2 Chronicles 2

Salomo sette seg fyre at han vilde byggja eit hus for Herrens namn og eit hus for sitt kongedøme. Difor tok han ut sytti tusund berarar og åtteti tusund steinhoggarar på fjelli og tri tusund og seks hundrad til å hava tilsyn med deim. So sende han dette bodet til Huram, kongen i Tyrus: «Liksom du gjorde med David, far min, då du sende honom cedertre til å byggja seg eit hus som han kunde bu i. Eg skal no til å byggja eit hus for namnet åt Herren, min Gud, og vil vigja det til honom soleis at ein der kann kveikja finangande røykjelse, leggja fram dei daglege skodebrødi og ofra brennoffer morgon og kveld, på kviledagarne, nymånedagarne og høgtiderne åt Herren vår Gud; for det er skyldnaden åt Israel til æveleg tid. Det huset som eg vil byggja, skal vera stort; for vår Gud er større enn alle gudar. Kven magtast å byggja honom eit hus? For jamvel himlarne og himle-himlarne kann ikkje røma honom. Og kven er eg, at eg skulde byggja honom eit hus, um det ikkje vore for å kveikja offereld for hans åsyn! So send meg då ein kunnig mann som er hag til å arbeida i gull og sylv og kopar og jarn og i purpurraudt og karmesinraudt og purpurblått garn, og som kann med utskurd, saman med dei kunnige folk som eg hev her i Judalandet og Jerusalem, og som far min hev tinga. Og send meg cedertre, cypresstre og algummimtre frå Libanon; for eg veit at folki dine er dugelege til å hogga tre på Libanon; og folki mine skal vera med dine folk. Lat meg få mykje trevyrke; for huset som eg vil byggja, skal vera stort og underfullt. 10 Til upphelde for dei timberhoggarane som høgg trei, og som er dine folk, vil eg gjeva seksti tusund tunnor kveite, seksti tusund tunnor bygg, tjuge tusund anker vin og tjuge tusund anker olje.» 11 Huram, kongen i Tyrus, svara i eit brev som han sende Salomo: «For di Herren elskar folket sitt, hev han sett deg til konge yver deim.» 12 Og Huram sagde framleides: «Lova vere Herren, Israels Gud, som hev skapt himmelen og jordi, han som hev gjeve kong David ein vis son, som hev vit og skyn til å byggja eit hus for Herren og eit hus for sitt kongedøme. 13 No sender eg deg ein vis mann med godt skyn, Huram, far min. 14 Han er son åt ei kvinna av Dans-ætti, men far hans var ein mann frå Tyrus; han er hæv til å arbeida i gull og sylv, i kopar og jarn og stein og tre, i purpurraudt og purpurblått og kvitt og karmesinraudt garn, til å skjera allslag utskurd, og skapa alle dei kunstverk som han fær til fyreloga, saman med kunstnarane dine og kunstnarane åt min herre David, far din. 15 Difor kann min herre senda trælarne sine kveiten og bygget, oljen og vinen som du hev tala um. 16 So vil me hogga so mange tre på Libanon som dei hev bruk for, og senda deim på timberflotar yver havet til Jafo; so fær du sjølv henta deim upp til Jerusalem.» 17 Salomo let då rekna upp alle dei framande mennerne som budde i Israels land, etter den teljingi som David, far hans, hadde gjort; og dei kom til at det var hundrad og tri og femti tusund og seks hundrad. 18 Av deim gjorde han sytti tusund til berarar, åtteti tusund til steinhoggarar på fjelli og tri tusund og seks hundrad til formenner som skulde halda folket i arbeid.
Copyright information for NorSMB