2 Chronicles 7

Då Salomo hadde slutta bøni si, for det eld ned frå himmelen og åt upp brennofferet og slagtofferi, og Herrens herlegdom fyllte huset. Prestane kunde ikkje ganga inn i Herrens hus, for di Herrens herlegdom fyllte Herrens hus. Og då alle Israels-borni såg korleis elden for ned og Herrens herlegdom kom yver huset, då kasta dei seg på kne i den steinlagde garden med andlitet mot jordi og tilbad og lova Herren, for han er god, og hans miskunn varer æveleg. Og kongen og heile folket og ofra slagtoffer for Herrens åsyn. Og kong Salomo ofra tvo og tjuge tusund stykke storfe og hundrad og tjuge tusund stykke småfe til slagtoffer, og soleis vigde kongen og heile folket Guds hus. Og prestarne stod på sine postar, og levitarne stod med Herrens spelgogner, som kong David hadde late gjera til å lova Herren for di hans miskunn varer æveleg, og dei førde fram Davids lovprisning, medan prestarne bles i lurarne midt imot deim, og heile Israel stod. Og Salomo vigde den midtre luten av tunet framfyre Herrens hus, for di han laut ofra brennoffer og feittstykki av takkofferi der; for koparaltaret som Salomo hadde gjort, kunde ikkje røma brennofferi, grjonofferi og feittstykki. På den tid høgtida Salomo helgi i sju dagar saman med heile Israel; det var ein ovstor møtelyd, like frå den staden der vegen gjeng til Hamat og til Egyptarlands-bekken. Og på den åttande dagen heldt dei ei stor samlingshøgtid; for dei høgtida altarvigsla i sju dagar og helgi i sju dagar. 10 Og på den tri og tjugande dagen i den sjuande månaden let han folket fara heim, glade og velnøgde yver alt det gode som Herren hadde gjort mot David, tenaren sin, og imot Salomo og imot Israel, folket sitt. 11 No var Salomo ferdig med å byggja Herrens hus og kongshuset; og alt det han hadde sett seg fyre at han vilde gjera med Herrens hus og sitt hus, det førde han til endes godt og vel. 12 Då synte Herren seg for Salomo um natti og sagde til honom: «Eg hev høyrt bøni di og valt meg denne staden til offerstad for meg. 13 Um eg let att himmelen, so regnet ikkje kjem, eller um eg byd engsprettorne å øyda landet, eller um eg sender farsott imot folket mitt, 14 og folket mitt, som er uppkalla etter namnet mitt, då bøygjer seg og bed og søkjer mi åsyn og vender um frå si vonde ferd, då vil eg høyra frå himmelen og tilgjeva syndi deira og lækja landet deira. 15 No skal augo mine vera opne og øyro mine agta på bøni på denne staden. 16 No hev eg valt ut og helga dette huset til at namnet mitt skal bu der til æveleg tid, og augo mine og hjarta mitt skal vera der alltid. 17 Um du no ferdast for mi åsyn soleis som David, far din, ferdast, so du gjer alt det som eg hev bode deg, og held lovorne og rettarne mine, 18 so vil eg halde uppe kongsstolen din, soleis som eg hev lova David, far din det, då eg sagde: «Aldri skal det vanta deg ein mann til å råda yver Israel.» 19 Men dersom de snur meg ryggen og svik loverne og bodi mine, som eg hev lagt fram for dykk, og gjeng av stad og dyrkar framande gudar og bed til deim, 20 då vil eg jaga dykk burt ifrå landet mitt, som eg hev gjeve dykk, og dette huset, som eg hev helga til mitt namn, det vil eg føykja burt ifrå mi åsyn og gjera det til eit ordtøke og ei spott millom alle folk. 21 Og yver dette huset, som var so høgreist, skal alle verta forfærde som gjeng framum det, når dei segjer: «Kvifor hev Herren fare soleis åt med dette landet og dette huset?» 22 då skal dei svara: «For di dei vende seg ifrå Herren, sin fedregud, som førde deim ut or Egyptarland, og heldt seg til andre gudar, og bad til deim og tente deim. Difor hev Herren late alt dette vonde koma yver deim.»»
Copyright information for NorSMB