1 Samuel 11

Ammoniten Nahas drog upp og kringsette Jabes i Gilead. Då sagde alle Jabes-buarne med Nahas: «Gjer forlik med oss, so skal me tena deg!» Men ammoniten Nahas svara deim: «Ja, på det vilkåret gjer eg forlik med dykk, at eg sting ut høgre auga på dykk alle, til skjemsla for heile Israel.» Styresmennerne i Jabes sagde til honom: «Gjev oss sju dagar frest, so me fær skikka bod yver heile Israelsriket. Er det so ingen som bergar oss, so skal me gjeva oss yver til deg.» Då sendebodi kom til Sauls Gibea og lagde fram saki fram for folket, brast heile folket i gråt. Saul kom nett heim frå åkeren attum uksarne. Han spør: «Kva hev kome åt folket, etter di dei græt?» Dei fortalde honom det som Jabes-buarne hadde sagt. Då Saul høyrde dette, kom Guds ande yver honom; harmen loga upp i honom; og han tok tvo uksar, lema deim sund og sende stykki rundt i heile Israelsriket med sendebod som sagde: «Den som ikkje fylgjer Saul og Samuel, hans uksar skal fara soleis.» Ei rædsla frå Herren fall på heile folket. Og ut drog dei, alle som ein. Han mynstra heren i Bezek; Israels-sønerne talde tri hundrad tusund, og Juda-folki tretti tusund. Dei sagde med sendemennerne som var komne: «So skal det segja med Jabes-buarne i Gilead: «I morgon ved høgstedags leite skal de få hjelp!»» Då sendemennerne kom heim og fortalde det til Jabes-buarne, vart dei glade. 10 Og dei sagde til Nahas: «I morgon skal me gjeva oss yver til dykk; då fær de gjera med oss som de tykkjer.» 11 Morgonen etter skifte Saul folket i tri flokkar. Og dei braut seg inn i lægret fyrstundes i otta, og hogg ned ammonitarne frå morgonen til høgstedags leite. Dei som slapp undan, vart spreidde til alle kantar, so det vart ikkje att tvo i lag. 12 Då sagde folket med Samuel: «Kven var det som sagde: «Skal Saul vera konge yver oss?» Lat oss få tak i dei kararne, so vil me drepa deim.» 13 Men Saul sagde: «Ingen skal drepast i dag. For i dag hev Herren gjeve Israel siger.» 14 Og Samuel sagde med folket: «Kom, lat oss ganga til Gilgal og nya upp kongedømet der!» 15 Og heile folket gjekk til Gilgal, og gjorde Saul til konge der framfor Herren i Gilgal, og ofra takkoffer framfor Herren. Og alle Israels-mennerne gledde seg med ovstor fagnad.
Copyright information for NorSMB