1 Samuel 21

David kom til presten Ahimelek i Nob. Ahimelek vart forstøkt då han fekk sjå David, og spurde: «Kvifor kjem du eismall og hev inkje folk med deg?» David svara presten Ahimelek: «Kongen hev gjeve meg ei ærend, og han sagde med meg: «Ingen må vita noko um ærendi eg sender deg i og legg på deg.» Og sveinarne mine hev eg varsla å møta meg der dei veit. Gjev meg no det du hev for handi, fem brød, eller kva som finst!» Presten svara David: «Uvigt brød hev eg ikkje for handi; einast heilagt brød er her; berre sveinarne dine hev halde seg burte frå kvinnor.» David svara presten: «Ver trygg! kvinnor hev vore langt burte frå oss alt sidan fyrre dagen. Då eg drog av stad, hadde sveinarne mine helgar-likamar. Um ferdi vår er kvardagsleg, so er ho då helga ved likamen i dag.» So gav presten honom heilagt brød; det fanst ikkje anna brød enn skodebrødi som hadde lege framfor Herren, og som no var burttekne att, då nytt brød var framlagt same dagen det gamle vart burtteke. Den dagen var det ein av Sauls tenarar der, som heldt seg inne framfor Herren, ein edomit, heitte Doeg, som var Sauls yverhyrding. David spurde Ahimelek: «Hev du ikkje noko spjot eller sverd her hjå deg? Korkje sverdet mitt eller dei hine våpni tok eg med meg, då kongsærendi kom so brått på.» Presten svara: «Jau, det sverdet som filistaren Goliat åtte, han som du felte i Eikedalen; det ligg sveipt i ei kappa attum messehakelen. Vil du hava det, so tak det! Noko anna hev eg ikkje.» «Det finst ikkje maken til det,» sagde David; «gjev meg det!» 10 David drog av og rømde same dagen for Saul, og kom til Akis, kongen i Gat. 11 Tenarane åt Akis sagde: «Er ikkje dette David, kongen i landet? Er det ikkje til æra for honom dei syng so når dei dansar: Tusund tynte Saul, David tie tusund?» 12 David lagde desse ordi på minne, og vart mykje rædd for Akis, kongen i Gat. 13 Difor lest han som han var galen, og tedde seg som ein dåre, då dei vilde taka fat på honom; han rita på dørarne i porten, og let siklet renna i skjegget. 14 Då sagde Akis med tenarane sine: «De ser då mannen hev mist vitet! Kvi fører de honom til meg? 15 Vantar det meg på vitløysor, sidan de førar denne mannen hit, so han skal te seg galen framfor meg? Kva hev han å gjera her i huset?»
Copyright information for NorSMB