1 Kings 7

Men på sitt eige hus bygde Salomo i trettan år fyrr han var ferdig med heile huset sitt. Han bygde Libanonskoghuset, hundrad alner langt og femti alner breidt og tretti alner høgt, på fire rader av cederstolpar og med cederbjelkar uppå stolparne. Og det var tekt med cedertre uppyver loftsromi på stolparne, fem og fyrti i talet, femtan i kvar rad. Der var bjelkelag i tri rader, og sjågluggar sat midt imot kvarandre i tri umgangar. Og alle dørerne og dørstolparne var firkanta av bjelkar; og sjågluggarne sat midt imot kvarandre i tri umgangar. So sette han upp sulehalli, som var femti alner lang og tretti alner breid; og det var ei sval framfyre henne med stolpar og troppar framum. Og han sette upp høgsæte-halli, der han sat og dømde, domshalli, og den var tilja med cederbord frå eine enden av golvet til den andre. Og huset hans, som han budde i, i det andre tunet, innanfor forhalli, var bygt på same vis. Salomo bygde og eit hus, i likskap med denne forhalli, for Farao-dotteri, som han hadde teke til kona. Alt dette var av kostesame steinar, tilhogne etter mål, skorne med sag på innsida og utsida, alt, like frå grunnen og til taklisterne: og sameleis alt utanfor like til den store fyregardsmuren. 10 Grunnmuren var lagd med kostesame og store steinar, steinar på ti alner og steinar på åtte alner. 11 Og ovanpå der var låg prydelege steinar, hogne til etter mål, og cederbjelkar. 12 Den store fyregardsmuren rundt um var uppsett med tri umfar med tilhogne steinar og eitt umfar med cederbjelkar, på same vis som den indre fyregardsmuren til Herrens hus og forhalli i huset. 13 Og kong Salomo sende bod og henta Hiram frå Tyrus. 14 Han var son åt ei enkja av Naftali-ætti, og far hans var ein mann frå Tyrus, ein koparsmed. Han hadde i fullt mål visdom og vit og kunnskap til å gjera alt slag arbeid i kopar. Han kom då til kong Salomo og gjorde alt arbeidet hans. 15 Han laga dei tvo koparsulorne; attan alner var høgdi på den eine sula og ein snor på tolv alner rakk rundt um den andre sula. 16 So laga han tvo sulehovud, støypte av kopar, til å setja på toppen av sulorne; fem alner var høgdi på det eine sulehovudet og fem alner høgdi på det andre. 17 På sulehovudi, som stod på toppen av sulorne, var der krot, på lag som garnmoskar, kjedor til hengjeprydnad, sju på kvart sulehovud. 18 Og han fekk til granateple, tvo rader rundt umkring attmed garnkrotet til å løyna sulehovudi, og soleis gjorde han og med det andre sulehovudet. 19 Sulehovudi på stolparne inni forhalli var på skap som liljor, fire alner. 20 På båe sulorne var det sulehovud, ovanum og, tett innmed den tjukkare parten på den andre sida av garnkrotet. Og granatepli var tvo hundrad, i rader rundt um på det andre sulehovudet. 21 Og han reiste upp sulorne ved forhalli til templet; den sula som han reiste på høgre sida, kalla han Jakin, og den vinstre sula han reiste upp, kalla han Boaz. 22 I øvste enden var sulorne som liljor på skap. So vart då arbeidet med stolparne fullført. 23 Han laga og eit støypt hav. Det var ti alner frå den eine kanten til den andre kanten, heilt rundt og fem alner høgt, og ei snor på tretti alner gjekk rundt um det. 24 Under trømen på det rundt ikring var der kolokvintar, ti på kvar aln rundt um havet. Kolokvintarne gjekk i tvo rader, støypte i hop i ei støyping med havet. 25 Det stod på tolv uksar; tri snudde mot nord, tri snudde mot vest, tri snudde mot sud, tri snudde mot aust. Havet låg uppå desse, og alle snudde bakkroppen inn. 26 Tjukkleiken på det var ei handbreidd, og kanten på det var laga som på eit staup, liksom ein liljeblom. Det tok tvo tusund anker. 