1 Kings 5

Og Hiram, kongen i Tyrus, sende tenarane sine til Salomo, då han no hadde frett at han var salva til konge etter David, far sin; for Hiram hadde alltid vore til vens med David. Og Salomo sende bod til Hiram med den helsingi: «Du veit at David, far min, ikkje kunde bygja noko hus for namnet åt Herren, hans Gud, av di han fekk ufred med fiendarne på alle kantar, til dess Herren lagde deim under føterne hans. Men no hev Herren, min Gud, late meg få ro til alle sidor; der er ingen motmann og ingen fåre. Difor hev eg sett meg fyre at eg vil byggja eit hus for namnet åt Herren, min Gud, etter det Herren sagde til David, far min: «Son din, som eg vil setja i kongsstolen i din stad, han skal byggja huset åt namnet mitt.» Gjev no difor påbod um at dei skal fella ceder åt meg på Libanon! Arbeidsfolket mitt skal vera med arbeidsfolket ditt, og eg skal gjeva deg den løn folket ditt skal hava, plent som du vil. For du veit sjølv at det finst ingen millom oss som skynar seg so godt på skogshogster som sidoniarane.» Då Hiram høyrde denne helsingi frå Salomo, vart han ovleg glad og sagde: «Lova vere Herren i dag, som hev gjeve David ein vis son til hovding yver dette mangmente folket!» Og Hiram sende bod til Salomo med den helsingi: «Eg hev høyrt den buskapen du hev sendt meg; eg skal gjera alt det du ynskjer med umsyn til cedertrei og cypresstrei. Arbeidsfolket mitt skal få deim ned frå Libanon til havet; so skal eg få deim lagde i hop i flotar på havet, og føra deim til den staden som du gjev meg bod um; der skal eg få deim tekne frå kvarandre, og so fær du henta deim. Men so skal du gjera meg til viljes med å forsyna huset mitt med matvaror.» 10 So let Hiram Salomo få alt han vilde hava av cedertre og cypresstre, 11 og Salomo gav Hiram seksti tusund tunnor kveite til hushaldet hans og seksti tunnor olje av sundstøytte oljebær. Dette let Salomo Hiram få kvart år. 12 Og Herren gav Salomo visdom, soleis som han hadde lova honom, og det var fred millom Hiram og Salomo; dei tvo gjorde eit samband med einannan. 13 Kong Salomo tok so ut pliktarbeidarar i heile Israel; og dei var tretti tusund mann. 14 Han sende deim til Libanon, ti tusund um månaden etter tur; ein månad var dei på Libanon, tvo månader heime. Og Adoniram hadde tilsynet med pliktarbeidarane. 15 Salomo hadde sytti tusund berarar og åtteti tusund steinhoggarar i bergi, 16 umfram dei tri tusund tri hundrad arbeidsfutar som styrde arbeidet for Salomo og rådde yver folket som gjorde arbeidet. 17 Etter bod frå kongen braut dei ut store steinar, kostesame steinar til grunnmur under huset, firhogne steinar. 18 Og bygningsmennerne til Salomo og Hiram og mennerne frå Gebal hogg til og gjorde ferdig trevyrket og steinarne til husbygningi.
Copyright information for NorSMB