2 Chronicles 26

So tok heile folket i Juda Uzzia og gjorde honom til konge i staden for Amasja, far hans; han var sekstan år gamall. Det var han som bygde Elot og lagde det under Juda att, då kongen hadde lagt seg til kvile hjå federne sine. Sekstan år gamall var Uzzia då han vart konge, og tvo og femti år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Jekilja og var frå Jerusalem. Han gjorde det som rett var i Herrens augo, plent som Amasja, far hans, hadde gjort. Han heldt ved med å søkja Gud so lenge Zakarja livde, han som skyna Guds syner. Og so lenge som han held seg til Herren, gav Gud honom lukka. Han gjorde ei herferd imot filistarane og reiv ned bymurarne i Gat, Jabne og Asdod og bygde byar i Asdodbygderne og i Filistarlandet. Gud hjelpte honom mot filistarane og mot dei arabarane som bur i Gur-Ba’al og mot me’unitarne. Ammonitarne svara skatt til Uzzia, og gjetordet um honom nådde til Egyptarland; for han vart overlag megtig. Uzzia bygde tårn i Jerusalem ved Hyrneporten, Dalporten og murhyrna og vigfeste deim. 10 Framleides bygde han tårn på heidi og hogg ut mange brunnar, for han hadde store buskaper både i låglandet og på høgsletta, og han hadde jordbruks- og vinhage-arbeidarar i fjellbygdi og i fruktlandet, for han var ein ihuga jordbrukar. 11 Uzzia hadde ein krigsbudd her, som drog i herferd i flokkar etter teljing og mynstring ved riksskrivaren Je’uel og tilsynsmannen Ma’aseja og tilskipning av Hananja, som var ein av hovdingarne åt kongen. 12 Det fulle talet av dei ættarhovdingarne som var stridsføre, var tvo tusund og seks hundrad. 13 Under førarskapen deira stod det ein herstyrke på tri hundrad og sju tusund og fem hundrad våpnføre mann i full kraft til å hjelpa kongen mot fienden. 14 Uzzia budde heile heren med skjoldar, spjot, hjelmar, brynjor, bogar og slyngjesteinar. 15 I Jerusalem gjorde han kunstigt uttenkte maskinor; dei vart uppsette på tårni og murtindarne og sende ut piler og store steinar. Soleis nådde gjetordet hans vida ikring, for han vart hjelpt på ein underfull måte til han vart megtig. 16 Men då han var megtig vorten, vart hjarta hans ovmodigt, so han skjemde seg ut og gjorde urett mot Herren, sin Gud; han gjekk inn i Herrens hus og vilde kveikja røykjelse på røykjelsesaltaret. 17 Då gjekk presten Azarja etter honom, og med honom åtteti av Herrens prestar, djerve menner. 18 Dei steig fram mot kong Uzzia og sagde til honom: «Du hev ingen ting med å brenna røykjelse for Herren, Uzzia, men berre prestarne, sønerne åt Aron, som er vigde til å brenna røykjelse. Gakk ut or heilagdomen, for du hev forbrote deg, og det tener ikkje til æra for deg for Herren Gud.» 19 Uzzia stod med røykjelsesskåli i handi og skulde til å kveikja i røykjelsen, og han vart harm; men då vreiden hans bar laus imot prestarne, då slo spillsykja ut på panna hans, som han stod der framfyre prestarne attmed røykjelsesaltaret i Herrens hus. 20 Og då øvstepresten Azarja og alle prestarne snudde seg imot honom, såg dei at han var spillsjuk på panna. Då førde dei honom straks burt, og sjølv skunda han seg med å ganga ut, då Herren hadde slege honom. 21 Soleis vart kong Uzzia spillsjuk til sin døyande dag, og han budde i eit hus for seg sjølv i spillsykja si; for han var utestengd ifrå Herrens hus. Og Jotam, son hans, var drottsete, og heldt rettargang for folket i landet. 22 Det som elles er å fortelja um Uzzia frå fyrst til sist, hev profeten Jesaja, son åt Amos, skrive upp. 23 Og Uzzia lagde seg til kvile hjå federne sine, og dei gravla honom hjå federne hans på den marki der kongegravarne var; for dei kom i hug at han hadde vore spillsjuk. Og Jotam, son hans, vart konge i staden hans.
Copyright information for NorSMB