1 Timothy 5

Tala ikkje hardt til ein gamall mann, men påminn honom som ein far, unge menner som brør, gamle kvinnor som møder, unge som syster i all reinleik! Heidra enkjor som verkeleg er enkjor! Men um ei enkja hev born eller barneborn, so lat deim fyrst læra å visa eit gudlegt huglag imot sitt eige hus og gjeva sine foreldre vederlag, for det er tekkjelegt for Guds åsyn. Men den som verkeleg er enkja og einsleg vorti, ho hev sett si von til Gud og held ved i bøn og påkalling natt og dag; men den som liver etter lysterne sine, er livande daud. Og dette skal du bjoda, so dei må vera ulastelege! Men um nokon ikkje hev umsut for sine eigne og mest for sine husfolk, han hev forneitta trui og er verre enn ein vantruande. Ei enkja kann verta vald, når ho ikkje er yngre enn seksti år, um ho hev vore ein manns kona, 10 hev vitnemål for gode gjerningar, hev fostra upp born, hev vist gjestmilda, hev tvætta føterne til dei heilage, hev vore dei naudtrengde til hjelp, hev lagt vinn på all god gjerning. 11 Men vis dei unge enkjor frå deg! for når dei av kjøtleg hug svik Kristus, so vil dei gifta seg, 12 og hev dermed den dom at dei hev brote si fyrste tru. 13 Men attåt dette lærer dei og å ganga yrkjelause og fare ikring i husi, og ikkje berre yrkjelause, men og med drøsor og gagnløysa, med di dei fer med ulikleg tale. 14 Eg vil difor at unge enkjor skal gifta seg, føda born, styra huset, ikkje gjeva motstandaren tilhøve til lastord. 15 For sume hev alt vendt seg burt etter Satan. 16 Dersom nokon truande mann eller kvinna hev enkjor, so syta dei for deim, og lata ikkje kyrkjelyden verta tyngd, so han kann syta for dei verkelege enkjor! 17 Dei eldste som er gode forstandarar, skal ein halda tvifald æra verde, mest deim som arbeider i tale og læra; 18 for Skrifti segjer: «Du skal ikkje leggja muleband på ein ukse som treskjer!» og «Ein arbeidsmann er si løn verd.» 19 Tak ikkje imot noko klagemål mot ein eldste utan etter tvo eller tri vitne! 20 Deim som syndar, skal du refsa so alle høyrer på, so at og dei andre kann hava otte. 21 Eg vitnar for Gud og Kristus Jesus og dei utvalde englar, at du skal taka vare på dette utan fordom, so du ikkje gjer noko av godtykkje. 22 Ver ikkje snar til å leggja henderne på nokon, gjer deg ikkje medskuldig i framande synder! Haldt deg sjølv rein! 23 Drikk ikkje lenger berre vatn, men nøyt lite grand vin for magen din og dine jamlege sjukdomar! 24 Hjå nokre menneskje er synderne openberre og kjem i fyrevegen for deim til dom; men hjå andre fylgjer dei etter. 25 Like eins er dei gode gjerningarne openberre; og dei som det ikkje er so med, kann ikkje verta dulde like vel.
Copyright information for NorSMB