1 Samuel 26

Folk frå Zif kom til Saul i Gibea og sagde: «Meiner du ikkje David held seg løynd på Hakilahøgdi, beint imot øydemarki!» Saul tok på veg ned til øydemarki Zif med tri tusund mann, utvalde or Israel, på leit etter David i Zifmarki. Saul lægra seg på Hakilahøgdi beint imot øydemarki, attmed vegen. David heldt seg då i øydemarki. Då han skyna at Saul var komen etter honom inn i øydemarki, sende han ut njosnarar, og fekk vita for visst at Saul var komen. So braut David upp og drog til den staden der Saul hadde lægra seg. David såg staden der Saul låg saman med herhovdingen, Abner Nersson. Saul låg i vognborgi, og folket hans var lægra rundt ikring honom. David tok til ords og spurde hetiten Ahimelek og Abisai Serujason, bror åt Joab: «Kven vil ganga med meg ned til Saul i lægret?» Abisai svara: «Eg gjeng med deg.» So kom David og Abisai nattars tid til herfolket der, og såg Saul låg og sov i vognborgi; med spjotet stunge i marki attmed hovudgjerdi. Abner og herfolket låg rundt ikring honom. Då sagde Abisai til David: «I dag hev Gud gjeve uvenen din i di hand! Lat meg no få renna spjotet gjenom honom ned i marki! Det gjer eg med ein einaste støyt, eg tarv ikkje gjeva honom fleire.» Men David svara: «Du fær ikkje gjeva honom mein! Kven hev strafflaust lagt hand på den Herren salva?» 10 «So sant Herren liver,» sagde David, «Herren lyt sjølv slå honom, eller avferdsdagen hans må koma på vanleg vis, eller han lyt få sin bane i krigen. 11 Aldri i verdi vil Herren at eg skal leggja hand på den Herren hev salva. Tak likevel spjotet attmed hovudgjerdi, og vatskrukka! Lat oss so ganga vår veg!» 12 David tok då spjotet og vatskrukka frå hovudgjerdi åt Saul, og so gjekk dei sin veg. Det var ingen som gådde og ingen som hådde, og ingen som vakna: Dei sov alle i hop. Herren hadde late ein tung svevn falla yver deim. 13 Då David var komen på hi sida, steig han fram på ein fjellknaus langt burte, so det var langt imillom deim. 14 Og David ropa til herfolket og til Abner Nersson: «Vil du ikkje svara, Abner?» Abner svara: «Kven er du som ropar til kongen?» 15 David ropa til Abner: «Du er då ein makelaus kar! I heile Israel finst ikkje maken! Korleis vaktar du kongen, din herre? Det hev vore einkvan inne og vilja gjera mein på kongen, herren din. 16 Det er ikkje vel gjort, det som du hev gjort. So sant Herren liver, de hadde fortent å lata livet, av di de ikkje hev vakt yver herren dykkar, honom som Herren salva. Sjå no etter: kvar er kongens spjot, og vatskrukka som stod attmed hovudgjerdi hans?» 17 Saul kjende att røysti hans David og sagde: «Det er då di røyst dette, David, son min!» David svara: «Ja, herre konge!» 18 Og han sagde: «Kvifor forfylgjer du, herre, tenaren din soleis? Kva hev eg då gjort? Kva vondt finst hjå meg? 19 Gjev du, herre konge, no vil høyra på tenaren din: Er det Herren som hev eggja deg imot meg, so lat honom få kjenna lukti av ei offergåva! Men er det manneborn som hev eggja deg, so vere dei bannstøytte av Herren, av di dei hev jaga meg burt, so eg no ikkje slå lag med Herrens eigen lyd! Det er som dei vil segja: «Far av og ten framande gudar!» 20 Og må ikkje no blodet mitt renna ut på marki langt frå Herrens åsyn, når Israels-kongen dreg ut på leit etter ei einsleg loppa, liksom ein veidar rapphøns på heiderne?» 21 Då sagde Saul: «Eg hev synda. Kom heim att, David, son min! Eg vil ikkje gjera deg noko ilt, etter du i dag hev halde livet mitt so dyrt. Sjå, eg hev fare uvisleg, eg hev bore meg reint gale åt.» 22 David svara og sagde: «Sjå her er spjotet, konge! Lat ein av sveinarne dine koma hit og henta det! 23 Og Herren skal løna kvar ein som er ærleg og trufast, soleis som eg var i dag; då Herren gav deg i mi hand og eg vilde ikkje leggja hand på den som Herren hev salva. 24 Difor: liksom eg hev halde ditt liv so høgt i dag, so skal Herren og halda mitt liv høgt, og han skal fria meg ut or all naud.» 25 Saul sagde med David: «Velsigna vere du, David, son min! Det du tek deg fyre, skal du ogso sanneleg magtast gjera.» So for David sin veg, og Saul drog heim att.
Copyright information for NorSMB