1 Timothy 6

So mange som er trælar under oket, skal halda herrarne sine all æra verde, so ikkje Guds namn og læra skal verta spotta. Men dei som hev truande herrar, skal ikkje vanmæta deim for di dei er brør, men skal so mykje heller gjera si tenesta, av di dei som tek imot velgjerningi av deim, er truande og elska. Dette skal du læra og påminna um. Dersom nokon lærer framand læra og ikkje held seg til vår Herre Jesu Kristi heilsame ord og den læra som høver til gudlegdom, so er han ovmodig, endå han ingen ting skynar, men er sjuk for stridsspursmål og ordkivsmål, som det kjem ovund av og trætta, spotting, vond mistru, stendig krangling millom menneskje som er øydelagde i hugen og skilde med sanningi, dei som held gudlegdomen for ein veg til vinning. Ja, gudlegdom saman med nøgsemd er ei stor vinning; for me hev ikkje havt noko med oss til verdi, det er då audsynt at me ikkje heller kann føra noko med oss derifrå; men når me hev føda og klæde, skal me vera nøgde med det. Men dei som vil verta rike, fell i freisting og snara og mange dårlege og skadelege lyster, som søkkjer menneski ned i undergang og fortaping. 10 For pengehugen er ei rot til alt vondt; av trådom deretter hev sume fare vilt frå trui og hev gjenomstunge seg sjølve med mange pinslor. 11 Men du, Guds menneskje, fly frå desse ting! Men trå etter rettferd, gudlegdom, tru, kjærleik, tolmod, spaklynde! 12 Strid den gode striden i trui! grip det ævelege liv, som du vart kalla til og bar fram den gode vedkjenningi for mange vitne! 13 Eg byd deg for Gud, som gjev alle ting liv, og for Kristus Jesus, som vitna den gode vedkjenning for Pontius Pilatus, 14 at du skal halda bodet uflekka og ulastelegt til vår Herre Jesu Kristi openberring, 15 som den sæle og einaste megtige Herre skal visa oss i si tid, han som er kongen yver kongarne og herren yver herrarne, 16 han som åleine hev udøyelegdom, som bur i eit ljos som ingen kann koma til, som inkje menneskje hev set eller kann sjå; han hev æra og æveleg magt! Amen. 17 Bjod deim som er rike i den noverande verdi, at dei ikkje skal ovmoda seg eller setja si von til den uvisse rikdomen, men til Gud, som gjev oss rikleg alle ting å njota; 18 at dei skal gjera godt, vera rike på gode gjerningar, gjevmilde, velgjerdsame, 19 so dei legg seg upp ein god grunnvoll for den komande tid, so dei kann gripa det sanne liv. 20 Du, Timoteus, tak vare på det som er nedlagt hjå deg, og vend deg frå det vanheilage tome svall og dei motsegner av den kunnskap, som falskeleg vert kalla so, 21 som sume vedkjenner seg og hev fare vilt i trui! Nåden vere med deg!
Copyright information for NorSMB