1 Kings 9

Då Salomo no hadde gjort ifrå seg byggjearbeidet med Herrens hus og kongshuset og alt det andre som han hadde hug og lyst til å få gjort, synte Herren seg for Salomo andre gongen, liksom han hadde synt seg for honom i Gibeon. Og Herren sagde til honom: «Eg hev høyrt bøni di og di audmjuke påkalling som du hev sendt upp til meg; huset du hev bygt, hev eg helga til å bera namnet mitt i all æva, og augo mine og hjarta mitt skal vera der alle dagar. Ferdast du no for mi åsyn liksom David, far din, ferdast, i hjartans reinleik og i ærlegdom, so du gjer alt det som eg hev sagt deg fyre, held loverne og rettarne mine, då skal eg halda uppe kongsstolen din i Israel æveleg, soleis som lovnaden min lydde til David, far din: «Aldri skal du vanta ein mann på Israels kongsstol.» Men dersom de og borni dykkar snur meg ryggen og ikkje held bodi mine, loverne mine som eg hev lagt fram for dykk, men gjeng av stad og dyrkar andre gudar og bed til deim, so vil eg rydja Israel ut or det landet eg hev gjeve deim; det huset eg hev helga for namnet mitt, vil eg føykja ifrå mi åsyn, og Israel skal verta eit ordtøke og ei spott millom alle folk. Og um dette huset vert aldri so høgt, so skal kvar mann fæla og spotta når han framum fer; og spør ein: «Kvifor hev Herren fare soleis åt med dette landet og dette huset?» då skal dei svara: «For di dei vende seg ifrå Herren, sin Gud, han som hadde ført federne deira ut or Egyptarland, og heldt seg til andre gudar, bad til deim og tente deim, difor hev Herren late alt dette vonde koma yver deim.»» 10 Då no tjuge år var lidne, og Salomo hadde bygt dei tvo husi, Herrens hus og kongshuset, 11 og Hiram, kongen i Tyrus, hadde hjelpt Salomo med cedertre og cypresstre og alt det gull han ynskte, so gav kong Salomo Hiram tjuge byar i Galilæa-landet. 12 Og Hiram tok ut ifrå Tyrus, og vilde sjå på dei byarne som Salomo hadde gjeve honom; men han lika deim ikkje. 13 Og han sagde: «Kva er dette for byar du hev gjeve meg, bror min?» Og han gav deim namnet Kabulslandet, som dei og hev heitt til denne dag. 14 Men Hiram sende kongen tri hundrad vågar gull. 15 Det hadde seg soleis med det arbeidsfolk som kong Salomo tok ut til byggjearbeidet med Herrens hus og sitt eige hus og Millo og muren kring Jerusalem og Hasor og Megiddo og Geser: 16 - Farao, kongen i Egyptarland, hadde sett i veg og teke Gezer, og sett eld på det og drepe kananitarne som budde i byen og so gjeve honom i heimafylgje til dotter si, kona åt Salomo; 17 men Salomo bygde upp att Gezer og Nedre Bet-Horon 18 og Ba’alat og Tadmor i øydemarki der i landet, 19 bygde og alle dei upplagsbyar Salomo hadde, og vognbyarne og hestbyarne og elles alt som Salomo fekk hug og lyst til å få bygt i Jerusalem og på Libanon og i heile kongeriket sitt -: 20 Alt det folket som fanst att av amoritarne, hetitarne, perizitarne, hevitarne og jebusitarne, folk som ikkje var av Israels ætt, 21 sønerne deira, som var att etter deim i landet, med di Israels-sønerne ikkje hadde magta å fullføra bannstøyten imot deim, desse tok Salomo ut til pliktarbeid, og soleis hev det vore til den dag i dag. 22 Men av Israels-sønerne gjorde Salomo ingen til træl; for dei var herfolk og tenarar og hovdingar og kjempor hjå honom og hovdingar for stridsvognerne og hestfolket hans. 23 Talet på yverfutarne, som stod fyre arbeidet til Salomo, var fem hundrad og femti; dei rådde yver folket som gjorde arbeidet. 24 Nettupp på den tid dotter åt Farao hadde flutt upp ifrå Davidsbyen til huset sitt, som han hadde bygt til henne, gav han seg til å byggja Millo. 25 Tri gonger um året ofra Salomo brennoffer og takkoffer på det altaret han hadde bygt til Herren, og brende røykjelse ved alteret der framfor Herrens åsyn, og hadde no huset ferdigt. 26 Kong Salomo bygde og skip i Esjon-Geber; det ligg attmed Elot på Raudehavs-strandi i Edomlandet. 27 Og Hiram sende sjøvant mannskap av sitt folk til skipi i lag med folket åt Salomo. 28 Dei for til Ofir og henta gull derifrå, eit tusund og femti våger, som dei førde til kong Salomo.
Copyright information for NorSMB