1 Samuel 6

Då Herrens kista hadde vore sju månader i Filistarlandet, kalla filistarane saman prestarne og spåmennerne sine, og spurde: «Kva skal me gjera med Guds kista? Seg oss korleis me skal sende henne heim att!» Dei svara: «Vil de senda burt kista åt Israels Gud, må de ikkje senda henne gåvelaus; de lyt bera sonoffer åt honom til vederlag; so vert de lækte, og det vil få vita kvifor handi hans ikkje hev vike frå dykk.» Dei spurde då: «Kva sonoffer skal me gjeva honom?» Dei svara: «Fem svullar av gull og fem myser av gull, like mange som filistarfyrstarne; for de hev alle vore ute for same plåga, fyrstarne dykkar ogso. De skal laga likner av svullarne dykkar og likner av mysene som legg landet i øyde, og soleis gjeva Israels Gud æra. Kann henda han då tek burt si tunge handi frå dykk, frå guden dykkar og frå landet dykkar. Kvifor skal de herda dykk til, liksom egyptarane og Farao gjorde? Laut dei ikkje sleppa Israel av stad, etter han hadde fare ille med deim? Tak no og gjer ei ny vogn, og tak tvo kyr som gjev suga og som aldri hev bore ok! So skal det setja deim for vogni, men taka frå deim kalvarne og lata deim vera heime. Tak so Herrens kista og set henne på vogni, og legg gulltyet som de gjev honom til sonoffer i ein kistel ved sida av henne, og send henne av garde soleis! So skal de sjå etter: tek ho vegen heim att til Bet-Semes; so er det han som hev valda oss all denne store ulukka. Men gjer ho ikkje det, veit me det er ikkje hans hand som hev slege oss; men ein vanlagnad som me hev vore ute fyre.» 10 Folket so gjorde: dei tok tvo kyr som gav suga, og sette deim for vogni, men kalvarne stengde dei inne heime. 11 Dei sette Herrens kista på vogni, og attmed henne kistelen med myserne av gull og liknerne av svullarne. 12 Og kyrne for beine vegen fram heilt til Bet-Semes. Dei heldt seg jamt til ålmannvegen, og gjekk i eitt rautande, og bøygde korkje til høgre eller vinstre. Og filistarfyrstarne fylgde etter, alt til landskilet ved Bet-Semes. 13 Bet-Semes-buarne var ute på kveitehausting i dalen. Då dei såg upp, gådde dei sambandskista; og dei vart fegne då dei såg henne. 14 Og då vogni kom inn på åkeren til ein Bet-Semes-bonde, Josva, stogga ho der. Der var ein stor stein. Og dei hogg sund treverket på vogni og ofra kyrne til brennoffer for Herren. 15 Levitarne tok og lyfte ned Herrens kista og kistelen som stod attmed, og som gulltyet var i, og sette deim på den store steinen. Bet-Semes-buarne ofra brennoffer og slagta slagtoffer til Herren den dagen. 16 Då dei fem filistarfyrstarne hadde skoda på dette, snudde dei heim att til Ekron same dagen. 17 Dette var dei gullsvullarne som filistarane gav i soningsgåva til Herren: ein for Asdod, ein for Gaza, ein for Askalon, ein for Gat, ein for Ekron. 18 Og myserne av gull var likso mange som alle filistarbyarne - både festningsbyar og landsbyar - under dei fem fyrstarne. Den store steinen der dei sette Herrens kista, er vitne um dette til no, på åkeren til Bet-Semes-bonden Josva. 19 Sume av folket i Bet-Semes fekk ogso sott, av di dei hadde skoda på Herrens kista: sytti mann av folket. Folket syrgde, av di Herren hadde gjort so stort mannefall millom folket. 20 Og Bet-Semes-buarne sagde: «Kven kann standa seg for Herren, den heilage Gud? og kven vil han no heimsøkja når han dreg upp frå oss?» 21 Dei sende bod til deim som budde i Kirjat-Jearim, og sagde: «Filistarane hev sendt heim att Herrens kista. Kom hit ned og før henne upp til dykk!»
Copyright information for NorSMB