1 Kings 6

I det fire hundrad og åttetiande året etter Israels-folket for ut or Egyptarland i månaden siv - det er den andre månaden i det fjorde året etter Salomo hadde vorte konge yver Israel - tok han til å byggja huset for Herren. Huset som kong Salomo bygde for Herren, var seksti alner langt, tjuge alner breidt og tretti alner høgt. Forhalli framanfor det heilage var tjuge alner lang langs etter breidsida på huset og ti alner breid framanfrå huset. Han laga vindaugo på huset med fast traleverk fyre. Og rundt umkring huset frammed veggen sette han upp ein tilbygnad, umkring både det heilage og det høgheilage, og reide til kovar der rundt ikring. Den nedste høgdi var fem alner breid, millomhøgdi seks alner breid, og den tridje høgdi var sju alner breid; for han hadde gjort hjellar utantil rundt um på huset, so ikkje bjelkarne skulde ganga inn i husveggjerne. Då huset vart reist, vart det bygt av stein som var tilhoggen i steinbrotet; difor høyrde ein korkje hamar eller øks eller noko jarnverkty i huset då det vart bygt. Døri til midkoven stod på høgre sida av huset, med ei vindetropp kom ein upp i andre høgdi og frå andre høgdi upp i tridje høgdi. Då han hadde bygt huset fullferdigt, tekte han det med bjelkar og cederplankar i rader. 10 Og tilbygnaden frammed heile huset sette han upp i høgder på fem alner; dei var feste til huset med cederbjelkar. 11 Og Herrens ord kom til Salomo soleis: 12 «Dette huset som du byggjer - dersom du gjeng etter mine fyresegner og held loverne mine og agtar på alle bodordi mine og fylgjer deim, so vil eg stadfesta på deg det ordet som eg tala til David, far din, 13 og eg vil bu hjå Israels-borni og ikkje slå handi av Israel, folket mitt.» 14 So bygde då Salomo huset og gjorde det fullferdigt. 15 Han klædde husveggjerne innvendes med cederbord; frå golvet i huset og like upp til loftslistarne klædde han det med bord innvendes, og golvet i huset klædde han yver med cypressplankar. 16 Tjuge alner fram ifrå baksida i templet sette han ein vegg av cederbord frå golvet og upp til loftslisterne, og dette reidde han til innvendes kor åt seg, det høgheilage. 17 Og huset - det heilage framanfor koret - var fyrti alner langt. 18 Innantil hadde huset cederklædnad med utskorne kolokvintar og blomeband; alt saman der var av cedertre; ingen stein synte. 19 Inst i huset reidde han til ein kor til å setja Herrens sambandskista i. 20 Og framanfor koren, som var tjuge alner lang og tjuge alner breid og tjuge alner høg, og som han klædde med skirt gull, sette han eit altar og klædde det med cedertre. 21 Og Salomo klædde huset innvendes med skirt gull, og han hengde gullkjedor frametter veggen framfor koren og klædde den og med gull. 22 Heile huset klædde han med gull, til det var gullklædt heilt og halde. Han klædde og med gull heile altaret som høyrde til i koren. 23 Tvo kerubar av oljetre laga han og til i koren; ti alner var deira høgd. 24 Fem alner var den eine kerubvengen fem alner var den andre, ti alner frå vengjesnipp til vengjesnipp. 25 Ti alner var den andre keruben og; båe kerubarne hadde same mål og same skap. 26 Den eine keruben var ti alner høg, og det same var den andre. 27 Og han sette kerubarne midt i inste romet i huset, og breidde ut vengjerne deira, so den eine keruben nådde burt i veggen med eine vengjen, og den andre keruben nådde veggen på hi sida med eine vengjen; og midt i huset nådde dei tvo andre vengjerne i hop. 28 Og han klædde kerubarne yver med gull. 29 Og alle veggjer i huset rundt ikring prydde han med utskorne bilæte av kerubar og palmor og utsprotne blomar både i inste romet og i det ytre romet. 30 Golvet i huset klædde han yver med gull, både i inste romet og i det ytre. 31 For inngangen til koren sette han vengdører av oljetre. Dørkarmen med stolparne var ein femtepart av veggen. 32 Og dei tvo dørerne av oljetre prydde han med utskorne bilæte av kerubar og palmor og utsprotne blomar og klædde deim med gull. Han lagde gullet ut yver kerubarne og palmorne. 33 Sameleis sette han dørstolpar av oljetre for inngangen til det heilage, på fjordeparten av veggen, 34 og tvo vengdører av cypresstre, den eine vengdøri laga av tvo rørlege bordbreider, og den andre vengdøri laga av tvo rørlege bordbreider. 35 Og han fekk skore ut kerubar og palmor og utsprotne blomar og lagde på gull, som vart jamna utyver treskurden. 36 Den indre fyregarden gjerde han inn med tri rader hoggen stein og ei rad cederbjelkar. 37 I det fjorde året, i månaden siv, vart grunnen lagd til Herrens hus, 38 og i det ellevte året, i månaden bul - det er åttande månaden - var huset ferdigt i alle stykke og heilt som det skulde vera. I sju år var det då bygt på det.
Copyright information for NorSMB