2 Corinthians 5

For me veit, at um vår likams jordiske hus vert nedrive, so hev me ein bygnad av Gud, eit hus som ikkje er gjort med hender, ævelegt i himmelen. For ogso medan me er i dette huset, sukkar me, av di me stundar etter å verta yverklædde med vårt hus frå himmelen, so sant me skal verta funne påklædde, ikkje nakne. For me som er i denne hytta, sukkar under byrdi, av di me ikkje vil verta avklædde, men yverklædde, so det døyelege kann verta gløypt av livet. Men den som laga oss just til dette, er Gud, som og gav oss Anden til pant. Difor er me alltid frimodige, og veit, at so lenge me er heime i likamen, er me burte frå Herren; for me ferdast i tru, men ikkje i syn. Me er då frimodige og hyggjer oss meir til å koma burt frå likamen og koma heim til Herren. Difor, anten me er heime eller burte, set me vår æra i å vera honom til hugnad. 10 For me skal alle verta openberra for Kristi domstol, so kvar kann få att det som er verka ved likamen, etter det han hev gjort, anten godt eller vondt. 11 Då me soleis kjenner otten for Herren, prøver me å vinna menneskje, men for Gud er me openberre; eg vonar og å vera openberr for dykkar samvit. 12 Ikkje rosar me oss sjølve atter for dykk, men me gjev dykk høve til å rosa dykk av oss, so de kann hava noko å setja imot deim som rosar seg av det dei er i det ytre og ikkje i hjarta. 13 For um me er frå vitet, so er det for Gud, og um me er med sans og samling, so er det for dykk. 14 For Kristi kjærleik tvingar oss, 15 då me hev gjort upp med oss sjølve at ein døydde for alle, difor hev dei alle døytt. Og han døydde for alle, so dei som liver, ikkje lenger skal liva for seg sjølve, men for honom som døydde og stod upp att for deim. 16 Difor kjenner me heretter ikkje nokon etter kjøtet; um me og hev kjent Kristus etter kjøtet, so kjenner me honom no ikkje lenger soleis. 17 Difor, um nokon er i Kristus, so er han ein ny skapning; det gamle hev forgjengest, sjå, alt hev vorte nytt! 18 Men alt dette er av Gud, som forlikte oss med seg sjølv ved Kristus og gav oss forlikstenesta. 19 For i Kristus forlikte Gud verdi med seg sjølv, so han ikkje tilreknar deim misgjerningarne deira, og hev lagt forliksordet ned i oss. 20 So er me då sendebod i staden for Kristus, liksom Gud sjølv gav fyreteljing gjenom oss. Me bed i staden for Kristus: Lat dykk forlika med Gud! 21 Den som ikkje visste av synd, hev han gjort til synd for oss, so me skal verta rettferdige for Gud i honom.
Copyright information for NorSMB