2 Chronicles 12

Men då Rehabeam hadde grunnfest kongedømet sitt og kjende seg sterk, då vende han seg frå Herrens lov, og heile Israel med honom. Då drog egyptarkongen Sisak upp mot Jerusalem i femte styringsåret åt Rehabeam, for di dei hadde vore utrue mot Herren; han kom med tolv hundrad krigsvogner, seksti tusund hestfolk, og ingen kunde rekna det folket som drog med honom frå Egyptarland, Libya-menner, sukkitar og ætiopar. Og då han hadde teke dei faste borgarne i Juda, drog han mot Jerusalem. Då kom profeten Semaja til Rehabeam og hovdingarne i Juda, som hadde søkt til Jerusalem for Sisak, og han sagde til deim: «So segjer Herren: «De hev vendt dykk ifrå meg, difor hev eg vendt meg ifrå dykk og gjeve dykk i handi på Sisak.»» Men hovdingarne i Israel og kongen audmykte seg og sagde: «Herren er rettferdig.» Og då Herren såg at dei hadde audmykt seg, kom Herrens ord til Semaja soleis: «For di dei hev audmykt seg, vil eg ikkje tyna deim, men gjeva deim ei snaud frelsa, so at vreiden min ikkje strøymer ut yver Jerusalem ved Sisak. Men dei skal verta hans tenarar og læra å kjenna skilnaden på det å tena meg og tena kongeriki i heidningelandi.» Då drog Sisak upp imot Jerusalem og tok skattarne i Herrens hus og skattarne i huset åt kongen; alt tok han, og han tok og dei gullskjoldarne som Salomo hadde lata gjere. 10 I staden for deim let då kong Rehabeam gjera koparskjoldar og gav deim i varveitsla til hovdingarne for livvakti, som heldt vakt ved inngangen til huset åt kongen. 11 Og kvar gong kongen gjekk til Herrens hus, bar vaktmennerne deim, og tok deim so attende til vaktstova. 12 Men då han hadde audmykt seg, snudde Herrens vreide seg ifrå honom, so han vart ikkje reint tynt; det fanst då noko godt og i Juda. 13 Soleis vart kong Rehabeam grunnfest i Jerusalem, og han heldt fram med styringi; for Rehabeam var ein og fyrti år gamall då han vart konge, og han styrde i syttan år i Jerusalem, den byen som Herren hadde valt seg ut av alle ætterne i Israel til å setja namnet sitt der. Mor hans var ei ammonitkvinna som heitte Na’ama. 14 Han gjorde det som vondt var; for han lagde ikkje hugen sin på å søkja Herren. 15 Det som er å fortelja um Rehabeam frå fyrste til sist, det er uppskrive i krønikorne åt profeten Semaja og sjåaren Iddo, der som ættartali er upprekna. Millom Rehabeam og Jeroboam var det ufred stødt. 16 Og Rehabeam lagde seg til kvile hjå federne sine, og Abia, son hans, vart konge i staden hans.
Copyright information for NorSMB