27 So arbeide han dei ti fotstykki, av kopar. Fire alner var lengdi på kvart fotstykki, fire alner var breiddi, og tri alner var høgdi på det. 28 Og fotstykki var laga soleis: Dei hadde fyllingar, fyllingar millom hyrnelisterne; 29 og på fyllingarne - millom hyrnelisterne - var der løvor, uksar og kerubar, og det same på hyrnelisterne uppyver; nedunder løvorne og uksarne var der lauvverk som hekk nedetter. 30 Kvart fotstykke hadde fire hjul av kopar og åsar av kopar, og dei fire føterne på det hadde berestykke; berestykki var støypte på under balja; kvart hadde lauvverk på den andre sida. 31 Opningi på henne var inni krunestykket, som lyfte seg upp ei aln; i det var opningi rund og laga til underlag, halvonnor aln. På kanten der og var det bilæt-utskjeringar, men sidefyllingarne var firkanta, ikkje runde. 32 Dei fire hjuli sat nedunder fyllingarne, og hjultapparne stod fast i fotstykket; kvart hjul var halvonnor aln høgt. 33 Hjuli var gjorde som vognhjul elles; og tapparne, falli, tralerne og navi, alt saman var støypt. 34 Det var fire berestykke på dei fire hyrno på kvart fotstykke; berestykki gjekk i eitt med fotstykke. 35 Og uppå fotstykket var der eit anna stykke, som var ei halv aln høg og heilt rundt, og øvst på fotstykket sat handtaket og fyllingarne i eitt med det. 36 Og på flatsida av handtaki og på fyllingarne skar han ut kerubar, løvor og palmor etter som der var rom til på deim, og lauvverk rundt umkring. 37 Soleis laga han dei ti fotstykki; same støyping, same mål og same skap hadde dei alle. 38 Han arbeidde so ti koparbaljor; kvar balja rømde fyrti ankar og var fire alner vid. Det var ei balja på kvart av dei ti fotstykki. 39 Og han sette fem av fotstykki ved sida av huset til høgre, og fem ved sida huset til vinstre. Havet sette han på høgre sida åt huset, imot sudaust. 40 Hiram arbeidde og oskefati, og like eins skuflerne og skålarne, og soleis gjorde då Hiram ifrå seg alt det arbeid han ytte kong Salomo til Herrens hus; det var: 41 Tvo sulor og dei tvo kulorne på sulehovudi på toppen av sulorne, og dei tvo garnkroti til tekkje yver dei tvo kulerunde sulehovudi, som var på toppen av sulorne, 42 og dei fire hundrad granatepli til båe garnkroti, tvo rader granateple til kvart garnkrot til tekkje yver dei kulerunde sulehovudi på sulorne, 43 og dei ti fotstykki med dei ti baljorne uppå fotstykki, 44 og so havet - berre eitt - med dei tolv uksarne under havet, 45 dessutan oskefati, skuflerne og skålarne. Alle desse ting som Hiram arbeidde åt kong Salomo til Herrens hus, var av blank kopar. 46 I Jordan-kverven var det kongen fekk deim støypte, i den faste jordi millom Sukkot og Sartan. 47 Salomo let alle desse tingi vera uvegne, for di det var slik ei ovmengd. Det vart ikkje utrøynt kor mykje koparen vog. 48 Salomo laga og til alle dei andre ting som skulde vera i Herrens hus: gullaltaret og gullbordet, som skodebrødi skulde liggja på, 49 ljosestakarne, fem på høgre og fem på vinstre sida framfyre koren, av skiraste gull, og blomarne og lamporne og ljosesakserne av gull, 50 og fati, knivarne, skålarne, kannorne og glodpannorne av skiraste gullet, dessutan gullhengslorne til dørerne inst i huset, til det høgheilage romet, og til husdørerne inn til tempelsalen. 51 Då det no var undangjort alt det arbeid kong Salomo hadde med Herrens hus, so førde Salomo inn der heilaggåvorne åt David, far sin: sylvet, gullet og gognerne; han lagde det inn i skattkammeri i Herrens hus.
Copyright information for NorSMB