1 Samuel 18

Då han hadde tala ut med Saul, lagde Jonatan stor elsk på David, og Jonatan elska honom som seg sjølv. Saul tok honom til seg den dagen og let honom ikkje venda heim att til far sin. Jonatan gjorde fostbrorlag med David, av di han elska honom som seg sjølv. Jonatan tok av seg kappa han bar og gav til David, og våpnkjolen sin, ja jamvel sverdet sitt og bogen sin og beltet sitt gav han honom. David drog i herferd. Kvar helst Saul sende honom, hadde han lukka med seg. Og Saul sette honom yver krigsheren. Han var vel umtykt av heile folket, endå til av tenarane åt Saul. Då dei kom heim, etter David hadde felt filistaren, gjekk kvendi ut frå alle byar i Israel, med song og dans, til å møta kong Saul med trummor, fagnadrop og triangel. Kvendi trødde dansen og song: «Tusund tynte kong Saul, men David tie tusund.» Då vart Saul brennande harm. Han mislika dei ordi og sagde: «David hev dei gjeve ti tusund; meg hev dei gjeve tusund! No vantar det honom berre kongedømet!» Og Saul såg jamleg med skakkauga på David frå den dagen. 10 Dagen etter kom den vonde åndi frå Gud yver Saul. Og han rasa i huset sitt. David spela på harpa, som han kvar dag gjorde. Saul hadde eit spjot i handi. 11 Saul kasta spjotet og tenkte: «Eg rennar spjotet gjenom David og inn i veggen!» Men David bøygde seg undan, tvo vendor. 12 Saul vart rædd David, av di Herren var med honom, samstundes som han hadde vike frå Saul. 13 Saul fekk honom då burt frå seg, med di han sette honom til herførar: han førde herfolket både ut og heim. 14 David hadde lukka med seg all stad: Herren var med honom. 15 Då Saul såg at han hadde so stor ei lukka, fekk han rædsla for honom. 16 Men heile Israel og Juda elska David; for han førde deim både ut og heim. 17 Saul sagde med David: «Her er eldste dotter mi, Merab; henne gjev eg deg til kona. Berre te deg som ein dugande kar, og før striden for Herren!» Saul tenkte: «Ikkje for mi hand skal han falla, men for filistarane.» 18 David svara Saul: «Kven er eg? og kva er ætti mi, farsætti mi i Israel, sidan eg skal verta måg til kongen.» 19 Men då tidi kom at David skulde gifta seg med Merab, dotter åt Saul, gifte han henne med Adriel frå Mehola. 20 Med Mikal Saulsdotter hadde huglagt David. Saul fekk vita det, og han lika det godt; 21 for Saul tenkte: «Eg skal gjeva henne åt honom, soleis at ho vert til ei snara for honom, so han fell for filistarhand.» Saul sagde med David: «Andre venda kann du verta mågen min.» 22 Og Saul baud folki sine: «Kviskra dette ordet i øyra på David: «Kongen likar deg godt, alle folki hans er glad i deg; no må du verta måg til kongen!»» 23 Då folki åt Saul sagde dette med David, svara han: «Tykkjer de det er so lite å vera kongsmåg? eg er då berre ein ring og fatig kar.» 24 Tenarane åt Saul fortalde honom det: «So og so sagde David.» 25 Saul sagde: «Soleis skal de segja med David: «Kongen krev ikkje onnor festargåve enn hundrad huvehold av filistarar; for kongen vil hava hemn yver fiendarne sine.»» Saul vonast fella David med filistarhand. 26 Tenarane hans melde desse ordi til David; og David lika godt å verta kongsmåg. Fyrr tidi var ute, 27 reis han upp og gjekk av stad med sveinarne sine og gav tvo hundrad filistarar banehogg. Og David førde huveholdi deira med seg og lagde fullt tal fram for kongen, so han kunde verta kongsmåg. So gav Saul honom Mikal til kona. 28 Saul såg og skyna at Herren var med David. Mikal Saulsdotter elska honom. 29 Men Saul vart stendigt meir og meir rædd David. So vart Saul uvenen åt David for heile livet. 30 Men filistarfyrstarne for i herferd. Og so tidt det for ut, hadde David meir lukka med seg enn hermennerne åt Saul. Og namnet hans vart høgvyrdt.
Copyright information for NorSMB