2 Kings 16

I det syttande styringsåret åt Pekah Remaljason vart Ahaz Jotamsson konge i Juda. Tjuge år gamall var Ahaz då han vart konge, og sekstan år rådde han i Jerusalem. Han gjorde ikkje det som rett var for Herren, hans Gud, som David, far hans. Han gjekk i fotefari til Israels-kongarne, ja, han vigde jamvel son sin i elden, likt med dei avstyggjelege skikkarne hjå dei folki Herren hadde rudt ut for Israels-sønerne. Han ofra slagtoffer, brende røykjelse på haugarne og på bakkarne, og under kvart grønt tre. På den tid drog syrarkongen Resin og Israels-kongen Pekah Remaljason upp og vilde hertaka Jerusalem. Dei kringsette Ahaz, men vann ikkje taka byen. Samstundes vann syrarkongen Resin Elat attende til Syria. Då han hadde kasta Juda-folki ut or Elat, kom syrarfolk kom og busette seg der, og der bur dei den dag i dag. Ahaz sende bod til assyrarkongen Tiglat-Pileser med dei ordi: «Eg er din træl og din son. Kom upp, og frels meg frå syrarkongen og Israels-kongen, som hev teke på meg!» Ahaz tok det sylvet og gullet som fanst i Herrens hus og skattkammeret i kongsgarden og sende det til gåva åt assyrarkongen. Assyrarkongen lydde honom, og assyrarkongen drog upp mot Damaskus, hertok byen og førde folket burt til Kir; og Resin slo han i hel. 10 Kong Ahaz for til Damaskus til møtes med assyrarkongen Tiglat-Pileser. Då han fekk sjå altaret i Damaskus, sende kong Ahaz bilæte av altaret og eit fullkome mynster av det til presten Uria. 11 Og presten Uria bygde altaret; heilt etter den fyreskrift kong Ahaz hadde sendt frå Damaskus, soleis gjorde presten Uria det ferdigt, til dess kong Ahaz kom heim. 12 Då kongen kom heim frå Damaskus og fekk sjå altaret, gjekk han innåt, steig upp på det, 13 brende brennofferet og grjonofferet sitt, helte ut drykkofferet sitt og skvette blodet av takkofferi sine på altaret. 14 Men koparaltaret som stod framfor Herrens åsyn, flutte han frå staden sin framfyre huset, millom Herrens hus og det nye altaret, og sette det på nordsida av dette altaret. 15 Kong Ahaz baud presten Uria: «På storaltaret skal du brenna brennofferet um morgonen og grjonofferet um kvelden, kongens brennoffer og grjonoffer, og brennofferet for heile landslyden og grjonofferet deira og drykkofferet deira; alt blod av brennoffer og alt blod av slagtoffer skal du hella ut der. Kva eg vil gjera med koparaltaret, skal eg tenkja næmare etter.» 16 Presten Uria gjorde plent som kong Ahaz baud. 17 Kong Ahaz braut laus listerne på fotstykki og tok baljorne ned derifrå; havet lyfte han ned frå koparuksarne som stod under, og sette det på eit steingolv. 18 Kviledags-svalgangen som dei hadde bygt i huset, og den ytre konge-inngangen lagde han inn i Herrens hus for assyrarkongen skuld. 19 Det som elles er å fortelja um Ahaz, det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne. 20 Ahaz lagde seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd hjå federne sine i Davidsbyen. Og Hizkia, son hans, vart konge i staden hans.
Copyright information for NorSMB