1 Samuel 20

David rømde frå Nevajot ved Rama, og kom til Jonatan og sagde: «Kva hev eg gjort? Kva ugjerning og kva synd hev eg gjort far din, etter di han vil taka livet av meg?» Han svara honom: «Aldri i verdi skal du døy! Sjå far gjer aldri noko, anten smått eller stort, utan han let meg vita det. Kvifor skulde då far løyna dette for meg? Det er ikkje so!» Men David gjorde eid på det: «Far din veit alt for vel at du hev fenge godvilje for meg. Difor tenkjer han: «Lat ikkje Jonatan få greida på dette! elles fær han sorg.» Men so sant Herren liver, og so sant du sjølv liver: det er berre eit stig millom meg og dauden.» Då sagde Jonatan med David: «Kva ynskjer du eg skal gjera for deg?» David svara: «I morgon er det nymåne. Eg skulde då sitja til bords med kongen. Lat meg no ganga og løyna meg ute på marki til i yvermorgon kveld. Skulde då far din sakna meg, so seg: «David nidbad meg um løyve til å springa heim til Betlehem, der som heile ætti no ber fram det årlege slagtofferet sitt.» Segjer han då: «Det er vel!» so kann tenaren din vera trygg. Men kjem sinnet yver honom, so skynar du han er fast meint på eitkvart ilt. Syn då godvilje mot tenaren din, sidan du hev late tenaren din gjera fostbrorlag med meg for Herren! Finst det nokor ugjerning eg hev gjort, so drep du meg! Kvifor skulde du føra meg til far din?» Då svara Jonatan: «Aldri i verdi! Skynar eg klårt at far vil deg eitkvart ilt, so skal eg sanneleg segja deg det.» 10 Då spurde David: «Kven skal no lata meg vita dette, um far din gjev deg eit hardt svar?» 11 Jonatan svara: «Kom, lat oss ganga ut på marki!» Og dei gjekk båe ut på marki. 12 Og Jonatan sagde med David: «Vitne er Herren, Israels Gud: når eg i morgon eller i yvermorgon ved denne tid røynar ut huglaget til far, og finn at det læt godt for David, so skal eg sanneleg senda bod til deg og lata deg vita det. 13 Herren lata Jonatan bøta for det no og sidan: um far kjem på å gjera deg noko ilt, so let eg deg vita deg, og hjelper deg til å koma undan, so du kann fara din veg i fred. Og Herren vere med deg, som han hev vore med far! 14 Og vil so du, um eg endå liver, vil du so ikkje syna Herrens godvilje mot meg, so eg slepp lata livet? 15 Aldri i æva vil du vel taka godviljen burt frå ætti mi, jamvel når Herren tek alle uvenerne åt David burt frå jordi.» 16 So gjorde Jonatan ei pakt med Davids hus og sagde: «Herren take hemn yver uvenerne åt David!» 17 Og Jonatan tok David i eid endå ein gong ved sin kjærleik til honom; for han elska honom som han elska si eigi sjæl. 18 Jonatan sagde til honom: «I morgon er det nymåne. Då vert du sakna, av di sessen din kjem til å sakna deg. 19 I yvermorgon skal du skunda deg ned til løynstaden din, der du løynde deg den dagen det du veit skulde gjerast; og haldt deg attmed Burtferd-steinen. 20 Eg vil då vera i nærleiken og skjota til måls med tri piler. 21 So sender eg sveinen min av stad til å leita upp pilerne. Brukar eg då desse ordi til sveinen: «Sjå pilerne ligg på denne sida, tak deim!» - so kann du koma fram; for då er det ingen fåre for deg og ingen ting i vegen, so sant Herren liver. 22 Men segjer eg til guten: «Sjå pilerne ligg lenger burte!» so far din veg! for då sender Herren deg burt. 23 Til æveleg tid er Herren vitne til det ordet eg og du hev tala saman.» 24 So løynde David seg ute på marki. Då nymånedagen kom, sette kongen seg til bords til å eta. 25 Kongen sat på sin vanlege sess, høgsætet attmed veggen; Jonatan stod upp, og Abner sat ved sida av Saul. Men sessen åt David var tom. 26 Saul gat ingen ting den dagen; for han tenkte: «Det hev vel hendt honom noko, so han ikkje er rein, av di han endå ikkje hev reinsa seg.» 27 Men då sessen åt David stod tomt ogso næste dag, dagen etter nymånedagen, spurde Saul Jonatan, son sin: «Kvi hev ikkje Isaisonen kome til bords antan i går eller i dag?» 28 Jonatan svara Saul: «David nidbad meg um løyve til å fara åt Betlehem; 29 han sagde: «Lat meg fara, for me held offerfest heile ætti der i byen, og bror min hev sjølv bode meg koma; held du aldri so lite av meg, so lat meg få lov å fara heim so eg kann vitja brørne mine!» Difor kjem han ikkje til kongsbordet.» 30 Då vart Saul brennande harm på Jonatan og sagde til honom: «Du son til ei treisk og rangsnudd kvinna! Visste eg ikkje at du hev huglagt Isaisonen, til skjemsla for deg sjølv, og til skjemsla for blygsli åt mor di! 31 So lenge Isaisonen liver, stend både du og kongedømet ditt på utrygg grunn. Send difor bod og henta honom til meg! for han skal vera feig.» 32 Jonatan svara Saul, far sin: «Kvifor skal han lata livet? Kva hev han gjort?» 33 Då kasta Saul spjotet imot honom, og vilde drepa honom. No skyna Jonatan at far hans var fast meint på å drepa David. 34 Jonatan reis upp frå bordet, harm i hugen, og smaka ikkje matbiten denne andre nymånedagen; for han syrgde sårt yver David, av di far hans hadde svivyrdt honom. 35 Morgonen etter gjekk Jonatan ut på marki den tid han hadde avtala med David; og ein liten svein var med honom. 36 Han sagde til sveinen: «Spring du og leita etter pilerne som eg skyt!» Medan sveinen sprang av stad, skaut han ut pili framum honom. 37 Då sveinen nådde dit pili låg som Jonatan hadde skote, ropa Jonatan etter sveinen: «Pili ligg då lenger burte!» 38 Framleides ropa Jonatan etter sveinen: «Nøyt deg! skunda deg! statt ikkje der!» Då sanka sveinen åt Jonatan pilerne og bar til husbonden sin. 39 Sveinen skyna ingen ting; einast Jonatan og David skyna meiningi. 40 Jonatan gav våpni sine til sveinen som var med honom, og sagde: «Far heim til byen med deim!» 41 Då sveinen var faren, reis David upp på sørsida. Han fall å gruve til jordi, og bøygde seg tri gonger. Dei kysste einannan, og gret med einannan. Og David stridgret. 42 Jonatan sagde til David: «Far i fred! Lat det standa med magt det me batt med ein eid i Herrens namn, då me sagde: «Herren skal vere vitne millom meg og deg, og millom mi ætt og di ætt, til æveleg tid!»» So reis David upp og gjekk sin veg. Og Jonatan gjekk heim att til byen.
Copyright information for NorSMB