2 Chronicles 23

Men i det sjuande året tok Jojada mod til seg og gjorde eit samband med hundradhovdingarne Azarja Jerohamsson og Ismael Johanansson og Azarja Obedsson og Ma’aseja Adajason og Elisafat Zikrison. Dei drog ikring i Juda og samla levitarne i hop frå alle Juda-byarne og ættarhovdingarne i Israel, og so for dei til Jerusalem. So gjorde heile lyden eit samband i Guds hus med kongen, og han sagde til deim: «Kongssonen der skal vera konge, soleis som Herren hev sagt um Davids søner. Og soleis skal det bera dykk åt: Den eine tridjeparten av dykk, dei prestarne og levitarne som tek vakthaldet på kviledagen, dei skal standa vakt ved dørstokkarne, og den andre tridjeparten skal standa i kongsgarden, og den tridje i Grunnporten, men alt folket i tuni ved Herrens hus. Men ingen må koma inn i Herrens hus so nær som prestarne og dei utav levitarne som gjer tenesta; dei kann ganga inn der; for dei er heilage. Men det andre folket skal halda seg etter Herrens fyresegner. So skal levitarne gjera manngard rundt ikring kongen, kvar mann med våpn i hand. Kvar den som kjem innåt huset, skal hoggast ned; og soleis skal de vera ikring kongen når han gjeng ut, og når han gjeng inn.» Levitarne og alle Juda-mennerne gjorde no plent det som presten Jojada baud deim; kvar og ein tok sine folk, både deim som skulde taka ved vakti um kviledagen og deim som skulde ganga frå um kviledagen; for presten Jojada gav ikkje skifti heimlov. Og presten Jojada gav hundradhovdingarne dei spjoti og dei små skjoldarne og store skjoldarne som kong David hadde ått, og som var i Guds hus. 10 Deretter stelte han upp heile folket, kvar med sitt våpn i hand, ifrå sudsida til nordsida på huset, burt til altaret og derifrå til huset att i manngard kring kongen. 11 Og dei leidde ut kongssonen, sette kruna på honom og gav honom lovi og gjorde honom til konge; og Jojada og sønerne hans salva honom og ropa: «Live kongen!» 12 Men Atalja høyrde ståket ifrå folket, som sprang og hyllte kongen, og ho gjekk av stad til folket i Herrens hus. 13 Og då ho såg kongen stod på tramen sin ved inngangen og hovdingarne og lurblåsarane hjå kongen, og heile landslyden som gledde seg og bles i lurarne, og songarane med speli sine, som leidde fagnadropi, då reiv Atalja sund klædi sine og ropa: «Samansverjing! samansverjing!» 14 Men presten Jojada baud hundradhovdingarne, som var hovudsmenner yver heren, at dei skulde føra henne ut millom rekkjorne og hogga ned kvar den som vilde fylgja henne. «For de må ikkje drepa henne i Herrens hus,» sagde presten. 15 Då tok dei henne og førde henne dit det Hesteporten føre inn til kongsgarden, og der drap dei henne. 16 Men Jojada gjorde ei pakt millom seg, heile folket og kongen, at dei skulde vera eit Herrens folk. 17 Og alt folket drog til Ba’als-huset og braut det ned; altari og bilæti øydelagde dei reint, og Ba’als-presten Mattan drap dei framanfor altari. 18 So sette Jojada tilsyn i Herrens hus og gav det yver til dei levitiske prestarne, som David hadde tiletla Herrens hus, - til å ofra Herrens brennoffer, som det er skrive i Moselovi, med fagnad og song etter skipnad frå David. 19 Og han sette dørvaktarar ved portarne til Herrens hus, so ingen skulde ganga inn i det som var urein på einkvar måten. 20 Og han tok hundradhovdingarne og dei fornæme og dei megtigaste bland folket og heile landslyden og førde kongen ned frå Herrens hus. Og dei gjekk gjenom den øvre porten til huset åt kongen og sette kongen i kongsstolen. 21 Då gledde heile landslyden seg, og byen kom til ro; men Atalja hadde dei drepe med sverd.
Copyright information for NorSMB