2 Chronicles 8

Då no dei tjuge åri var ute som Salomo hadde bygt på Herrens hus og sitt hus, bygde Salomo upp dei byarne som Huram hadde late frå seg til honom, og let Israels-sønerne busetja seg i deim. So drog Salomo til Hamat-Soba og lagde det under sitt velde. Han bygde Tadmor og, i øydemarki, og alle dei forrådsbyarne som han bygde i Hamat. Sameleis bygde han Øvre Bet-Horon og Nedre Bet-Horon til festningar med murar, portar og portbommar, og Ba’alat og forrådsbyarne som Salomo hadde, alle vognbyarne og hestbyarne og alt det andre som Salomo hadde hug til å byggja i Jerusalem, på Libanon og i heile sitt rike. Alt det folket som fanst att av hetitarne, amoritarne, perizitarne, hevitarne og jebusitarne, som ikkje var av Israels-folket, av sønerne åt deim som hadde vorte att etter deim i landet, av di Israels-sønerne ikkje hadde gjort ende på deim, av deim var baud Salomo ut til pliktarbeid, og soleis hev det vore til den dag i dag. Men av Israels-sønerne gjorde Salomo ingen til arbeidstrælar, men dei vart herfolk, hovdingar for kjemporne hans og hovdingar yver stridsvognerne og hestfolket hans. 10 Av arbeidsfutar hadde kong Salomo tvo hundrad og femti, som rådde yver folket. 11 Dotter åt Farao førde kong Salomo frå Davidsbyen til det huset han hadde bygt åt henne; for han sagde: «Ingi kvinna må bu i huset åt David, Israels konge; for desse staderne er heilage, for dit hev Herrens kista kome.» 12 Den gongen ofra Salomo brennoffer til Herren på Herrens altar, som han hadde bygt framfyre forhalli. 13 Kvar dag ofra han dei offer som kravdest på den dagen etter bodet åt Moses, på kviledagarne, nymånedagarne og høgtiderne tri gonger for året: søtebrødhelgi, sjuvikehelgi og lauvhyttehelgi. 14 Og etter fyresegni åt David, far sin, sette han prestskifti til sine tenestor, og levitarne til sine tenestor, til å lovsyngja og ganga prestarne til handa etter som det turvest for kvar dag, og sameleis dørvaktarflokkarne kvar ved sine portar; for soleis hadde gudsmannen David bode. 15 Og ikkje i nokon måte veik dei ifrå det som kongen hadde bode um frå prestarne og levitarne eller skattkamri. 16 Soleis vart det utført heile Salomos verk, fyrst til den dagen grunnvollen vart lagd til Herrens hus, og sidan til det var fullført. Og so var då Herrens hus ferdigt. 17 Den gongen drog Salomo til Esjon-Geber og til Elot ved havstrandi i Edomlandet. 18 Og Huram sende skip og sjøvant mannskap til honom med folki sine, dei siglde til Ofir saman med folki åt Salomo, og derifrå henta dei elleve hundrad våger gull, som dei førde til kong Salomo.
Copyright information for NorSMB