1 Timothy 4

Men Anden segjer klårleg, at i dei komande tider skal sume falla frå trui og halda seg til dårande ånder og lærdomar av djevlar ved hykling av falske lærarar, som er brennemerkte i sitt eige samvit, som forbyd å gifta seg og påbyd å halda seg frå mat, som Gud hev skapt til å verta motteken med takk av deim som trur og hev lært sanningi å kjenna. For all Guds skapning er god, og inkje er til å vanda, når det vert motteke med takk; for det vert helga med Guds ord og bøn. Når du lærer brørne dette, so er du ein god Jesu Kristi tenar, med di du vert uppfødd med ordi av trui og den gode lærdomen som du hev fylgt. Men haldt deg frå dei vanheilage og kjerringslege eventyr, men tem deg derimot upp i gudlegdom! For den likamlege tamen er gagnleg til lite, men gudlegdom er gagnleg til alt; med di han hev lovnad for det livet som no er og for det som kjem. Det ord er sant og all fagning verdt. 10 For difor både arbeider me og lid hæding, for di me hev sett vår von til den livande Gud, som er frelsar for alle menneskje, mest dei truande. 11 Dette skal du bjoda og læra. 12 Lat ingen vanvyrda deg for din ungdom, men ver eit fyredøme for dei truande i tale, i ferd, i kjærleik, i tru, i reinleik! 13 Til dess eg kjem, so legg vinn på fyrelesnaden, på påminningi, på læra! 14 Vanskøyt ikkje den nådegåva som er i deg, som vart gjevi deg ved profetord med handpåleggjing av dei eldste! 15 Tenk på dette, liv i dette, so din framgang kann vera kunnig for alle! 16 Gjev agt på deg sjølv og på læra, haldt ved med det! for når du det gjer, skal du frelsa både deg sjølv og deim som høyrer deg.
Copyright information for NorSMB