2 Chronicles 15

Då kom Guds Ande yver Azarja Odedsson, og han steig fram for Asa og sagde til honom: «Høyr på meg, Asa og heile Juda og Benjamin! Herren er med dykk når de er med honom, og når de søkjer honom, då let han dykk finna seg; men um de vender dykk frå honom, då vender han seg frå dykk. I lange tider var Israel utan sann Gud, utan prest som lærde deim, og utan lov. Men i trengsla si umvende dei seg til Herren, Israels Gud, og søkte honom, og han let deim finna seg. I dei tider kunde ingen draga uskadd ut eller heim, for det var stor røra millom alle som budde i landi. Då vart dei sundstøytte, folk mot folk og by mot by; for Gud skræmde deim med alle slag trengslor. Men ver de frihuga og lat ikkje henderne siga; for dykkar verk skal få si løn!» Då Asa høyrde desse ordi og den spådomen som Azarja, son åt Oded, sagde fram, då tok han mod til seg og fekk burt dei ufysne styggetingi frå heile Judalandet og Benjaminslandet og frå dei byarne han hadde teke på Efraimsheidi; og han sette i stand Herrens altar framfyre Herrens forhall. So stemnde han saman heile Juda og Benjamin og deim ifrå Efraim, Manasse og Simeon som budde hjå deim; for ei mengd ifrå Israel hadde gjenge yver til honom då dei såg at Herren, hans Gud, var med honom. 10 Dei samla seg då i Jerusalem i den tridje månaden i det femtande styringsåret åt Asa. 11 Og den dagen slagta dei offer for Herren av det herfanget dei hadde ført med seg, sju hundrad stykke storfe og sju tusund stykke småfe. 12 Og dei gjorde ei pakt um at dei vilde søkja Herren, sin fedregud, av alt sitt hjarta og heile si sjæl, 13 og at kvar den som ikkje søkte Herren, Israels Gud, han skulde lata livet, anten han var liten eller stor, mann eller kvinna. 14 Soleis gav dei Herren eiden sin med høg røyst og med fagnadrop og med ljom av lurar og horn, 15 og heile Juda gledde seg yver den eiden, for dei hadde svore med heile sitt hjarta og søkte honom med all sin vilje; Og Herren let deim finna seg og gav landet fred til alle sidor. 16 Og jamvel Ma’aka, mor si, sette kong Asa av frå hennar dronningrang, av di ho hadde gjort eit styggjelegt bilæte for Astarte; han hogg ned det stygge bilætet, slo det i smulder og brende det i Kidronsdalen. 17 Men offerhaugarne fekk dei ikkje burt ifrå Israel; men like vel var hjarta til Asa heilstøypt so lenge han livde. 18 Heilaggåvorne åt far sin og heilaggåvorne sine eigne flutte han inn i Guds hus, sylv og gull og ymse ting. 19 Det vart ingen ufred fyrr i det fem og trettiande styringsåret åt Asa.
Copyright information for NorSMB