved havet; og dei åt og drakk og var glade. 21 Og Salomo rådde yver alle kongeriki frå Storelvi til Filistarlandet og heilt ned til landskilet imot Egyptarland. Dei sende gåvor til Salomo, og lydde honom so lenge han livde. 22 Og dei matvaror Salomo trong for kvar dag, var nitti tunnor fint mjøl og eit hundrad og åtteti tunnor vanlegt mjøl, 23 ti gjødde uksar, tjuge utgangsuksar, hundrad sauer, umfram hjortar, gasellor, antilopar og gjødde fuglar. 24 For han rådde yver heile landet på andre sida av Storelvi, frå Tifsah og heilt til Gaza, han stod yver alle kongarne på andre sida Storelvi, og han hadde fred rundt ikring, 25 so Juda og Israel sat trygt, kvar mann under sit vintre og under sitt fiketre, ifrå Dan radt til Be’erseba, so lenge Salomo livde. 26 Og Salomo hadde fyrti tusund par vognhestar og tolv tusund ridehestar. 27 Og bygdefutarne forsynte kong Salomo og alle deim som gjekk til bords hjå kong Salomo kvar sin månad; dei let det ikkje skorta på nokon ting. 28 Bygg og halm til hestarne og tråvarane sende dei, kvar etter sin tur, til den staden der han heldt til. 29 Og Gud gav Salomo visdom og ovstor kunnskap og eit vit som femnde vidt - liksom sanden ved havet, 30 so at visdomen åt Salomo var større enn visdomen hjå austmennerne og egyptarane. 31 Han var visare enn alle andre menneskje, visare enn ezrehiten Etan, Heman og Kalkol og Darda, sønerne åt Mahol; og det gjekk gjetord av honom hjå alle folki vida ikring. 32 Han dikta tri tusund ordtøke, og songarne hans var eit tusund og fem i talet. 33 Han tala um trei, like frå cederen på Libanon til isopen som veks uppetter murveggen; han tala um firfot-dyri og fuglarne, um krypdyri og fiskarne. 34 Frå alle land kom dei og vilde høyra på visdomen åt Salomo, frå alle kongarne på jordi som høyrde gjete kor vis han var.
Copyright information for NorSMB